Noregs beste lærar i entreprenørskap
Ståle Walsvik likar eigentleg ikkje så mykje «styr», men litt feiring måtte han tole då han blei overraska med pris.

Etter å undervist dei tre første timane på dagen hadde ein kollega avtalt med Ståle at dei skulle diskutere noko fagleg. Inn på kontoret troppa Eivind Husabø opp med ein kopp i handa. Husabø er prosjektleiar for vidaregåande skule og høgare utdanning i organisasjonen Ungt entreprenørskap.
Då Ståle blei kåra til Vestlandets beste lærar i entreprenørskap i mars fekk han nemleg ein kopp, som snart blei favorittkoppen. For to veker sidan knuste den.
Hakk i hæl følgde ein journalist frå avisa Ytre Sogn med kamera.
No var det ingen hemmelegheit lenger, Ståle er Norges beste lærar i entreprenørskap, og slikt må jo feirast. Ståle visste ikkje om prisen på førehand, og blei ganske overraska.
Samarbeider tett
I kantina sat elevar, rektor på Høyanger vidaregåande skule, Kristin Sagerøy Råsberg, fleire representantar frå Ungt entreprenørskap, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal saman med leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse, Åsmund Berthelsen. Fleire reiste frå Bergen til Høyanger for å overraske Ståle.
— Ståle samarbeider tett med lokalt arbeids- og næringsliv både før, undervegs og etter utviklinga av ungdomsbedrifta. Han arrangerer kick off med lokale bedrifter der elevane får tilbakemelding på sine idear, og kan finne mentorer til deira forretningsidé, seier Åsmund Berthelsen.
— Han jobbar systematisk med å løfte yrkesfag. Han oppmodar elevar til å prøve og feile, og legg til rette for kreative prosessar.
Populært å drive ungdomsbedrift
Gjennom ungdomsbedrift skal elevar etablere, drive og avvikle ein bedrift gjennom eit skuleår. Mellom 20 og 30 prosent av elevar deltar i ungdomsbedrift rundt om i landet, mens i Høyanger er det så mange som 60-70 prosent.
Ungt entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, arbeidslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle kreativitet, skaparglede og trua på seg sjølv for barn og unge. Alle fylkeskommunane er samarbeidspartnarar.
Opplever meistring
— Eg synest vi er gode på å legge til rette for ungdomsbedrift. Vi har godt samarbeid med næringslivet. Dei stiller som mentorer, dei kjem med konkrete problem dei ønskjer løyse, eller det kan vere ei teneste som blir utført. Dei er gode til å komme med oppdrag til oss, seier Ståle.
Ein klasse er ein bedrift, og det er mellom tolv og 15 elevar per klasse.
— Eg opplever at elevane blir motiverte for læring når dei får utvikle sitt eige produkt. Klassemiljøet verkar også å bli sterkare når dei kjenner på ansvarskjensla. Dei opplever samhald og meistring med å få forskjellige roller. Dei drar lasset saman, seier Ståle.
I mars i år vann også elevane hans fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter.
Sidan 2009 har Virke, hovudorganisasjonen for handels- og tenestenæringa, i lag med Ungt entreprenørskap, kåra årets entreprenørskapslærar. Prisen går til ein lærar som legg til rette for at elevar kan utvikle si evne til å ta initiativ, avgjersler og samarbeide med andre for å skape nye løysingar.