Meir søkjelys på praktisk arbeid og livssituasjon i vaksenopplæringa

Vegen fram til fagbrev for vaksne blir no endra i fleire lærefag. Opplæring i modular er betre tilpassa livssituasjon, og Vestland fylkeskommune tilbyr hausten 2024 slik opplæring i tre fag.

Kokkar i arbeid.
VAKSENOPPLÆRING: Mykje av vaksenopplæringa i fleire yrkesfag skal no ideelt sett skje ute i bedrift, og i eit tett samarbeid mellom bedrift og skule. I den nye opplæringslova kan elevar velje modulstrukturert yrkesopplæring (MFY) frå det skuleåret dei fyller 19 år. (Illustrasjonsfoto frå Sandli vgs.: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Hovudopplæringa skal skje meir i bedrift og mindre i skule. 

– Yrkesfagleg vaksenopplæring er i dag i for stor grad lik opplæringa som er for ungdom. Den nye opplæringa har større grad av fleksibilitet og tek utgangspunkt i situasjonen til den vaksne kandidaten. Det praktiske får større plass og meir merksemd, seier prosjektleiar Audun Bjelland i arbeidsgruppa for gjennomføringa i Vestland.

Modulstrukturert opplæring er ein måte å organisere opplæring fram mot eit fagbrev på, som er betre tilpassa behov, utgangspunkt og livssituasjon for den vaksne. Sluttkompetansen er den same som for ordinært løp. Hovudopplæringa i modulstrukturert opplæring skal skje meir i bedrift og mindre i skule.

Kokk-, ernæringskokk- og helsefagarbeidarfaget

Vestland fylkeskommune tilbyr opplæring i tre modulstrukturerte lærefag frå komande skuleår. Vaksne over 19 år kan då søkje opplæring i kokk-, ernæringskokk- og helsefagarbeidarfaget. Nettsida vigo.no er open for innsøking til opplæringa frå midten av januar 2024. 

Anette Aske Sollid ved Firda vidaregåande skule leiar ei arbeidsgruppe som ser på korleis modulstrukturert opplæring kan implementerast i helsearbeidarfaget i Vestland fylke. Gruppa har blant anna svara på høyringa av modulstrukturerte læreplanar og vurderingsforskrifta.

– I tillegg har vi laga eit utkast til opplæringsplan og opplæringsbok i helsefagarbeidarfaget. Vi har eit ønske om å involvere fleire i arbeidet. Både opplæringsplan og opplæringsbok vil bli sendt ut til dei andre vidaregåande skulane i fylket som skal ha modulbasert opplæring i helsefagarbeidarfaget no på nyåret. Gruppa håper på tilbakemeldingar og innspel på arbeidet som er utført så langt. Vi har tatt utgangspunkt i det forsøksfylka har brukt, og gjort det om til vårt eige, fortel Aske Sollid.

Fire kvinner.
Arbeidsgruppa for MFY i faget helsefagarbeidar i Vestland fylkeskommune har hatt to samlingar hausten 2023. Frå venstre Linda Anita Turøy, Beate Spurkeland, Anette Aske Sollid og Helene Moldskred. Ikkje til stades; Natalia Garcia Benito Valkner. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Fleksibelt, tilpassa og effektivt 

Ho seier at lærarrolla nok vil endre seg litt, med mindre undervisning, men meir fagleg rettleiing. Modulstrukturering inneber å organisere opplæringa i mindre einingar. Deltakarane blir kartlagde med ei realkompetansevurdering og innplasserte på modulen som tilsvarer kompetansen dei sit på.

– No er vi vande med å tenkje klasse. Med modulstrukturert opplæring får vi ei gruppe med forskjellig utgangspunkt og ingen fasit på opplæringstida, seier Sollid.

Stikkorda er fleksibelt, tilpassa og effektivt. Helsearbeidarfaget er det største opplæringsområdet i vaksenopplæringstilbodet i Vestland. Det er også innanfor helse behovet for arbeidskraft er størst, og det er eit mål å få fleire vaksne ut i jobb.

– Endringa i opplæringa for vaksne i samband med fullføringsreforma vil gradvis også bli fasa inn i fleire fag, seier Rita Ellinor Andenes, som arbeider med dimensjonering av vaksenopplæringa i fylkeskommunen.

Modulstruktur i 13 lærefag 

Modulstrukturert opplæring blir innført i desse 13 lærefaga: betongfaget, ernæringskokkfaget, fiske og fangst, gjenvinningsfaget, målar- og overflateteknikkfaget, produksjonsteknikkfaget, reinhaldsoperatørfaget, røyrleggarfaget, salsfaget, snekkarfaget, helsearbeiderfaget, kokkfaget og logistikkfaget.  

Opplæringa skal byggje på kompetansen dei vaksne alt har og vere retta mot ein meir konkret sluttkompetanse. Deltakarane kan gjennomføre opplæringa i ulikt tempo, og ei ordning med ulike opplæringsplanar blir truleg vidareført. Det er inga fastsett opplæringstid på modulane, og det skal bli høve til å ta opphald i opplæringa. 

Fleire modular

Læreplanmåla er fordelt i ulike modular. Kvar sjølvstendige modul gjev kompetansebevis slik at kompetansen blir dokumentert undervegs. 

– Modulane er tematisert etter vg3 sine kompetansemål og tek opp i seg aktuelle kompetansemål frå fellesfaga og eventuelt programfag på vg1/vg2 som er naudsynte for sluttkompetansen. I tillegg finst det ein gjennomgåande modul i norsk og i samfunnsfag som går gjennom alle fag. Det vert opplæring i språk og fag samstundes, og i bedrift, fortel prosjektleiar Bjelland om den nye vegen til fagbrev for vaksne.

Eksisterande ordningar for fag- eller sveineprøvar skal utgjere sluttvurderinga. 

Ny organisering

Fornya vaksenopplæring vil krevje ny organisering og meir ressursar. Opplæringsbedrift eller arbeidsstad skal vere utgangspunkt for opplæringa. Undervegs mot fagbrevet vert det ulike arenaer for opplæring. 

– Det vert opplæring i bedrift, e-læring, nettskule og samling på skule, fortel Audun Bjelland, som også er rektor for Nettskulen i Vestland.

Fullføringsreform

Regjeringa har i stortingsmelding 21 (2020–2021) som mål at ni av ti elevar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring i 2030. Fullføringsreforma - med åpne dører til verda og framtida, inneheld tiltak slik at fleire ungdom og vaksne skal få godkjent resultat innan studie- eller yrkeskompetanse og vere godt førebudde til vidare utdanning og arbeidslivet. I ny opplæringslov vert det peika på at både offentleg og privat sektor har stor trong for arbeidskraft med rett kompetanse i åra framover.

– Utvida rett og større fleksibilitet skal føre til at fleire får slik kompetanse. Overordna prinsipp er at ingen treng å gjennomføre meir opplæring enn det som er nødvendig for å oppnå ønska sluttkompetanse, seier prosjektleiar Bjelland.

Om lag 1500 kandidatar deltek årleg i vaksenopplæringa i Vestland fylkeskommune.