Fylkespolitikarane vart orienterte om vidare arbeid med Bybanen
Overordna mål, rammer og utdjuping av kompromissforslaget var tema då fylkesdirektøren i dag orienterte fylkespolitikarane om mogleg veg vidare for Bybanen.
Det var eit felles orienteringsmøte for hovudutval for samferdsel og mobilitet og fylkesutvalet 14. august. Der utdjupa fylkesdirektør Rune Haugsdal forslaget til kompromiss for bybanetrasé til Åsane, og orienterte om prosessen som var fram til forslaget vart offentleggjort 9. august.
Etter orienteringsmøtet var det eigne møte i både hovudutvalet og fylkesutvalet. Her var det lagt opp til at fylkesutvalet skulle vedta ei tilråding til fylkestinget om rammer for det vidare arbeidet med Bybanen.
Ventar på bystyret
Både hovudutval for samferdsel og fylkesutvalet valde å utsetje saka for å vente på vedtak i bystyret i Bergen.
– Det er naturleg at det administrative forslaget frå fylkesdirektøren først vert behandla av bystyret i Bergen, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vestland fylkeskommune har tidlegare støtta at Bybanen til Åsane skal gå over Bryggen, og fylkesdirektøren understreka i orienteringa si at dette framleis er det føretrekte alternativet for fylkeskommunen. Bakgrunnen for kompromissforslaget som no er lagt fram, er at ei ny tunellutgreiing som Bergen kommune ønskte, vil ta lang tid og stoppe kontinuiteten i bybanebygginga.
Fylkestinget skal gjere endeleg vedtak i saka på vegner av Vestland fylkeskommune, og det er lagt opp til vedtak i fylkestinget i møtet 1. og 2. oktober. Det føreset behandling i hovudutval for samferdsel og mobilitet og fylkesutvalet før dette.
Høgkvalitets og kapasitetssterkt kollektivsystem til Åsane
Fylkesdirektøren starta og avslutta orienteringa si med å streka under det overordna målet med å byggje bybane til Åsane.
– Det handlar om byutvikling. Åsane veks og vil trenge ei ny kollektivløysing. Vi må etablere eit høgkvalitets og kapasitetssterkt kollektivsystem til Åsane med svært god framkome. Det fortener Åsane, og det er det overordna målet, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal.
Ei gjennomgåande bybanelinje frå Åsane i nord og til Flesland i sør vil òg styrke kapasiteten og bidra til å auke frekvensen på linje 1. Dette er berre mogleg når bana frå sør kan køyre vidare og ikkje stoppe i sentrum som no.