Klart for One Ocean Week

Frå 13. til 19. april er det igjen klart for havveka One Ocean Week i Bergen. Her kan du oppleve eit mangfald av aktivitetar, debatt, foredrag, konferansar og folkefest.

foto av skuta Statsraad Lehmkuhl
MARITIM FOLKEFEST: Årets One Ocean Week startar med heimkomsten til Statsraad Lehmkuhl frå Shetland laurdag 13. april kl. 12.00. Då er festningskaien rigga til havfestival med gratisarrangement for alle. (Arkivfoto: Martin Magnussen, Vestland fylkeskommune)

Den andre utgåva av One Ocean Week mobiliserer både næringsliv, akademia, det offentlege og innbyggarar i Bergen og Vestland. I tillegg til eit rikt fagleg innhald, vil veka bli fylt med ei rekkje arrangement som er opne for alle.  

Samarbeid om havet 

– Noreg er i ei særstilling når det kjem til havforvaltning, og i regionen vår sit vi på unik kompetanse og eit unikt næringsliv. Vi ønskjer å skape løysingar for framtida og jobbe for at neste generasjon overtek eit hav som er i mykje betre stand enn i dag, seier fylkesordførar Jon Askeland, som også er styreleiar for One Ocean Havbyen Bergen. 

One Ocean Week er støtta av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, og er eit samarbeid mellom One Ocean Havbyen Bergen og nesten 80 partnarar frå offentleg forvaltning, næringsliv, forsking og utdanning på Vestlandet.  

– Bergen og Vestlandet har gjennom historia levd av og på havet. Vi har dermed kompetansen, ressursane og ansvaret for å vere ein del av løysingane framover. Under One Ocean Week inviterer vi heile byen til å delta, lære, dele kunnskap og engasjere seg for eit berekraftig hav, seier ordførar Marit Warncke. 

Føredrag, folkefest og konferansar 

Havveka byr på meir enn 150 små og store arrangement. Les meir, sjå programmet og finn arrangement du synest er spennande nettsidene til One Ocean Week.

Her er nokre smakebitar: 

  • 13. april klokka 12.00–16.00: Maritim laurdag og “Statsraaden kjem heim”. Det heile startar med heimkomsten til Statsraad Lehmkuhl frå Shetland laurdag 13. april kl. 12.00. Festningskaien er rigga til havfestival med “Maritim laurdag”. Her vert det vitenshow, lære om energiløysingar for framtida, du kan bli med på regatta, prøvekøyre elektriske båtar, gå om bord i opne skip, besøke sjømatteltet og mykje meir.  

  • 14. april klokka 12.00–16.00: Familiedag på Festningskaien. Bli med om bord på opne skip, besøk kulturscena eller gå på skattejakt i sjømatteltet.

  • 15. april: One Ocean Summit: Du kan følge internasjonalt toppmøte i Håkonshallen via strøyming. Statsminister Jonas Gahr Støre deltar på møtet der berekraftig hav er tema. Målet er å skape eit betre samspel mellom menneske og hav. Første del av møtet vil belyse globale utfordringar. Andre del tar for seg forvalting og moglegheiter i Nordsjøen. Du kan følgje strøyminga på nettsidene til Bergen kommune og Vestland fylkeskommune. Les meir om One Ocean Summit

  • 15. - 18. april: Velkommen om bord på Måløy VGS sitt nye opplæringsfartøy, MS Skulebas! Det finn du på Bryggen. Les meir om arrangement.
  • 17. april klokka 12.00–16.00: Kan systemindustrien løyse det grøne skiftet? GCE Ocean Technology og Grøn region Vestland inviterer til dialogmøte i Vestlandshuset for å utforske kva moglegheiter som ligg i å utnytte teknologien, erfaringa og kompetansen i systemindustrien og kva rammevilkår industrien treng for å kunne lykkast med framveksten av dei nye grøne verdikjedene. Les meir om arrangementet.

  • 17. april klokka 17.00–19.00: Møt De unges havpanel på Skoltegrunnskaien . Her vil unge stemmer frå heile verda utfordre dagens leiarar og beslutningstakarar. Les meir om arrangementet

  • 18. april klokka 11.00–16.30: Ocean Odyssey. Bli med ​​på ein vakker båttur frå Bradbenken for å møte andre sentrale nøkkelpersonar i havnæringane. På programmet står tema som havvind, Northern Lights og moglegheitene for å opne opp for berekraftig industriell utvikling i havnæringane. Les meir om arrangementet og meld deg på.