Lagar brudekke av brusflasker og korkar
Når prislappen på vedlikehald av bruer er på 3,5 milliardar kroner gjeld det å tenke nytt.
Vestland har eit stort etterslep på vedlikehald av fylkesvegane. Etterslepet berre på bru er berekna til å koste over 3,5 milliardar kroner. Rundt 800 av dei 2000 bruene på fylkesveg har eit stort behov for vedlikehald.
Først i Noreg
Hellset bru i Lodalen i Stryn var først ute i Noreg med å teste det nye komposittdekket. Neste ut var Hjelmeland bru i Sunnfjord.
Kompositt er berekraftig og vedlikehaldsfritt, og den har halve klimagassutsleppet som andre bruer i betong har. Faktisk er over 80 prosent av brudekket laga av resirkulert PET, altså resirkulert plast som brusflakser og korkar.
— Å ta i bruk nye og smarte løysingar for å ta vare på bruene er heilt nødvendig om vi skal klare å ta att etterslepet når det gjeld vedlikehald og redusere utsleppa av klimagassar. Med å bruke kompositt som nytt dekke på eksisterande bru i staden for tradisjonelt materiale gjer at vi kan forlenge levetida til brua og redusere vedlikehaldskostnadar, seier John Martin Jacobsen, avdelingsleiar i Vestland fylkeskommune.
Kan gjenbrukast
Kompositten er lett og sterkt, kjem prefabrikkert og kan monterast direkte frå lasteplanet på brua.
Med å bruke kompositt som nytt dekke på eksisterande bru istadenfor tradisjonelt materiale gjer at vi kan forlenge levetida til brua. Den låg eigenvekta og store styrken som dekket har gjer at gjenbruk er mogeleg. Kompositt vert ikkje brutt ned, og kan gjenbrukast andre stader.
Mikroplast
Glass- og karbonfiber er mykje brukt i både båt, bil, fly og offshoreindustrien, og har svært god haldbarheit. Det er ikkje fare for at det kjem mikroplast frå brua.
Vestland har eit forsknings- og utviklingssamarbeid innan berekraftig bruvedlikehald. Prosjektet er støtta av Innovasjon Norge, og fire bruer i Nordfjord og Sunnfjord er med i prosjektet. Det er Module Solutions & Systems og Multiconsult i samarbeid med Mesta som prosjekterer, produserer og monterer nytt dekke.