Kulturministeren og Landslova har kome heim

Kulturminister Lubna Jaffery opna tysdag 21. mai den store jubileumsutstillinga Magnus Lagabøtes landslov 750 år på Bryggens Museum. Med på feiringa var også gjester frå Orknøyane og Vestland sine eigne Magnus (18) og Ingeborg (24).

foto av tre personer på scene
FESTLEG SNORKLIPPING: Med god hjelp frå "Håkon Håkonsson" (skodespelar Lars Voss Sørhus) klipte kulturminister Lubna Jaffery snora og kunne dermed erklære utstillinga Magnus Lagabøtes landslov 750 år for opna. (Foto: Gunn Kristin Monsen, Bymuseet i Bergen)

– Det er ei stor glede å vere her saman med dykk for å feire opninga av landslovutstillinga. Heime for meg, og ikkje minst heime for Landslova her i Bergen, sa kulturminister Lubna Jaffery då ho offisielt opna utstillinga på Bryggens Museum tysdag ettermiddag.

Oppmoda til undring 

– Dette er ikkje kva som helst landslov, ho var banebrytande og forut for si tid. Lova vart gjort tilgjengeleg for alle, slik at alle hadde moglegheit til å bli kjent med kva rettar og pliktar dei hadde. Ikkje minst hadde lova regelverk om menneskeverd, respekt for kvinner og omsorg for fattige og sjuke. Det var eit lang steg fram i retning den rettsstaten vi kjenner og verdset i dag, sa Lubna.

Fylkesordførar og leiar for jubileumskomiteen for landslovjubileet i Vestland, Jon Askeland, løfta og fram refleksjon som ein viktig del av jubileet.

– Det viktigaste er kanskje å bruka lovjubileet til å undra oss over korleis vi skal bygga samfunnet vidare. Eg oppmodar alle til å ta jubileet heim i alle lokalsamfunn til ei undring over kva som har ført oss til der vi er i dag, og kva verdiar som er viktige for oss i framtida, sa Askeland frå talarstolen i Håkonshallen.

foto frå utstillingslokale
OLAVSSTATUETTEN: St. Olav frå Røldal stavkyrkje er frå om lag same tid som Landslova vart skriven. Statuetten er ei framstilling av ein konge, og eit uttrykk for kongeverdigheit. Dette er ein av mange skattar du kan oppleve i utstillinga. (Foto: Gunn Kristin Monsen, Bymuseet i Bergen)

Nøkkelstaden Bergen

Landslova vart laga i Håkonshallen i Bergen, og i år feirar vi at det er 750 år sidan denne viktige lova vart til. I mellomalderen var det slett ikkje vanleg å ha landsdekkande lover, og Noreg låg langt framme i lovskapingsarbeidet. Med Magnus Lagabøtes landslov fekk vi for første gong ei lov som gjaldt for heile Noreg, og lova var den tredje av totalt fire riksdekkande europeiske lovbøker frå høg- og seinmellomalderen.

Som einaste stad i Noreg har Bergen fleire kulturminne direkte knytt til Magnus Lagabøte og kongssetet hans, som Håkonshallen, Rosenkrantztårnet, Domkirken, og Nonneseter.

bilde av utstillingsrom med folk som står og ser på ting i montre
KULTURHISTORISKE SKATTAR: Utstillinga gir ei sjeldan moglegheit til å sjå ei av dei handskrivne utgåvene av Landslova, i tillegg til ei mengd mellomalderdokument, arkeologiske funn og kulturhistoriske skattar. (Foto: Gunn Kristin Monsen, Bymuseet i Bergen)

Framheva det gode samarbeidet

Utstillinga som no har opna på Bryggens Museum er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB) med Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket, Bymuseet i Bergen og Vestland fylkeskommune. Det er det største enkeltarrangementet i 750-årsfeiringa av Landslova i Bergen og Vestland. Både UiB og Bymuseet framheva i sine talar det gode samarbeidet om utstillinga.

– Det er heilt konge at vi står her i dag, og eg er stolt over å kunne ønske velkomen til utstillinga om vår eigen Magnus Lagabøte og Landslova. Eg må få understreka det framifrå samarbeidet om utstillinga. Eit fantastisk samla kunnskap- og kompetansemiljø i Bergen står bak, og utstillinga demonstrerer styrken som ligg i dette fellesskapet, uttalar fylkesordførar Jon Askeland. 

foto av bryggens museum
JUBILEUMSUTSTILLING: Onsdag 22. mai opna utstillinga Magnus Lagabøtes landslov 750 år på Bryggens Museum. Det er det største enkeltarrangementet i 750-årsfeiringa av Landslova i Bergen og Vestland. (Foto: Gunn Kristin Monsen, Bymuseet i Bergen)

Dette kan du sjå 

Universitetet i Bergen og Bymuseet i Bergen har saman med Vestland fylkeskommune laga ei utstilling som gir eit unikt innblikk i tida då Landslova vart skriven. Du får òg ei sjeldan moglegheit til å sjå ei av dei handskrivne utgåvene av Landslova, i tillegg til ei mengd mellomalderdokument, arkeologiske funn og kulturhistoriske skattar. Utstillinga er støtta også av Bergen kommune og Kulturdepartementet.

Du kan lese meir om innhaldet i utstillinga på Jubileumsutstillinga Magnus Lagabøtes landslov 750 år - Vestland fylkeskommune

foto av mange folk samla i Håkonshallen
HÅKONSHALLEN: Etter utstillingsopninga på Bryggens Museum heldt ordførar i Bergen, Marit Warncke mottaking i Håkonshallen. På historisk grunn fekk gjestene blant anna høyre Griegakademiet framføre Noreg sitt eldste musikkstykke frå 1281. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Mottaking i Håkonshallen 

Til stades under opninga 21. mai var kulturminister Lubna Jaffery, fylkesordførar og leiar av jubileumskomiteen Jon Askeland, ordførar Marit Warncke, rektor Margareth Hagen ved UiB, Astrid M. Strømsnes, fung. dir. ved Bymuseet i Bergen og prosjektleiar for landslovjubileet i Vestland, Anna Elisa Tryti. Andre representantar frå jubileumskomiteen for landslovjubileet i Vestland var også til stades. 

Etter utstillingsopninga heldt ordførar i Bergen, Marit Warncke mottaking i Håkonshallen. På historisk grunn fekk gjestene blant anna høyre Griegakademiet framføre Noreg sitt eldste musikkstykke frå 1281, medan Bymuseet spela utdrag frå teatervandringa Helt konge!, om Magnus Lagabøte og Landslova.

foto av to personar foran ein banner
MAGNUS OG INGEBORG: Magnus Henriksen (18) frå Kvinnherad og Ingeborg Håvarstein Andersen (24) busett i Bergen var spesielt inviterte gjester denne dagen. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Magnus og Ingeborg anno 2024

Magnus Lagabøte blei konge i 1263 berre 25 år gammal. Nokre år tidlegare gifta han seg med si Ingeborg Eriksdotter i Håkonshallen. For å involvere unge i landslovjubileet, vart ein Magnus og ei Ingeborg mellom 18 og 25 år inviterte til å vere med på den offisielle opninga av jubileumsutstillinga og mottakinga i Håkonshallen.

Magnus Henriksen (18) frå Kvinnherad og Ingeborg Håvarstein Andersen (24) busett i Bergen vart plukka ut til å ta del i feiringa. Ingeborg er jusstudent og har nyleg levert si masteroppgåve om Landslova, medan Magnus er elev ved Kvinnherad vidaregåande skule i Vestland. 

Verdiseglas med ungdomar

Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd til sjøs i fleire etappar med bakgrunn i dei to rettsjubilea i 2024, der unge på nøkkelstadane langs leia er inviterte inn i verdisamtalar. På opningsdagen kom verdiseglasen til Bergen med båtane “Caroline af Sandnes”, “MS Granvin”. Her vart dei møtte av biskop Ragnhild Jepsen, Bjørgvin bispedøme og fylkesordførar Jon Askeland.

foto at to personar i Vågen, Bergen sentrum
FRÅ ORKNØYANE TIL BERGEN: Dei øvste representantane frå regionsrådet Orkney Islands Council hadde teke turen til Bergen for å ta del i landslovjubileet. På biletet ser du fylkesordførar Jon Askeland og byrådsleiar Heather Woodbridge frå Orkney Island Council under verdiseglasen i Vågen. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

Gjester frå Orknøyane 

Då Landslova vart til, låg Orknøyane under Noreg. I Bergen denne dagen var dei øvste representantane frå regionsrådet Orkney Islands Council til stades, både på verdiseglas, utstillingsopning og mottaking i Håkonshallen.

Landslovjubileet i Vestland

Landslovjubileet er i gang for fullt i store delar av Vestland. Ei mengde aktørar har motteke tilskot frå Vestland fylkeskommune til prosjekt og arrangement i jubileet. Arrangementa i Vestland spenner vidt frå fagleg fordjuping gjennom to internasjonale forskarkonferansar, til jubileumsutstilling og tingsamlingar for unge på Moster og på Gulatinget.

Sjekk kalenderen for lokale arrangement og les om Landslova, mellomalderen og kulturminna i Bergen på Landslovjubileet - Vestland fylkeskommune.

Til pressefoto frå utstillinga Magnus Lagabøtes landslov 750 år