Tre millionar kroner til VM i vektløfting i Førde

Verdsmeisterskapet i Sunnfjord i 2025 er eitt av fleire tiltak fylkestinget har løyvd pengar til.

Vektløftar gjer seg klar til å løfte tunge vekter. Berre hender, føter og vekter er synlege på bildet.
VEKTLØFTING: VM i vektløfting blir arrangert i Førde i oktober 2025 og får no tre millionar kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune. Meisterskapet går over ti konkurransedagar, og det kjem utøvarar frå om lag 120 nasjonar. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

I tillegg løyvde fylkestinget tilskot til desse arrangementa og organisasjonane under møtet i Ulvik 18. juni: 

  • Trond Mohn Games får 500 000 kr
  • Verdscup triatlon Bergen 2025 får 600 000 kr
  • Verdiseglas 2024 får 100 000 kr
  • Trial Worldcup Myrkdalen 2024 får 200 000 kr
  • Bergen Nasjonale Veteranskipshavn får 500 000 kr
  • Raftostiftelsen får 350 000 kr til eit forprosjekt

VM og verdscup 

– Her er fleire store og viktige arrangement for fylket vårt, som vi difor ønskjer å støtte. Særleg VM i vektløfting er eit arrangement som blir svært viktig for både tilreisande til og fastbuande i sunnfjordregionen. I tillegg gjev verdsmeisterskapet ringverknadar for næringslivet. Også verdscup i triatlon i Bergen er eit arrangement vi ser er viktig for å stimulere interesse, rekruttering og aktivitet på alle nivå og for alle aldrar, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Forprosjektet Raftostiftelsen får støtte til er etablering av eit internasjonalt senter for hav og menneskerettar. Forprosjektet skal blant anna sikre forankring og leggje ein plan for vidare finansiering før gjennomføring av eit hovudprosjekt for å få til eit slikt senter. 

Opne søknadar 

Fylkestinget vedtok løyvingane når dei behandla saker om opne søknadar til avdeling for næring, plan og innovasjon og avdeling for kultur og folkehelse. Dette er søknadar om økonomisk støtte, som ikkje fell inn under allereie etablerte tilskotsordningar i fylkeskommunen. 

Løyvingane fylkestinget vedtok blir finansierte med auka bruk av disposisjonsfond. 

Du kan lese meir detaljert om søknadane som får støtte i PS 46/24 Opne søknadar til avdeling for kultur og folkehelse og PS 47 Opne søknadar til avdeling for næring, plan og innovasjon på saklista til møtet i fylkestinget 18. og 19. juni.