Psykisk helse er største utfordringa, seier ungdommen

Skule, psykisk helse, kraft og kollektivtrafikk er noko av det ungdommen meiner må ha merksemd i utviklinga av Vestland framover. No samlar fylkeskommunen innspel frå heile fylket til ny utviklingsplan.

Tre ungdommar står rundt ein smilande fylkesordførar Jon Askeland i midten, foran ein brun vegg med ein plakat på. Plakaten skildrar moglege framtidsutfordringar for Vestland og landbruksnæringa. To tenåringsgutar til venster, så fylkesordføraren og ei tenåringsjente til høgre som viser fylkesordføraren noko på plakaten.
VIL FORME FRAMTIDA: Stian Myklebust Hauge (t.v.) og Sondre Bale kom med klåre innspel til fylkesordførar Jon Askeland og arbeidet med Vestland sin neste utviklingsplan i møte i Førde, Anette Helen Bakkebø (t.h.) vil oppretthalde beitenæringane i framtida. Foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune

Utviklingsplan for Vestland 2024-2027, regional planstrategi, skal vere klar hausten 2024. Utviklingsplanen er den overordna planen for samfunnsutviklinga i heile fylket, og blir ny kvart fjerde år.

Tenker utanfor boksen

– Vi må treffe rett når vi skal lage denne nye planen for Vestland, for ei berekraftig utvikling av fylket vårt. Da må vi ha innspel frå dei som er tett på der dei bur: frå ungdommar og frå næringsliv, frå kommunar og frivillige lag, sa fylkesordførar Jon Askeland i dialogmøtet om utviklingsplanen i Førde 23. januar.

Og både unge og eldre vestlendingar har sagt sitt i tre opne dialogmøte kring om i fylket siste vekene, på Stord, i Bergen og i Førde. Utviklingsplanen skal vise dei største utfordringane og moglegheitene framover og kva planar fylket skal ha for å møte desse, og blir bygd rundt FN sine berekraftsmål.

– No må de ikkje berre høyre på ungdommen, det vi seier må synast att i planverk og føringar, sa Lisa Horpen, 22 år, tidlegare ungdomspolitikar frå Årdal i sitt innlegg i møtet. – Eg trur ungdommen i større grad kan tenke "utanfor boksen" når ein skal finne framtidsutfordringane, og det er dei som vil sette preg på fylket framover

Portrettbilde av ei smilande Lisa Horpen, 22 år, i grøn bluse og langt blondt håri sal med atrium, publikum sit bak oppover seteradane i ufokus.
KRAFT OG SKULE: Lisa Horpen (22) drog fram skule og kraftproduksjon som utfordringar som må takast omsyn til i framtida i innlegget sitt i dialogmøtet i Førde. – Å måtte flytte heimefrå som 16-åring kan få konsekvensar både for helse og trivsel, sa ho. Foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune

Psykisk helse for born og unge største utfordringa

Nye hovudutfordringar og moglegheiter for Vestland er dratt fram i eit kunnskapsgrunnlag til arbeidet med utviklingsplanen, der ein freistar å sjå framover. Framtidstrenden som vart stemt fram som viktigast i møta handlar om psykisk helse: "Psykiske plagar og lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fråfall i skulen, ei svakare tilknyting til arbeids-marknaden, økonomiske vanskar og problem i nære relasjonar. Dei yngste skårar dårlegast på psykisk helse og einsemd."

– Eg meiner skule er ein heilt vesentleg del av trivsel og tryggleik for unge, at ein t.d. kan gå på vidaregåande og bu heime. Dette er også ein del av unge si psykiske helse. Eg måtte flytte vekk då eg var 16, den alderen da mange skal "finne seg sjølv", og det hadde hatt stor betydning for meg om eg kunne budd heime. Dette må samfunnsplanleggarar og politikarar ta med seg vidare, seier Horpen.

totalbilde av menneske i stort rom, vendt mot ein brun vegg med plakatar som omhandlar hovudutfordringar for Vestland framover.
PRIORITERINGAR: Kva gode moglegheiter skal vi prioritere i Vestland framover, og kva blir dei største utfordringane våre? Deltakarane på dialogmøta på Stord, i Bergen og her i Førde merka av sine vurderingar på seks ulike utfordringsområde for Vestland. Foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune

Kraft og mattryggleik 

– Eg satte prioriteringsprikken min på landbruksnæring, seier Stian Myklebust Hauge frå Luster. Han er 18 år og elev på naturbruk ved Førde vidaregåande skule.
– Verdssituasjonen siste åra viser oss kor viktig mattryggleik er. Vi må ta heile Norge i bruk og kanskje bli sjølvhjelpne. Kva er t.d. mest effektivt å produsere på bratte Vestlandsgardar, er det kjøtt, mjølk og frukt, eller kan også vi produsere korn? Vi må få til ein berekraftig matberedskap.

– Kraftproduksjon er ei utfordring som både eg og mange unge ser er ei aktuell og stor utfordring i nær framtid, seier Horpen. – Vi må ha kraft, men det er konfliktar rundt både vindmøller og vasskraft også, ikkje berre olje. Dette er eit dilemma det må planleggast rundt. 

Ei tidleg oppsummering frå dei regionvise møta på Stord, Førde og Bergen viser at ungdommen dreg fram skule, psykisk helse, opne felles møteplassar, samferdsle og offentleg transport og kraftproduksjon som tema som vil forme framtida og må takast omsyn til i samfunnsutviklinga.

Nærbilde av hand som set eit klistremerke forma som ein rund prikk på plakat som viser hovudutfordringane for samfunnsutviklinga av Vestland, tekst på kvit plakat med fleire klistremerkeprikkar på ulik tekst.
SAMLAR INNSPEL: Raud prikk tyder hovudutfordring. Innspela i dei tre dialogmøta på Stord, i Bergen og i Førde blir samla og tatt med vidare i arbeidet med den nye utviklingsplanen for Vestland 2024-2027. Foto: Elise Gulseth/Vestland fylkeskommune

Brei forankring

– Heile fylket må vere med når vi skal sette strategisk retning for Vestland, og vi skal ta ungdomen på alvor. Vi skal sjå moglegheitene i lag, som å finne jobbmoglegheiter i det grøne skiftet, utvikle utdanningsprogramma til noko dei unge vil ynskje seg inn i og skape gode lokalsamfunn for alle, seier Askeland.

Fylkestinget skal vedta den neste utviklingsplanen for fylket hausten 2024, den ligg til grunn for all samfunnsplanlegging i fylket, både for kommune, fylkeskommune og stat. No skal innspela frå dialogmøta samlast, og det skal vere fleire poltiske verkstadar med breie kunnskapsgrunnlag og framtidsbilde til grunn. I juni vil eit utkast til Utviklingsplan for Vestland 2024-2027 bli sendt på offentleg høyring.

– Eit breitt forankra utfordringsbilde og innspel frå heile fylket vil gje oss større handlekraft, eg gler meg til arbeidet fram til ferdig plan, seier Askeland.