Høge klimaambisjonar for nye busskontraktar i Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland

Skyss utvidar også serviceskyssen til å gjelde tre nye kommunar, og betrar tilbodet for unge og pendlarar i delar av fylket.

foto av buss som køyrer på ein veg
NYE BUSSKONTRAKTAR: Dagens busskontraktar gjeld til juni 2026, og operatørar i dag er Tide Buss AS og Firda Billag Buss AS. Utlysing av konkurransen skal skje seinast hausten 2024. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/ Vestland fylkeskommune)

Skyss har utarbeidd konkurransegrunnlag for anbodskonkurranse om buss- og transporttenester i Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland med oppstart i juni 2026. Utgangspunktet for dei nye busskontraktane er målsettinga om nullutslepp av klimagassar. 

– Vestland har lagt lista høgt når det gjeld klimaambisjonar, med netto nullutslepp av klimagassar innan 2030. I konkurransegrunnlaget skal klimagassutsleppa frå bussdrifta kuttast med 60 til 80 prosent, samanlikna med i dag. Saman med kommunar, næringsliv og organisasjonar skal vi nå dei ambisiøse klimamåla vi har sett, seier fylkesordførar Jon Askeland, etter at fylkesutvalet har vedteke å lyse ut anbod for nye busskontraktar i tre regionar i Vestland.

Minimumskrava til utsleppskutt føreset at fylkeskommunen opparbeider el-infrastruktur på bussanlegg og terminalar. 
Dei årlege meirkostnadane knytt til klimagassreduksjon er estimert å liggje på mellom 10 og 20 millionar kroner. I tillegg kjem investeringskostnadar i oppgradering og ladesystem (eingongskostnadar) estimert til mellom 75 og 120 millionar kroner.

Dialog med kommunane

Rutetilbodet vil bli vidareført på same nivå som i dag, med einskilde omprioriteringar og styrkingar. Dei nye kontraktane legg til rette for meir fleksible mobilitetstenester, utover faste rutetilbod. Det er gjennomført dialogmøte med alle dei 20 kommunane i kontraktsområda. I møta gjekk Skyss gjennom kva endringar dei såg føre seg i ny kontrakt. Kommunane fekk høve til å kome med innspel både munnleg i møtet, og skriftleg i etterkant. Fleire av desse innspela er lagt til grunn i forslaga til styrking, justering og omprioritering av rutetilbodet. 

Betre rutetilbod for unge og pendlarar

Eit gjentakande innspel frå mange kommunar er ønske om betre rutetilbod retta mot born og unge. Ut i frå ei fagleg vurdering og i samsvar med innspel frå kommunar, blir det foreslått å auke rutetilbodet på utvalde linjer i Sogndal, Luster, Bømlo, Stord, Fitjar og Sveio. Forslaget knyt seg til ein auke i rutetilbodet på kveldstid og i helg, for å skape eit betre transporttilbod for fritidsreisande, spesielt barn og unge og innbyggjarar utan bil.
Det er også gjort faglege vurderingar på tvers av det geografiske områda med tanke på kor godt pendlartilbodet treff etterspurnaden. To strekningar har peika seg ut. Mellom Luster og Sogndal kommune er det mange arbeidspendlarar og skuleelevar, og ei vurdering av transportbehovet tilseier at det kan vere tenleg å ha eit direkte tilbod morgon og ettermiddag, for å betre leggje til rette for kollektivreisande.
Det er også tilrådd å styrke rutetilbodet i rushtidene langs strekninga Vassenden-Førde for å gje hyppigare frekvens. I tillegg vert enkeltavgangar mellom Skei og Førde justert for å betre leggje til rette for pendlarar til Førde sentralsjukehus.

Det er òg lagt opp til ny rutestruktur for bybuss i Leirvik, Førde og Florø.

Utvidar tenesta serviceskyss

Serviceskyss er faste ruter som er sett opp på faste dagar, men som berre køyrer når dei er bestilte. Det er i dag eit slikt tilbod i Sunnfjord og Sogn og det vert gjort justeringar på enkelte av rutene, i tråd med innspel og ønskje frå kommunane. I ny kontrakt er det planlagd oppstart av serviceskyss i Bømlo, Sveio og på Stord. Dersom det viser seg at tenesta over tid ikkje vert brukt, kan det gjerast omprioriteringar i løpet av kontraktsperioden. 

Styrkar arbeidet med rekruttering

Vestland fylkeskommune har lenge jobba med rekruttering til bussjåføryrket, blant anna gjennom løyvingar frå fylkestinget. Det skal frå juni 2026 etablerast ei bonusordning som stimulerer operatørane til å redusere graden av delte skift blant sjåførane, for å betre arbeidskvardagen til sjåførane og styrke rekrutteringa til yrket. 

– Sjåførrekruttering er framleis ei utfordring, og vi har difor eit ynskje om å vidareføre ein bonusmodell for reduksjon i grad av delte skift med inntil 50 prosent også i dette anbodet. I samband med forhandlingane i Bussanbod 2025 fekk vi verdifulle innspel frå operatørane på korleis dei best kunne nyttiggjere seg av bonusmodellen, og modellen er no forbetra i tråd med desse innspela, kommenterer Askeland.

foto av bussjåfør og passasjer på veg inn i bussen
REKRUTTERING: Det skal frå juni 2026 etablerast ei bonusordning som stimulerer operatørane til å redusere graden av delte skift blant sjåførane, for å betre arbeidskvardagen til sjåførane og styrke rekrutteringa til yrket. (Foto Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Du kan lese meir om justeringar av rutetilbod i sjølve saka : PS 118/2024: Mandat for konkurranseutsetjing - Bussanbod 2026 

Dagens busskontraktar gjeld til juni 2026, og operatørar i dag er Tide Buss AS og Firda Billag Buss AS. Utlysing av konkurransen skal skje seinast hausten 2024.

Følgande innstilling vart vedteke i fylkesutvalet onsdag 5. juni:

  1. Fylkesutvalet gjev fylkesdirektøren fullmakt til å kunngjere konkurranse og inngå nye busskontraktar i Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland med oppstart i juni 2026 basert på følgjande føresetnader:
               
    a) Det faste rutetilbodet vert vidareført på same nivå som i dag, men med justeringar for å betre tilpasse tilbodet til etterspurnaden. Dei fleksible bestillingstilboda vert vidareutvikla og utvida:
  • Tenesta serviceskyss vert vidareført. Det vert oppretta ny serviceskyss i kommunane Bømlo, Stord og Sveio, slik at alle kommunar i området har denne tenesta.
  • Tenesta trygt heim vert vidareført. Tilbodet vert tilpassa etterspurnaden.
  • Tenesta digital fleksibel bestillingstransport vert oppretta i Fitjar og Sandane (Gloppen).

b) Det vert lagt til rette for å kunne utvikle og justere mobilitetstilbodet gjennom kontraktsperioden ved å ta i bruk nye og innovative mobilitetsløysingar.

c) Bussane skal vere universelt utforma i samsvar med krav i Likestillings- og diskrimineringslova §17, samt leggje til rette for at brukarane i størst mogeleg grad kan reise sjølvstendig i tråd med CRPD.

d) Bussmateriell skal tilfredsstille krav til UNECE R-29 og i tillegg UNECE R-93 der det er mogleg.

e) Klimagassutsleppa frå bussdrifta skal kuttast med 60 til 80% samanlikna med i dag. Det vert stilt minimumskrav til elektrisk framdrift, som utløyser rund 60% utsleppskutt, i kombinasjon med ei bonusordning på inntil 8MNOK per år for å utløyse mest mogeleg CO2-kutt (opptil 80%).

f) Fylkeskommunen stiller bussanlegg til råde gjennom leigeavtalar som blir finansiert ved husleige den vinnande operatøren betalar til fylkeskommunen.

g) Det blir lagt til rette for nettoppgradering og ladeinfrastruktur på hovudbussanlegg som
fylkeskommunen stiller til råde, og terminalar fylkeskommunen tek ansvar for. Dette medfører ein eingongskostnad til nettoppgradering og ladeinfrastruktur på 75-120 MNOK.

h) Det blir etablert ei bonusordning som stimulerer operatørane til å redusere graden av delte skift blant sjåførane, for å betre sjåføranes arbeidskvardag og styrke rekrutteringa til yrket. Årlege meirkostnadar er estimert til 7-10 MNOK per år.

2. Kontraktane vil bli finansiert gjennom komande budsjettprosessar med 100 til 120 MNOK per år. I tillegg kommer investeringskostnadar (eingongskostnadar) på mellom 75-120 MNOK for nettoppgradering og ladesystem.