Ein synleg og usynleg «funkis»

Alexander Petersen rullar fram mot den altfor høge talarstolen. Han har ikkje lyst å halde innlegget sitt. Han skulle ønske han ikkje trengte.

Alexander Petersen får som regel ha rullestolplassen på kino for seg sjølv. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
Alexander Petersen får som regel ha rullestolplassen på kino for seg sjølv. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Sjølv i det nye Vestlandshuset, som skryter av å vere universelt utforma, er det utfordringar for ein i rullestol. Alexander er vant til det. Han synest det er slitsamt å føle på at han jobbar i år etter år med tilrettelegging for funksjonshemma. Alle er einige om at det må bli betre, men likevel står arbeidet stille.

— Mange plassar er ikkje er tilgjengelege for oss som sit i rullestol. Vi antar at plassar er utilgjengelege til det motsette er bevist, seier han.

«Kampane tar vi saman»

I Vestlandssalen snakka Alexander til ein full sal i det opne møtet om usynleggjering av menneske med funksjonsnedsettingar. Det gjorde også fylkesordførar Jon Askeland som fortalde om ein sambygding han beundrar, nemleg fleire gangar olympisk-gullmedaljevinnar Tommy Urhaug.

— Tommy hadde ikkje vore der han er i dag om ikkje Gro Borgund hadde stått ved hans side. Ho er den som har lagt grunnlag for paraidrett i Noreg. Ho jobba for paraidrett i ei tid då nemninga på menneske i rullestol var «vanføre».

— Tommy er eit forbilde, og han viser kva kraft det er i oss. Å ha eit handikap er fysisk synleg, mens psykisk uhelse er også er ein nedsett funksjonsevne. Eg veit ikkje kva dei menneska eg møter har med seg. Vi skal utvikle eit samfunn, og det skal vi gjere saman. Kampane tar vi samen. Det er livsviktig det som skjer her i dag, seier fylkesordføraren.

Fylkesordførar Jon Askeland og likestilling- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
Fylkesordførar Jon Askeland og likestilling- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Ikkje overraska

Når det er Alexander Petersen sin tur fortel han om korleis han og andre i rullestol ikkje har tilgang til ein god del av byrommet og kulturelle aktivitetar. Og når dei har tilgang, så er kanskje utfordringa å komme seg dit så stor, at mange lar vere.

— Eg er ihuga fan av kulturtilbod. Eg veit at rullestolplassen alltid er ledig når eg skal på kino. Og er den ikkje ledig, veit eg kven det er eg må krangle med om plassen.

Det er berre ein, maks to, rullestolplassar i kinosalane i Bergen. Og han som også trenger plassen og tilfeldigvis skal på kino same dag som Alexander, kjenner han godt. Han synest det er smått utruleg, men likevel ikkje overraskande, at ikkje fleire med rullestol er ute i kulturlivet eller i bybildet.

Livsviktig

Men det aller viktigaste for Alexander er brukarstyrt assistanse (BPA), som han meiner ikkje blir sett på som den livsviktige ressursen det er. 

— Skal eg vere den personen de ser meg som i dag, ein god venn og ein god son for forelda mine, så treng eg assistanse. BPA er ei god investering, men blir sett på som utgiftspost.

Det handlar ikkje berre om universell utforming og BPA, men også om følgefeil. Bergen Kjøtt har bygd om baren så menneske i rullestol kan bestille seg ein kaffi eller øl. Men busstoppet utanfor er eit av dei verste i Bergen, ifølge Alexander.

— Eg er ein av dei mest synlege «funkisane», men eg blir usynleggjort i samfunnet. Difor veit eg at rullestolplassen er ledig, fordi alle andre som kunne vore der, har så mange strukturelle barrierar som hindrar dei frå å komme seg på kino. Sjå på omgivnadane, og spør kvifor det ikkje er fleire funksjonshemma i bybildet.

— Trist

Likestillings- og diskriminseringsombod Bjørn Erik Thon er på turné, og skal møte mange organisasjonar medan han er i Bergen.

— Mange grupper fell utanfor i samfunnet vårt. Dei fell utanfor skule, utdanning, arbeid og politikk. Mange ender opp med ytingar frå det offentlege i staden for å vere skattebetalarar, og det er trist at det er sånn. Vår jobb er å jobbe for likestilling og mot diskriminering, seier ombodet.

«Til tross for»

Ein som kunne vore ein av dei Thon snakkar om er fylkespolitikar for Miljøpartiet dei grøne, Suzanne Rødseth. Ho er på folkemøtet fordi det personleg. Ho er autist, og ho er sint.

— Eg blir sint av å sjå urettferdigheit. Alt eg gjer er «til tross for». Eg begynte å studere, til tross for at eg strauk i elleve fag på vidaregåande. Eg fekk mastergrad til tross for manglande tilrettelegging. Eg fekk fast jobb til tross for ei anbefaling frå Nav om å bli ufør, seier ho.

Fylkestingspolitikar Suzanne Rødseth snakka om kampane ho har kjempa. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
Fylkestingspolitikar Suzanne Rødseth snakka om kampane ho har kjempa. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Politikaren fortel at det finst lite informasjon om mobbing av folk med nedsett funksjonsevne. Ho fann berre éin rapport. I den rapporten har fire av fem opplevd å bli mobba på barneskulen. Fire av ti på vidaregåande. Mange har fått krenkande kommentarar frå både elever og lærarar. 64 prosent av dei med nedsett funksjonsevne fullfører ikkje vidaregåande skule.

— Samfunnet taper penger og viktige bidrag med å ikkje inkludere menneske som har ei unik livserfaring.

Inkludering krev samarbeid

«Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland» og «Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping» er mål 3 og 4 i gjeldande utviklingsplan for Vestland.

God inkludering er ein føresetnad for å begge. Lokalsamfunna skal vere ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland. Dei skal vere inkluderande og sosialt berekraftige. Sosial berekraft handlar mellom anna om deltaking, fellesskap, tillit, og tryggleik, for alle innbyggarane, i alle fasar av livet. Inkluderingsarbeid krev samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunen, frivilligheita og regionale styresmakter.