Inntak til vidaregåande skule 2024: Dei fleste får førstevalet sitt

Førsteinntaket til vidaregåande skule 2024/25 i Vestland er klart. Over 22 000 søkarar i fylket får no svar på søknaden sin om skuleplass til hausten. Det er 77 prosent av søkarane med ungdomsrett som får førstevalet sitt. Heile 83 prosent av desse søkjarane har fått plass på utdanningsprogrammet dei har som førsteval.

Biletet viser ein elev på Odda vgs som sveiser
VIKTIG Å SVARE: Dei som no får tilbod om skuleplass må hugse å svare innan svarfristen 15. juli for å ikkje miste skuleplassen. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Om lag 21100 søkarar med ungdomsrett (ungdom mellom 15 og 24 år) har søkt på vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Meir enn 16100 av desse har fått tilbod om førsteønsket sitt for både utdanningsprogram og skule. Det betyr at fleirtalet av dei unge også i år får det opplæringstilbodet dei ønsker seg ved første inntaket.  

Alle med ungdomsrett får tilbod

Om lag 6,4 prosent av søkjarane med ungdomsrett står utan tilbod om skuleplass etter førsteinntaket. Erfaring frå tidlegare visar seg at dette vil løyse seg for dei fleste i dei neste inntaksrundane. Alle med ungdomsrett vil få tilbod om skuleplass.  

Tala nedanfor gjeld søkjarar med ungdomsrett (ungdom mellom 15 og 24 år) dersom anna ikkje er nemnt.  

Yrkesfag er framleis mest populært

I underkant av 9900 ungdommar  har søkt yrkesfag, av desse har rett over 5500 søkt Vg1, 4050 Vg2 og 320  Vg3. Det er litt fleire ungdomsrettssøkarar på Vg1 yrkesfag samanlikna med i fjor. 

Nesten 94  prosent av søkarane til Vg1yrkesfaglege utdanningsprogram har fått tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Litt under 1700 ventar på plass på førsteønsket sitt, av desse har om lag 650 fått plass på andre ønsket sitt.   

På Vg2 er det ein liten auke i talet på søkarar samanlikna med i fjor. 91 prosent av søkarane til Vg2 har fått tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Litt over 1100 ventar på plass på førsteønsket sitt, av desse har omlag 500 fått plass på andre ønsket sitt.   

Teknologi – og industrifag er mest populært

På Vg1 er det også i år utdanningsprogram for teknologi- og industrifag som har lengst venteliste. Det er i underkant av 2700 søkarar til dette utdanningsprogrammet. 82 prosent av dei som har dette utdanningsprogrammet på førsteplass har fått tilbod, men om lag 570 har fått tilbod på ein annan skule enn førstevalet sitt.

Flest søkarar utan tilbod på yrkesfag i Stor-Bergen

Tre av fire søkjarar som ikkje har fått plass på yrkesfag, kjem frå inntaksområde3 (Stor-Bergen- kommunane Askøy, Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy og Øygarden). Det er utfordringar med å kunne gje desse elevane tilbod i dette området.

Påbygg til generell studiekompetanse   

Mange av søkarane til påbygg står framleis utan tilbod. Desse søkarane fordeler seg i to grupper. Den eine gruppa er søkarar som har fullført fag- og sveinebrev og som ønsker å få studiekompetanse (Vg4) og har påbyggingsrett.    

Det er om lag 380 søkjarar med påbyggingsrett, om lag 200 har fått plass, 140 på førstevalet sitt. Ca 90 står utan tilbod etter første inntaket.

Den andre gruppa er søkarar med ungdomsrett som har fullført Vg2 yrkesfag går vidare på Vg3 påbygg i staden for å gå ut i lære. Det er om lag 930 søkjarar med påbygg som førsteval i denne gruppa. I overkant av 800 har fått plass, om lag 560 på førstevalet. Om lag 160 er utan tilbod etter første inntaket.

Studieførebuande utdanningsprogram   

Det er i overkant av 9 800 søkarar med ungdomsrett som har studieførebuande utdanningsprogram som førstevalet sitt. Av desse har ca. i underkant av 3900 søkt Vg1, 3000 Vg2 og 2900 Vg3.

Det er om lag 50 færre søkjarar med ungdomsrett til Vg1studieførebuande samanlikna med i fjor. Tall frå 2023 er 3920 og årets søkjartal til studieførebuande utdanningsprogram er 3864.

88 prosent av søkarane til Vg1 studieførebuande har fått tilbod om skuleplass. Nesten 1100 ventar på plass på førstevalet sitt. Om lag 200 er heilt utan tilbod. Nesten alle desse er i inntaksområdet Stor -Bergen.

Ledige skuleplassar    

I Vestland er det framleis om lag 1500 ledige skuleplassar. Desse plassane samsvarar ikkje med ønska til dei som per no ikkje har fått tilbod om plass. Søkarar som har ungdomsrett og som ikkje har fått tilbod om skuleplass ved første inntaket, vil få tilbod i dei seinare inntaka. Etter tredje inntaket, tek skulane over til resterande ledige plassar. Erfaring visar at mange får skuleplass.

Søkarar som ikkje har ungdomsrett står på venteliste, og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane tek over inntaket i august. Etter første inntaket er det 1350 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod skuleplass.  

Sjekk og svar på vigo.no  

Dei som har søkt skuleplass kan logge seg inn på nettsida vigo.no, og sjå om dei har fått skuleplass frå 8. juli. Svarfristen er 15. juli. Det er særs viktig å svare innan fristen.

Dei som ikkje svarar, mistar tilbodet dei har fått og blir tekne ut av ventelistene.

Tidsplan for inntaket til vidaregåande skule i Vestland

  • 8. juli: tilbod blir gitt på vigo.no om første inntak  
  • 15. juli: svarfrist for første inntak  
  • 23. juli: melding om andre inntak  
  • 30. juli: svarfrist for andre inntak  
  • 8. august: tredje inntak. Du svarar ja til tilbodet ved å møte på skulen første skuledag.