Til topps i fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter
Miljøvennlege lamper og karriererettleiing stakk av med sigeren då ungdom frå heile fylket konkurrerte om prisen som beste ungdomsbedrift då fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter vart arrangert i Førde og i Bergen.

Ungt Entreprenørskap Vestland inviterte til fylkets store festdag for ung skaparkraft då fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter vart arrangerte på Førde vidaregåande skule 14. mars og Amalie Skram vidaregåande skule 20. mars. To vinnarar, ein frå Førde og ein frå Bergen, stakk av med gullbilettane til Norgesmeisterskap for ungdomsbedrifter i Lillestrøm.
Miljøvennlege lamper inspirert av Høyanger
Vinnaren av beste ungdomsbedrift i Førde vart HoyangLampa UB. Elevane ved Høyanger vidaregåande skule har utvikla tak- og bordlamper inspirert av Høyangers kommunevåpen og industri. Høyanger er kjent for aluminiumsproduksjonen sin, og ungdomsbedrifta ser på moglegheiter for å produsere lampa i aluminium. Per no blir lampene produsert av MDF plater laga av resirkulert tre.
Dette seier juryen om HoyangLampa UB: «Bedrifta har fokus på berekraft. Dei har eit godt produkt der dei har gjennomført både design, produksjon og sal lokalt. Prosessen har gitt dei godt læringsutbytte. Produktet kan potensielt nå ut på ein internasjonal marknad, og kan seiast å vere ein lys ide!».
HoyangLampa UB nøgde seg ikkje med prisen som beste ungdomsbedrift, i tillegg vann dei beste yrkesfaglege bedrift og beste videopitch, i tillegg til ein andre plass i beste salsbedrift.

Karriererettleiing i app
KarriereKlar UB vann prisen for Beste ungdomsbedrift i Bergen. Ungdomsbedrifta består av fire jenter frå Nordahl Grieg vidaregåande skule, som satsar på karriere- og studierettleiing med tett samarbeid med næringslivet. KarriereKlar UB skal gjennom ein app hjelpe elevar og studentar gjennom studieår og karriere. Appen tilbyr tenester der bedrifter kan publisere annonser for bachelor- og masteroppgåver, internships og stillingar. I tillegg skal dei følgje brukarane sine og matche dei med relevante bedrifter med same mål og verdiar som dei sjølve.
Dette seier juryen om KarriereKlar UB: «Ei svært ambisiøs ungdomsbedrift! Store utvidingsmoglegheiter innanfor karriereval og rettleiing for unge. Godt samarbeid med næringslivet inkludert Miles, Bouvet, Utdanning i Bergen, m.m. Bygget eigne nettsider og jobba mykje med apputvikling. Tydeleg femårsplan for utvikling av selskapet. Gjennomført svar og pitch.».

Gullbilett til NM
Fylkesmeisterskapen består av 12 ulike konkurransar. Blant anna konkurrerast det om beste videopitch, beste samarbeid med næringslivet, bærekraftprisen og den jamnaste prisen for beste ungdomsbedrift. I Vestland blir to vinnarar av denne prisen valt ut, ein for gamle Sogn og fjordane og ein for gamle Hordaland. Dei to vinnarane får ein gullbillett til Noregsmeisterskapen for ungdomsbedrifter 6.-7. mai i Lillestrøm. Vinnarane i alle konkurransane blir kåra av ei jury samansett av personar frå både næring og politikk.
12 000 elevar i Ungdomsbedrift
Ungdomsbedrift er eit program der elevar på vidaregåande opplæring får erfaring med å etablere, drive og avvikle sine eigne ungdomsbedrifter gjennom eitt skuleår. Kvart år gjennomfører ca. 12 000 elevar programmet på landsbasis, noko som utgjer 20 prosent av alle elevar i vidaregåande opplæring.
Les meir om Ungt Entreprenørskap og sjå vinnarane frå alle kategoriane her.