Vestland er sterkt representert under energimessa ONS
– Petroleumsnæringa og leverandør- og konsulentbransjen er den suverent største eksport- og verdiskaparen i landet. Og ingen eksporterer meir enn Vestland.

Det sa fylkesordførar Jon Askeland då han opna vestlandspaviljongen under energimessa Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger i dag.
Vestland fylkeskommune har invitert verksemder i fylket til å delta på ein samla stand/paviljong for Vestland, for å synleggjere fylket og stå sterkare saman. I tillegg til fellesstanden har mange verksemder i fylket eigne stands på messa.
Dilemma
Fylkesordføraren slo fast at energinæringa er stor og viktig for Vestland, med mange innbyggjarar som er sysselsette i både sjølve næringa og i den tilknytte leverandør- og konsulentbransjen. Men han er også oppteken av klimaaspektet.
– Bransjen bidreg sterkt til klimautfordringane, men den norske bransjen er den grønaste og gjer stadig betringar. Dagens nyheitssak om fakling syner at det er noko å ta tak i. Likevel ville klimautsleppa frå petroleumssektoren vore større utan den norske produksjonen. Alt dette syner dilemmaet vi står i, sa Askeland.
Desse er med
ONS blir arrangert i Stavanger i august annakvart år og er ein av verdas største møteplassar for den internasjonale energibransjen. Fleire av politikarane i fylkestinget er til stades i Stavanger, og oppmodinga frå fylkesordføraren til verksemdene var klar:
– Takk for at de stiller her, vi håpar de får utbyte av dagane. Fylket er til dykkar disposisjon. Vi er interesserte i informasjon frå dykk, som vi kan jobbe vidare med. Om ønskeleg, bruk oss i kontaktar de har desse dagane. Vi har også booka møte med fleire sentrale aktørar for å snakke om viktige satsingar for oss, sa han.
Dette er nokre av verksemdene og aktørane som er del av vestlandspaviljongen på ONS i år:
- Fjord Base Gruppen
- Gjenkraft
- Kranproffen
- Physiq
- Pipeliner
- Wergeland Group
- Invest in Vestland
- Clampon
- Grøn region Vestland