Fylkeskommunen styrker klimasamarbeidet med kommunane

Ragnhild, Ingeborg og Marie rekkjer ut ei hand til kommunane og vil ha dei med på laget for eit styrka samarbeid om klima og klimaomstilling gjennom satsinga KlimaVestland.

Tre kvinner ved eit bord med bærbar pc framfor seg.
KLIMAVESTLAND: Marie Koksvik Thorsen (f.v.), Ingeborg Klokkersund Djupevåg og Ragnhild Berge Feidje er den nye klimasatsinga til fylkeskommunen ut mot kommunane. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Det er sagt mange gonger før, men det er essensen i klimaarbeidet: Klimautfordringane er globale, men må løysast lokalt, av kommunar, næringsliv, organisasjonar og andre. Fylkeskommunen ønskjer å bidra meir i dette arbeidet ut mot kommunane, og vi har difor no styrka kapasiteten for auka innsats, fortel Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og analyse i Vestland fylkeskommune.

Ingeborg Klokkersund Djupevåg, Marie Koksvik Thorsen og Ragnhild Berge Feidje er dei tre som no skal jobbe for å styrke samarbeidet med kommunane på klimasida. Ragnhild har jobba saman med kommunane lenge, medan Ingeborg og Marie er tilsette i prosjektstillingar.

Klimanettverk og webinar

– Det er jo ei stor oppskalering, å gå frå ei til tre stillingar. Det gir oss heilt andre og sjølvsagt større moglegheiter. Vi vil ha både eit klimanettverk for kommunane, der målet er erfaringsdeling og å lære av kvarandre. I tillegg set vi i gang med kortare webinar, som vi har kalla klima&kaffi. Det blir meir uformelt, der ein kan vere med berre for å lytte, fortel Ragnhild.

Utgangspunktet for klimasatsinga er regional plan for klima 2022–2035 og oppfølging av denne. Klimaplanen er eit verktøy for å styrke klimaarbeidet i heile fylket. Klima og miljø skal vere eit premiss for samfunnsutviklinga, og skal inngå i alt vi gjer. Akkurat no er det handlingsprogram for 2022–2025 som gjeld.

Avhengig av kommunane for å nå klimamåla

– Den regionale planen er langsiktig, men handlingsprogrammet har konkrete tiltak, og syner kva vi skal prioritere her og no. Og auka klimamerksemd i kommunane er eit prioritert område. No ser vi fram til å kome skikkeleg i gang og få oversikt over alt det gode arbeidet som skjer rundt om i kommunane i Vestland, seier Ingeborg.

Ho er opptatt av at det skal vere deling og læring mellom kommunane, men òg mellom kommunen og fylkeskommunen.

– Vi vil høyre frå kommunane kva dei ønskjer og treng frå oss. Kva kommunane gjer er heilt avgjerande for at fylket og fylkeskommunen når klimamåla våre, særleg når det gjeld arealbruk, klimatilpassing og utsleppsreduksjon, seier ho.

Ønskjer god dialog med kommunane

Dei tre som no skal ta eit krafttak for klimasamarbeidet i fylket har fordelt områda mellom seg. Marie skal jobbe særleg med kommunen som organisasjon, når det gjeld utslepp frå kommunen, klimarekneskap og klimabudsjett. Ingeborg har ansvar for det som gjeld utsleppsreduksjon, medan Ragnhild skal jobbe med klimatilpassing og er kontaktperson for satsinga.

Dei er på tilbodssida ut mot kommunane og er opne for å samarbeide om ulike prosjekt. Døme på eit slikt prosjekt er klimarisikoprosjektet Vestland fylkeskommune no har saman med Årdal kommune. Kommunen er prosjekteigar, og målet er å utarbeide ein metode for å analysere alle konsekvensane klimaendringane kan ha for kommunen som samfunn – ei klimarisikoanalyse.

– Vi vil styrke samarbeidet med kommunane ved å bidra inn i planprosessar med råd og samtalar. I tillegg besøker vi gjerne både politiske møte og administrasjon for å snakke om oppfølging av klimaplanen. Og så er vi veldig interesserte i å diskutere prosjektsamarbeid med kommunane, seier Marie og oppmodar kommunane til å ta kontakt.