Sandviksbodene 12–24 i Bergen er freda
– Trehusrekkene langs sjøen i Bergen er kjende over heile verda, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Og no kjem altså fleire av dei på lista over dei som ikkje berre er kjende, men også freda. Fredinga vart markert i Sandviksbodene 24 torsdag 16. mai.
Buer og naust frå 1600-talet og framover
– I Bergen kjem ein tett på den historiske kystkulturen. Sjøbuene og kystkulturen er framleis ein viktig del av bybilete og byutviklinga i byen, og Bergen har alltid vore gode på å ta kulturarven med seg inn i framtida, seier riksantikvaren.
Sandviksbodene 12–24 utgjer eit miljø av sjøbuer i fire grupper av buer og naust i Sandviken i Bergen. Dei er bygde mellom ca. 1672 og 1892.

– Sjøbuene var fleirbrukshus før dette vart nytta som omgrep. Dei var pakkhus for handelsvarer, som korn og salt, men har òg vore brukte i samband med framstilling av tørrfisk, klippfisk, tran og rogn. Her har seglmakarar, bøkkarar og blokkmakarar hatt tilhald, og nokre av bygningane har vore nytta som naust, til lagring av båtar og anna utstyr, seier Geiran.
Sentrum for internasjonal handel
Sjøhusa i Sandviken og andre stadar i Bergen er nært knytte til den historiske rolla byen hadde som internasjonalt handelssentrum. Bergen har vore knutepunktet i det nordeuropeiske handelsnettverket i mange hundre år, og dette har vore det økonomiske grunnlaget for byen.
– Bergensarane og vestlendingane har alltid hatt beina planta her vest, men med blikket mot verda. Med Bergen som eit viktig handelssentrum, måtte bygg reisast for å handtere råvarene vi eksporterte til utlandet. Desse bygga her i Sandviken er viktige historiske døme på Bergen og Vestland som eksportregion gjennom fleire hundre år, og eg er utruleg glad for at bygga no får den statusen dei fortener, seier fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davis.
Sandviksbodene 15–24 vart mellombels freda av Hordaland fylkeskommune i 1992. Etter det har det vore gjort eit omfattande og systematisk vedlikehalds- og restaureringsarbeid på bygga. Det gjeld både bygga kommunen eig, og dei som er eigde av private.
Levande minne om kystkultur
Tørrfisk og andre fiskevarer frå Nord-Noreg vart eksporterte frå Bergen til byane ved Nordsjø- og Østersjøkysten. Korn, salt, tekstil, kolonialvarer og andre varer vart importert. Dei hanseatiske kjøpmennene var dominerande i denne handelsverksemda på Bryggen frå midten av 1300-talet. På 1600-talet vaks det fram eit talrikt bergensk handelsborgarskap som òg tok del i både utanriks- og nordlandshandel. Handelsverksemda førte til eit stort behov for lagringsplass, og sidan all varetransport gjekk sjøvegen, vart lagerbygningane bygde langs strandlina.
– Dei historiske Sandviksbodene er ikkje berre bygningar, dei er levande minne om kystkulturen og handelshistoria vår. I byutviklinga tek vi vare på desse sjøbuene, ikkje berre som fysiske strukturar, men som ein sentral del av den bergenske kulturarven og identiteten vår, seier byråd for byutvikling i Bergen, Christine Kahrs.
God dialog med eigarane
Vestland fylkeskommune har utarbeidd høyringsforslaget, som har vore ute til offentleg høyring. Det har også vore god dialog med dei private eigarane, Bergen kommune, Norges fiskerimuseum, Bergen kystkultursenter og Riksantikvaren. Bergen kommune slutta seg til fredingsforslaget i bystyremøtet 31. januar i år, og Riksantikvaren har no altså freda sjøbuene.
Dei tolv sjøbuene blir freda etter kulturminnelova § 15, medan området rundt blir freda etter § 19 i same lov.