Fylkesutvalet ønskjer lov om besøksbidrag velkomen
– Vi er positive til at regjeringa vil gje kommunane høve til å innføre besøksbidrag i reiselivsnæringa, og at dei vil jobbe vidare med ordningar for også å hente inn midlar frå dagsbesøkande, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Nærings- og fiskeridepartementet har sendt forslag til ny lov om besøksbidrag på høyring, og fylkesutvalet vedtok høyringsinnspel frå Vestland fylkeskommune i møtet 10. desember.
Stadig fleire turistar gjer at norske kommunar må legge til rette for eit langt høgare folketal enn berre dei fastbuande når det gjeld tilbod som blant anna toalett, søppel, parkering og fellestransport til utfartsstadar. Det har difor lenge vore ein diskusjon i reiselivet om behovet for ei ordning som kan finansiere slike fellesgode. Lovforslaget frå regjeringa er eit svar på dette.
Har venta på ei slik ordning
– Vi ønskjer lovforslaget veldig velkomen, dette har vi venta på. Det er viktig for kommunane å kunne leggje til rette for både eigne innbyggjarar og besøkande. Besøksbidraget kan bidra til at kommunane slepp å setje lokalbefolkning og turistar opp mot kvarandre. Samstundes meiner vi at det både treng visse presiseringar og vidare arbeid. For Vestland er det heilt vesentleg at vi finn ei fast ordning der også dagsturistar som til dømes cruiseturistar blir omfatta av ordninga med besøksbidrag, seier fylkesordføraren.
Inntil det kjem på plass nasjonale føringar som gjeld dagsturistar, meiner fylkesutvalet kommunar med få overnattingsbedrifter, må ta ansvar for at bubilar og cruisepassasjerar også bidreg til fondet. Her ligg det handlingsrom i eksisterande regelverk.
Må kome reiselivet til gode
Departementet føreslår i høyringsforslaget at kommunane får løyve til å leggje på ei avgift på alle former for overnatting på inntil fem prosent av overnattingskostnaden. Forslaget inneber at kommunane sjølve avgjer om dei skal nytte seg av retten til å krevje av denne avgifta og at kommunen sjølv bestemmer kor høg satsen skal være, inntil 5%. Avgifta skal tilkome kommunen, men være øyremerka «reiselivsrelaterte fellesgode».
Fylkesutvalet er opptekne av at besøksbidraget må øyremerkast i eit fond for fellesgode i reiselivet, og at ordninga også må ha eit krav til regional samordning. Ei slik samordning kan sikre at ordninga også kjem område med mange besøkande, men få overnattingsbedrifter, til gode.
Forslaget til lov om besøksbidrag ligg på regjeringen.no.
Fylkesutvalet vedtok dette høyringsinnspelet:
1. Fylkesutvalet støttar regjeringa sitt forslag til lov om besøksbidrag, men legg til grunn at regjeringa held fram med arbeidet for å finne løysingar for at også dagsturistar blir omfatta av ordninga.
2. Fylkesutvalet legg til grunn at midlane som kjem inn via ordninga blir øyremerka i eit fond for reiselivsrelaterte fellesgode.
3. Fylkesutvalet går inn for at ordninga skal innehalde eit krav til regional samordning slik at ein sikrar at område som har høgt besøkstrykk, men få overnattingsbedrifter, kan utvikle gode reiselivsrelaterte fellesgode.
4. Medan ein ventar på nasjonale føringar som gjeld dagsturistar, må kommunar som har få overnattingsbedrifter ta ansvar for at bubilar og cruisepassasjerar bidreg til fondet for fellesgode gjennom å bruke handlingsrommet i eksisterande regelverk.