Fylkesdirektøren testa livet som kollektivreisande med kvit stokk
– Svært lærerikt, og litt skummelt, seier fylkesdirektøren, etter å ha teke både bybane og buss som svaksynt. Byvandringa markerer startskotet for å intensivere arbeidet med universell utforming i fylkeskommunen.

Sist måndag inviterte Vestland fylkeskommune åtte personar med nedsett funksjonsevne til dialogmøte om fylkeskommunen sitt arbeid med universell utforming. På plass var også seks avdelingsdirektørar, direktørane for Skyss og Bybanen utbygging, og fylkesdirektør Rune Haugsdal.
Skal intensivere arbeidet
Bakgrunnen for initiativet er eit fylkestingsvedtak frå 13. juni 2023, der politikarane etter ein tilstandsrapport over Vestland fylkeskommune sitt arbeid med universell utforming ber fylkesdirektøren følgje opp og intensivere arbeidet.
Ei rekke e-postar frå svaksynte Øyvind Karlsen, til både postmottak og fylkesdirektør, bidrog og til at dialogmøtet vart ein realitet. I e-postane peika Karlsen på ting som ikkje fungerte, og inviterte like godt fylkesdirektøren til «byvandring med kvit stokk».
– Alle førespurnadene frå Karlsen kunne koplast med vårt eige arbeid med universell utforming, og både seminaret og byvandringa passa godt inn i det arbeidet, fortel Haugsdal.
Fylkesdirektøren takka difor ja, og inviterte samtidig med seg alle avdelingsdirektørane i fylket.
Handlar om menneske
– Bestillinga frå politikarane våre er å arbeide målretta med rutinar og kompetanse knytt til universell utforming i Vestland. Vi skal vere eit universelt utforma samfunn, og korleis kjem vi dit? Det ligg mykje godt arbeid føre oss, samstundes som det alt er gjort mykje bra. Vedtaka vi gjer skal vere i tråd med lovverket, og universell utforming er meir enn å berre innfri minimumskrav i tekniske forskrifter. Det handlar også om å gi menneske moglegheit for sjølvstendigheit og opplevingar i kvardagen. Dette er eit kick-off for å ta på alvor det som står i rapporten, og følgje opp politiske vedtak, innleia Haugsdal.

– Lærerikt, og litt skummelt!
Korleis er det å reise med kollektivtransport med nedsett funksjonsevne? Guidar med lang personleg erfaring med å ta seg fram med ulik nedsett funksjonsevne viste veg. Skjermar, billettautomatar, gangvegar, tilkomst til skular, museum, tannklinikkar, bybane og bussar m.m. vart prøvde ut og vurderte. Målet med byvandringa var å få meir kunnskap om i kva grad fylkeskommunen oppfyller krava om universell utforming. For fylkesdirektøren var dette ei heilt ny øving.
– Det var særs lærerikt – og litt skummelt, seier Haugsdal, som under byvandringa gjekk store strekk med lukka auge og kvit stokk.
– Eg opplevde ei rekke løysingar som ikkje var universelt utforma. Det var eksempelvis feil på ledelinjer, manglande informasjon med lyd eller blindeskrift, eller utforming som gjorde det vanskeleg å ta seg fram i rullestol, fortel fylkesdirektøren.
Ledelinjer er ein eller fleire samanhengande linjer, som leiar personar med nedsett syn frå eitt punkt til eitt anna.

–Må snakke meir saman på tvers
Øyvind Karlsen gjekk saman med Rune Haugsdal under heile byvandringa og er godt nøgd.
– Eg synest det gjekk veldig fint, og det er bra at det vert teke tak i. Eg trur byvandringa gjorde inntrykk på dei fleste, og dei fekk nok nokre aha-opplevingar, fortel Karslen, som til dagleg jobbar som vegplanleggar i avdeling for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
– Eg sit med nasen i ein dataskjerm og teiknar vegar og kollektivanlegg, med meir. Som vegplanleggar er også eg ansvarleg for at gang- og sykkelvegar er etter boka. Det er ikkje berre i fylket dette er ei utfordring. Mange verksemder må bli flinkare til å jobbe og snakke saman, i både stat, fylke og kommune. Skal heile kundereisa kunna gjennomførast frå a til å må fleire ting vere på plass og sjåast i samanheng. Det skal ikkje meir til enn at to fagfelt ikkje har snakka saman, så ligg ledelinja feil, eller kantsteinen er lagt for høg. Eg har sjølv jobba med dette i 16 år og vert aldri utlært, seier Karlsen.

– Vi må ta tak
Både byvandringa og dialogmøtet har gitt meir kunnskap på området.
– Dette var viktig for å betre vår eigen kunnskap om universell utforming – og ikkje minst gjere noko med det. Vi må ta tak, og arbeide for å betre dei løysingane som vi har ansvar for. Eg vil rette ein stor takk til rettleiarane som følgde oss rundt i byen denne dagen, seier Haugsdal.