Over 17 millionar til verna og freda fartøy i Vestland i 2024

– Avgjerande for istandsetjing, sikring, drift og forvaltning, seier hovudutvalsleiar Jacob Nødseth.

Dei to freda fartøya Granvin og Vestgar
FREDA FARTØY: Granvin og Vestgar er to av fartøya som får tilskot til både sikring og istandsetjing og forvaltning og drift i årets tildelingsrunde. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

Vestland er det fylket i landet med flest verna og freda fartøy. Fartøya er ein viktig del av kulturarven til både fylket og landet, og fartøyvern er eit område der frivillige lag og organisasjonar tek på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar.

– Som fylkeskommune skal vi bidra til å ta vare på desse flytande kulturminna våre. Dei syner historia vår som eit kystfylke, der sjøen og fjorden var vegen. Ved å sikre, ta vare på og setje i stand fartøya sikrar vi kunnskapen om handverket og teknikkar, og vi bidreg til at også framtidige generasjonar får innsikt i denne kunnskapen og historia, seier Nødseth.

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering løyvde til saman over 17 mill. kr til verna og freda fartøy i møtet 13. mars, gjennom to ulike tilskotsordningar.

17 fartøy får støtte til sikring og istandsetjing

Desse fartøya får tilskot til sikring og istandsetjing i 2024:

  • Atløy: 120 000 kr
  • Epos: 300 000 kr
  • Feie RS4: 100 000 kr
  • Folgefonn I: 1 400 000 kr
  • Granvin: 570 000 kr
  • Lessing: 80 000 kr
  • Lindenes: 1 300 000 kr
  • Markol V: 600 000 kr
  • Midthordland: 700 000 kr
  • Nyborg: 485 000 kr
  • Oster: 45 000 kr
  • Skånevik: 1 400 000 kr
  • Stavenes: 1 100 000 kr
  • Stord I: 370 000 kr
  • Sunnhordland: 450 000 kr
  • Vestgar: 1 400 000 kr
  • Vulcanus: 280 000 kr

Hovudutvalet set også av over 900 000 kr til strakstiltak i 2024, som kan løyvast etter søknad i løpet av året.

I tillegg får fem fartøy tilsegn om tilskot i 2025. Det er Erkna (250 000 kr), Folgefonn I (1 mill. kr), Markol V (250 000 kr), Stavenes (200 000 kr) og Vestgar (250 000 kr). Hovudutvalet nyttar tilsegn for å sikre nødvendig progresjon og kontinuitet i komplekse og langvarige istandsetjingsprosjekt.

Tre kommunar får også støtte til arbeidet med sikring og istandsetjing av verna og freda fartøy. Det er såkalla SAVOS-tilskot. Bergen kommune 815 570 kr, Bremanger kommune får 60 000 kr, og Ullensvang kommune får 206 231 kr. Hovudutvalet fordeler i tillegg 813 020 kr til fartøyvern ved musea i fylket og 1,5 mill. kr til tilskot til forvaltning og drift av verna og freda fartøy. SAVOS-tilskot utløyser eit tilskot frå Riksantikvaren i tilhøvet ein til ein.

15 fartøy får til saman 3 millionar til forvaltning og drift

Desse fartøya får støtte til forvaltning og drift i 2024:

  • Atløy: 250 000 kr
  • Epos: 250 000 kr
  • Granvin: 150 000 kr
  • Haugefisk: 240 000 kr
  • Lindenes: 90 000 kr
  • Midthordland: 100 000 kr
  • Nyborg: 90 000 kr
  • Oster: 200 000 kr
  • Skånevik: 300 000 kr
  • Stavenes: 90 000 kr
  • Stord I: 550 000 kr
  • Sunnhordland: 250 000 kr
  • Svanhild: 130 000 kr
  • Vestgar: 200 000 kr
  • Vulcanus: 110 000 kr

– Kystkulturen er del av både kulturarven og identiteten i Vestland. Det er ei kjelde til kunnskap, oppleving og verdiskaping, og det er noko fylkeskommunen skal vere med å bidra til. Ved å løyve pengar til forvaltning og drift, er vi med og sørgjer for at desse fartøya faktisk har eit liv på sjøen og i fjordane våre endå, seier Nødseth.

Tilskotet kan gå til blant anna å dekke nødvendige driftskostnadar, til forbruksmateriell og reservedelar, til planlegging og kompetanseheving og til bevaring og formidling.