Skal styrke hydrogenkompetansen i Vestland

– Vi treng meir informasjon om kva for kompetanse våre arbeidarar treng. Dette prosjektet skal bidra til å bygge bru mellom behova i industrien og arbeidarane sin kompetanse, sa fylkesordførar Jon Askeland då startskotet for EU-prosjektet H2CoVE gjekk på Vestlandshuset.

Fylkesordføreren som holder tale i Vestlandssalen.
OPPSTART: Fylkesordførar Jon Askeland i Vestlandssalen under opningssamlinga for EU-prosjektet H2CoVE. Foto: Anbjørn Holme, Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune er prosjektleiar og koordinerer det europeiske samarbeidsprosjektet som skal styrke kompetansen innan hydrogen. Til saman 19 partnarar frå 5 land deltar, både utdanningsaktørar og representantar frå næringslivet. Partnarregionane i prosjektet, i tillegg til Vestland, er Nord-Nederland, Tyrol i Austerrike, Estland og regionen Precarpathian i Ukraina.

H2CoVE har fått 4 millionar euro (45 millionar kroner) frå Erasmus+-programmet for livslang læring. Det skal bidra til å realisere og oppskalere verdikjeda for hydrogen i Vestland. Det overordna målet for prosjektet er å sikre at arbeidstakarar har rett og naudsynt fagkompetanse innanfor desse nye verdikjedene for hydrogen.

Leier prosjektet i Vestland

Det er Høgskulen på Vestlandet som leier den regionale delen av prosjektet i Vestland. I den regionale partnarskapen er både utdanningsaktørar og næringslivet representert. Fagskulen i Vestland, Sustainable Energy norsk katapult senter Stord og Saga Fjordbase Holding AS er med.

– Samarbeid og kompetanse er nøkkelen til realisering av verdikjeda for hydrogenproduksjon. Vi må samarbeide innanfor og utanfor landegrensene for å lukkast. Nett difor er det bra at Vestlandet har fått tilslag på dette prosjektet, sa rektor ved Høgskulen på Vestlandet Gunnar Yttri.

Portrett av rektor på Høgskolen på Vestlandet.
REGIONALT PROSJEKT: Høgskulen på Vestlandet leier den regionale delen av H2CoVE-prosjektet i Vestland. Rektor Gunnar Yttri deltok på opningsarrangementet. Foto: Anbjørn Holme, Vestland fylkeskommune.

Viktig med statlege incentiv

Vestland skal på lik linje med dei andre europeiske partnarregionane bygge eit regionalt økosystem for hydrogen og setje i verk tiltak for å utvikle naudsynt hydrogenkompetanse. Det er viktig at styresmaktene legg til rette for utvikling av riktig incentiv for at næringslivet kan og vil investere i hydrogen. Kompetente arbeidstakarar er ein føresetnad for å få dette til.

Klimautfordringar tvingar oss til å finne nye energikjelder og å gjere næringslivet i stand til å lukkast med dette. Å utvikle rett kompetanse er viktig. I H2CoVE-prosjektet skal det mellom anna lagast kompetansekart som skal konkretisere kva for type kompetanse det er behov for til aktuelle yrke innan hydrogen.

– Utviklinga av hydrogenverdikjedene i Europa blir anslått å skape om lag ein million arbeidsplassar innan 2030 og opptil 5 millioner innan 2050. Desse jobbane vil kreve høgt kvalifiserte arbeidarar, sa Askeland. 

Vestland fylke har flest hydrogenprosjekt under utvikling i Norge ifølge ei undersøking frå 2022.

Kuttar utslepp

Hydrogen er på veg til å bli tatt i bruk til både kraft-, varme- og transportsystem i heile verda, også i Norge. I fjor melde regjeringa at Noreg og Tyskland har ein felles intensjon om å få på plass storskala leveransar av hydrogen frå Noreg til Tyskland innan 2030. Hydrogen gjer det for eksempel mogleg å utvikle miljøvenlege transportløysingar utan utslepp av klimagassar.

Betre undervising

Prosjektet H2CoVE har som mål å involvere 800 interessentar frå bedriftene i prosjektet, i tillegg til 150 lærarar på ulike yrkesnivå som skal delta i «Train-the-Trainer» program. Dette handlar om å gjere dei som underviser betre i jobben sin. Prosjektet skal gi etter- og vidareutdanningstilbod til tusen arbeidstakarar, og levere konkrete problemstillingar som utgangspunkt for studentkonkurransar (totalt 140 deltakarar) og minimum 12 prosjekt-, bachelor- og/eller masteroppgåver.

Gruppebilde av prosjektdeltakere.
SAMLA: På samlinga i Bergen møttest førti deltakarar i prosjektet for første gong for å samarbeide. Foto: Anbjørn Holme, Vestland fylkeskommune.

Yrkesfagleg utdanning

Midlane til H2CoVE-prosjektet frå EU kjem frå utlysinga «Europeiske senter for framifrå yrkesutdanning». Yrkesutdanning inneber her både utdanning frå fagutdanning i vidaregåande opplæring, fagskuleutdanning og heilt opp til bachelor og masterutdanning, men med ei yrkesretta tilnærming.

På samlinga i Bergen møttest førti deltakarar i prosjektet for første gong for å samarbeide. Spesielt for dette prosjektet er at ein av samarbeidspartnarane er frå Ukraina, ettersom det er eit land i krig.