Namn på haldeplassar: – Vi vil leggje vekt på kva kommunane ønskjer

Fylkesutvalet skal ein gong i året ta stilling til nye namn på haldeplassar i fylket.

Busstopp og båtkai.
HALDEPLASS: Mange haldeplassar i fylket kan få nye namn dei neste åra. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Namn på haldeplassar har vorte aktualisert etter at Språkrådet tok initiativ til ein gjennomgang av eksisterande namn. No har Språkrådet saman med Kartverket lagt fram forslag til nye namn på ei rekke haldeplassar i Vestland, og fylkesutvalet tok i møtet 2. mai stilling til korleis dette arbeidet skal takast vidare.

– Vi ønskjer å samle dette i ei årleg sak, der fylkesutvalet skal ta stilling til nye namn. I prosessen er det viktig for oss å leggje vekt på ønska frå kommunane. Stadnamn betyr mykje for folk, det er kultur- og naturhistorie, og difor er lokale ønske viktige å lytte til, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Kartlegging ikkje ferdig

Kartlegginga til Språkrådet og Kartverket er ikkje ferdig, men Språkrådet har kome med sine tilrådingar for dei første kommunane i Vestland. Det er opp til fylkeskommunen å ta dette vidare og gjere endeleg vedtak.

Språkrådet har no sendt over tilrådingane sine for Bergen og Stryn kommunar. I Bergen er det gjennomgått namn på om lag 500 busshaldeplassar, og Språkrådet tilrår namnendring på meir enn 300 av dei. I Stryn er om lag 200 haldeplassar vurderte, og Språkrådet har nye namneforslag på 92 av dei.

Mange namnesaker

Administrasjonen i fylkeskommunen skal no ta stilling til forslaga frå Språkrådet før fylkesutvalet skal gjere endeleg vedtak. Språkrådet har også henta inn høyringsinnspel frå kommunane. I den vidare behandlinga vil fylkeskommunen leggje føresegnene i stadnamnlova og prinsipp i Handbok for rutedata til grunn for både val av namn og skrivemåte.

Grunnen til at mange namnesaker kjem opp no er at det ikkje har vore gjort ein tilsvarande gjennomgang før, og mange av haldeplassnamna er nedarva frå dei gamle rutebillaga. Nokre område har også fått vedtak på stadnamn etter at haldeplassen kom.

Les heile den politiske saka PS 101 Namn på haldeplassar – vegen vidare. Innstillingane frå Språkrådet ligg som vedlegg til saka.