Fylkesutvalet vil leggje til rette for ei trygg og inkluderande russefeiring

Vestland fylkeskommune løyver inntil 2 millionar kronar til tilrettelegging av trygge og inkluderande russearrangement. Tiltak skal vere i regi av frivillige og ideelle organisasjonar.

Russ som festar i en park.
TRYGT: Vestland fylkeskommune vil leggje til rette for at russefeiringa skal være trygg og inkluderande for alle russ. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Fylkesutvalet vedtok i møte i dag at lokale partar som frivillige organisasjonar eller idrettslag, kan søkje om tilskot til arrangement for russen. For ein del elevar utfordrar russefeiringa retten til å høyre til eit godt og inkluderande skulemiljø. I heile landet blir det meldt om utanforskap, kjøpepress og ekskludering i samband med russefeiringa. Etter opplæringslova har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

– Russefeiringa er ein viktig del av ungdomskulturen, men utviklinga har gjort at mange føler at feiringa er utrygg og ekskluderande. Vi ønskjer difor å leggje til rette for at til dømes idrettslag og frivillige organisasjonar kan lage trygge og inkluderande russearrangement, seier fylkesordføraren.
 
Fylkesordføraren presiserer at fylkeskommunen ikkje skal stå som arrangør av russearrangementa. Midla skal òg dekke andre delar av arrangementa som transport til knutepunkt, vakthald, sikring av området, sanitære fasilitetar og avfallshandtering. Arrangementa skal berre vere for russen. Områda skal ikkje gje tilgang for russebussar eller andre køyretøy.

Russefeiringa er privat

Russefeiringa er i utgangspunktet og som tradisjon ei privatsak. Ein del elevar opplever i denne perioden utanforskap, kjøpepress og ekskludering. Dette verkar negativt inn på heile skulemiljøet, mellom anna gjennom å opprette grupper som aktivt stenger andre elevar ute. Vestland fylkeskommune har gjennom mange år arbeida for ei trygg og inkluderande russefeiring saman med politiet, Trygg Trafikk, Statens vegvesen og Bergen kommune.

– Når fylkesutvalet no løyver midlar er det fordi vi ønskjer at russefeiringa i Vestland skal vere inkluderande og at ingen elevar kjenner på utanforskap, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Evaluering etter russefeiringa

Fylkesutvalet vedtok at russefeiringa skal evaluerast når den er ferdig og at arbeidet skal gje bakgrunn for rammer for fylkeskommunal medverknad for åra framover. Desse rammene skal vere klare hausten 2024 i samband med budsjett for 2025.

Vestland fylkeskommune skal i det vidare arbeidet utarbeide ein plan for tiltak saman med skulane for å få rammer for russefeiringa slik at ho blir trygg og inkluderande. Løyvinga frå fylkesutvalet 15. februar til russefeiringa i 2024 vert finansiert av disposisjonsfondet.