Fylkesordføraren talte til fylkestinget

Her er talen fylkesordførar Jon Askeland heldt då fylkestingsmøtet i Førde opna 1. oktober.

Fylkesordførar Jon Askeland på talarstolen. Fylkesdirektør Rune Haugsdal sit ved bord til høgre for han.
TALE: Fylkesordførar Jon Askeland opnar kvart fylkesting med ein tale til tinget. (Foto: Hilde Joranger Mæland/Vestland fylkeskommune)

Sist torsdag opna verdas viktigaste industrianlegg i Øygarden, slik energiministeren sa det. Verdas første og største fangst- og lagringsanlegg for C02, vedteke av eit samla storting i 2020. Norsk teknologi i botn frå TCM Mongstad. På summiten same dag kom det tydeleg fram at me når ikkje 1,5 graders-målet utan lagring av CO2. Folk og kunnskap i Vestland leiar det å løysa ei av vår tids aller største utfordringar, og viser at det finst moglegheiter når du står i eit problem.

På folkefesten rørte eit stort kor oss til tårer ved framføringa av A Million Dreams frå filmen The Showman:

Every night I lie in bed
The brightest colors fill my head
A million dreams are keeping me awake
A million dreams, a million dreams
I think of what the world could be
A vision of the one I see
A million dreams for the world we're gonna make

Me har eit ansvar for å oppfylla mange hundre tusen sine draumar i Vestland. Og medansvar for mange draumar.

Dette inneber å finna løysingar innan det ansvaret og dei rammene me har. KS sin tydelegaste beskjed er at kommune-Noreg har lagt bak seg ein økonomisk gullalder, med kun økonomisk vekst dei siste ti åra. Dette er det no brutalt slutt på. For at du og eg skal få reduserte renter, må kommunesektoren brukast for å kjøla ned økonomien. Eg er derfor sikker på at fylkesdirektøren kjem med ei vise i budsjettet i år, som heiter kutt, kutt, kutt.

Dermed må me folkevalde oppfylla draumar innan trongare økonomiske rammer, og må prioritera for å unngå luksusfellen. Og her vidaresender eg siste sjokkgranat frå Statens vegvesen: Prisen for gladmeldinga om K5 er at dei  har varsla at dei kjem med ei «hyggeleg» melding om at Vestland fylkeskommune må stilla med garanti til staten på mellom 9–12 milliardar for prosjektet. Dette fekk me vita rett før helga, og eg meiner me må utfordra staten på å slutta med at gjeldstynga fylkeskommunar skal stilla garanti for den norske stat.

Det å starta på vidaregåande er den viktigaste sjansen til å starta på nytt, sa rektor her på Førde vgs. til nokre av oss i går. Derfor dimensjonerer me eit utdanningstilbod med desentralisert skulestruktur og eit utdanningstilbod for eit noko lågare elevtal. Eg treng ikkje tenna debatten, men vil peika på tre forhold. Eg meiner klart at me må ha ei langt oftare, og løpande justering, enn desse store debattane kvart 8–10. år. Dei er opprivande, krevjande og vonde for lokalsamfunna, og dei medfører polariserte debattar.

Å ha strategidebatt så sjeldan er lite tenleg. Eg kunne ideelt tenkt meg annakvart år på den nære dimensjoneringa, men òg investeringsplanar bør klart vera sjeldnare. Eg håpar hovudutval for opplæring og kompetanse kan drøfta dette vidare. Me ha ein plan, for på nokre av faga kan variasjonane i dei årlege søknadene, faktisk leggja ned program utan ein plan.

Kast ikkje alle argument inn i debatten, som til dømes førsteønskeretten. Den kan me enkelt oppfylla ved i yttarste grad å tilby studiespesialisering og teknologi- og industrifag. Lite å velja i gir høg prosent, me treng breidde i tilboda for å oppfylla elevane og arbeidslivet sine draumar og behov. Runden har også vist at me har sett i gang grupper på studiespesialisering på fire elevar. Eg forventar at det i justeringssaka i vinter blir rydda i vilkår for igangsetjing og oppfyllingsprosent.

Det er ein del draumar som brest på grunn av psykisk uhelse. Dette gjeld oppfølgingstenesta vår, og det gjeld også dei som står heilt og delvis utanfor arbeidslivet. Eg viser også til årsmeldingane frå elev- og læringombodet og mobbeombodet, og eg slår fast: nulltoleranse for utanforskap. Som tidlegare rektor på Askøy vgs. sa som sin filosofi: Eg seier aldri at ein elev er vanskeleg, eg seier at eleven har det vanskeleg, det mobiliserer viljen til å hjelpa.

Dette understrekar det statistikksjefen i NAV sa i eit foredrag: Dei fleste som står utanfor arbeidslivet har ikkje fullført vidaregåande utdanning. Rektoren i Førde sa til meg: Å få dei unge til å fullføra vidaregåande skule er det viktigaste av det viktige. Eg er samd.

Me skal handsama ei viktig sak. Beredt skal skilja ut eit nytt selskap for inkludering. Dette kan vera ein viktig pilot, og som eg heiar på for å inkludera fleire. Hovudmålet er å hjelpa menneske tilbake til arbeidslivet gjennom utdanning. Rune Soltveit i Beredt vil visa veg for at me skal få dei 9000 unge, og i alt 22 000 menneska i arbeidsfør alder som ikkje er registrerte med jobb og utdanning hjå Nav, til å delta og få det betre.

Me styrer mot meirforbruk på kollektivsektoren i år. Eg brukar siste del av taletida mi her: Me lukkast svært godt med byvekstavtalen vår. Bruken av kollektiv aukar månad for månad. Men me har ikkje pengar til å setja inn auka kapasitet, slik me burde. Eg meiner meir av byvekstmidlane må gå til drift av kollektiv. Alle fylkeskommunane varslar no kutt i ruteproduksjonen og auka billett-takstar, dette kom fram i fylkesordførarmøtet sist veke.

Skal me kutta i tilbodet i Bergen? I Modalen og Hyllestad er det ikkje meir å kutta, for me må driva den lovpålagde skuleskyssen, som me får pengar for. Bussjåføren skal ha ei anstendig løn og arbeidstid, då kan tida gjerne nyttast til eit busstilbod som gjer at fleire pensjonistar kan bu heime.

Det ser ut til at kompensasjonen for gratisferje, og den statlege kostnadsnøkkelen for drift av fylkesvegferjer gjev midlar som forventa. Problemet er berre ein langt kraftigare kostnadsauke. På riksvegferjene har staten kompensert dette, men ikkje gjort det til fylka. Skal me stengja ned samfunn for å henta inn 100 millionar i kostnadsutfordringa på ferje? Eg forventar ein rettmessig kompensasjon lik det staten gjev seg sjølv, og igjen: Fylkeskommunane står samla i kravet.

I tillegg til dette: Både hjå oss og i resten av landet har me nokre ferjesamband som ikkje fungerer tilfredsstillande, sjølv om svara på eit spørsmål viser at dei fleste fungerer som dei skal. Ferja skal gå, men eg er i tillegg spørjande til om marknaden er velfungerande i anbodssystemet: Me har i år gitt ferjeselskapa 8 millionar i bøter, likevel var det 125 ferjeavgangar som ikkje gjekk på Varaldsøy i sommar. Fylkesting, her må det jobbast meir, og dette er ikkje berre eit vestlandsproblem. Innbyggjarane må få eit trygt tilbod, slik dei fleste har også hjå oss.

Det er mogleg me ligg vakne kvar kveld på grunn av ein million tankar om å skapa den verda me vil ha. I økonomisk trongare tider, men i eit land med livsvilkår dei fleste misunner, så må me evna å føreta dei rette prioriteringane. Me skal ikkje kasta blikket langt utover landegrensene før det er meir å halda seg vaken for enn hjå oss. Me må faktisk dyrka det me har arva frå kristenrett, og Lagabøte-jubileet vidare, for velfungerande demokrati og trygge samfunn er ikkje sjølvsagt.

Godt vestlandsting!