Samlar alle tilsette på Leikanger i nyoppussa, berekraftig og klimavenleg bygg
– Det blir jo spennande at vi fylkesvegfolka no blir samla i same bygg som resten av fylkeskommunen. Det blir lettare å få avklart ting ansikt til ansikt med kollegaer i andre avdelingar, seier Gabriel Skjulhaug Yttri.
Han er ein av dei som no flyttar inn, og ikkje inn att, i fylkeshuset på Leikanger. Noko av målet med ombygginga av fylkeshuset har nemleg vore å samle alle dei nær 250 fylkeskommunalt tilsette som har kontorstad Leikanger, i eitt og same bygg.
Tilsette i avdeling for infrastruktur og veg, der Yttri jobbar, har hatt kontor i bygget til Statens vegvesen sidan 2020. No får avdelinga dei to øvste etasjane i fylkeshuset, og Yttri lovar å ta morgontrimmen opp til 5. etasje med eit smil.
– Godt arbeidsmiljø er grunnlaget
Etter vel halvanna år som stort sett byggeplass, er det altså endeleg tid for å ta i bruk att fylkeshuset på Leikanger, som først stod ferdig i 1989. Både fylkesordførar Jon Askeland og fylkesdirektør Rune Haugsdal var på plass for å ta imot tilsette kl. 07.30 på opningsdagen 24. oktober.
– Dette er ein stor dag for både Vestland fylkeskommune og Leikanger. Endeleg får alle plass under same tak, skal ha lunsj i same kantine, og kan ta i bruk alle fasilitetane huset byr på saman. Vi skal ta ut mange gevinstar med dette bygget, der grunnlaget er eit godt arbeidsmiljø i gode omgjevnader. Med kort veg mellom kollegaer betrar vi samhandlinga. Med energieffektive og klimavenlege løysingar har vi redusert energitapet med 50 prosent gjennom rehabiliteringa. Eg er sikker på at dette får mykje å seie for det fylkeskommunale fellesskapet på Leikanger, seier fylkesordføraren.
Fylkeshuset er rehabilitert for totalt i overkant av 168 mill. kr. Bygget, som er over 30 år gamalt, hadde uansett behov for rehabilitering og tilrettelegging for fleire arbeidsplassar enn tidlegare.
Moderne kontorbygg
Før ombygginga forlét dei tilsette eit tradisjonelt kontorbygg, der smale korridorar var delte opp i enkeltkontor. No er det eit meir moderne kontorbygg, med eit aktivitetsbasert kontorkonsept med arbeidsstasjonar i minilandskap, solokontor, møterom og sosiale soner.
Tine Sille Svendsen i seksjonen plan, klima og analyse og Frank Have Olesen i innkjøpsseksjonen ser fram til å ta i bruk bygget. Dei har vent seg til kontorkonseptet i dei midlertidige kontorlokala dei har hatt på Sjøkanten i Sogndal i byggeperioden. No har dei kontor i kvar sin fløy i andre etasje på fylkeshuset og deler såleis sosial sone.
Meir del av ein arbeidsplass
– Det blir kjekt å få meir fellesskapskjensle når vi no blir samla. Dei midlertidige kontorlokala bar litt preg av at vi var «på besøk», og at det var litt tilfeldig kven som var der. Her blir vi meir del av ein arbeidsplass. Vi har allereie oppretta felles møtestadar for oss som jobbar med klima i min seksjon og dei som jobbar med klima i avdeling for infrastruktur og veg, som til dømes ein utvida lunsj, fortel Tine.
Ho vart tilsett i byggeperioden og har såleis ikkje hatt kontor på fylkeshuset tidlegare. Det har derimot Frank Have Olesen, som er innkjøpsrådgjevar.
– No kjem vi tilbake til noko som er nytt, og som blir endå betre enn det var. Eg gler meg. Det blir kjekt å få inn dei som ikkje har vore her før. For meg som jobbar med innkjøp er det viktig å bli kjent med heile organisasjonen, og ein blir ikkje like kjent på Teams og på e-post. No kan vi møtast i kantina og i gangane, eller gå opp og ned nokre etasjar for å snakkast, seier Frank.
Berekraftige og klimavenlege løysingar
Det er ikkje berre sjølve kontorlandskapa og alt det synlege som er nytt, endra og betra. Fylkeshuset blir no varma opp med varme frå både fjorden og sola. Det har fått nye glas, men har behalde dei gamle karmane til vindauga. Det er montert eit nytt ventilasjonsanlegg, som saman med eksisterande ventilasjonsanlegg og VAV-styring bidreg til eit godt inneklima.
Oppsummert har berekraft, gjenbruk, klima og miljø vore stikkord i rehabiliteringa av huset.
– Vi er i eit bygg som ligg veldig få meter frå fjorden. Då er det flott å kunne nytte fjorden i oppvarminga av huset. Sjøvarmeanlegget skal i hovudsak levere varme heile huset, i tillegg til at det forsyner bygget med ventilasjonsvarme og varmtvatn. Samanliknar vi med til dømes varmeomnar eller varmekablar, er innsparingspotensialet stort: I den kaldaste årstida opptil 75 prosent, i haust-, vår- og sommarmånadane opptil 100 prosent av det samla energiiforbruket bygget treng til oppvarming, fortel fylkesdirektør Rune Haugsdal.
Alternative energikjelder og gjenbruk
Sjøvarmeanlegget er heilt nytt og skal altså forsyne bygget med romoppvarming. Det er eit lukka glykolanlegg kopla mot varmepumper. Dei elleve fjellbrønnane frå 2012 er framleis i bruk og driftar primært det store serveranlegget i bygget. Det nye solcelleanlegget, som også fungerer som taktekking, produserer inntil 100 000 kWh i året avhengig av tal soltimar. Det nye sjøvarmeanlegget har ein total effekt på inntil 200 kW.
Drift av bygningsmassen for september 2024 viser ei innsparing på om lag 20 prosent av energiforbruket samanlikna med september tidlegare år. Det står att å byggje om bygg B til vassboren varme.
Gjenbruk er også eit stikkord for ombygginga av fylkeshuset. Til dømes er karmane i vindauga dei same som før, medan det er montert nytt energiglas inni dei. Berekonstruksjonane er brukte om att, og det er også om lag halvparten av dei innvendige lettveggane. I tillegg er ein stor del av møblane på huset brukte om att.
Gjenbruk på alle nivå
Namna på møteromma i fylkeshuset er brukte oppatt frå det «gamle» bygget. Dei har namn etter fjell og stadar i Sogn og Fjordane. Her kan du ha møte i blant anna Jølstra (elv i Sunnfjord), Vetti (fjellgard og turisthytte i Årdal) og Skåla (fjell i Stryn).