Fleire arkeologiske funn før vegutbetring langs Lustrafjorden
Det skal lagast betre veg, men først må fortida kartleggjast. På Nes i Luster kommune fann arkeologane både eit forhistorisk gardstun, åkrar og ei gravrøys.

– Vegen her er i dag smal og svingete, og har ikkje kapasitet til å ta unna all sommartrafikken vi har over Sognefjellet, slik at det oppstår trafikkfarlege situasjonar. Vi jobbar no med reguleringsplanen for prosjektet. Då er det mange omsyn å ta, blant anna arkeologiske registreringar, seier Gunnhild Sande, planleggingsleiar frå Vestland fylkeskommune.
Eit av fleire miljøomsyn
I samband med planprosessen har arkeologane til fylkeskommunen i vår vore på staden og gjort spennande funn. Arkeologiske registreringar er berre eit av fleire miljøomsyn i planprosessen, men dei er kanskje dei som er lettast å sjå.

– Vi fekk opna rektangulære sjakter ved hjelp av gravemaskin. Sjaktene låg spreidde med jamne mellomrom utover bøane. For utrente auge var det lett å sjå sjaktene, men vanskelegare å få auge på stolpehola i den steinete grunnen, men dei er der, forsikrar arkeolog Andrea Skrede.
På spor av ei anna tid
Ho fortel vidare at dei fann fleire rekker med stolpehol etter det som har vore takberande stolpar.
– Stolperekkene syner oss at her har det stått fleire bygningar i eldre jernalder. Det er lett å forstå kvifor folk har busett seg her. På Nes hadde dei tilgang til gode og lettdrivelege jordbruksområde, samstundes som det er kort veg til både fjord og fjell, fortel ho.

Eit av stolpehola er C14-datert til 369–173 fvt. som svarar til førromersk jernalder. Dei førhistoriske husa på Nes er altså over 2000 år gamle. I tillegg til det som truleg er eit gardstun, har arkeologane også funne førhistoriske åkrar som går attende til eldre bronsealder i same område, og ei gravrøys som ligg tett på husa. Gravrøysa er datert til 110–236 evt., som svarar til romartid.
– Det er ei utruleg spanande samansetjing av funn som kan bidra med mykje ny kunnskap kring busetjingsmønsteret og kvardagslivet på Nes i førhistorisk tid, seier Skrede.
Fekk prøve seg som arkeologar
God samhandling internt i fylkeskommunen er viktig i samband med planprosjekta til avdeling for infrastruktur og veg. Og forståing av kvarandre sine fagfelt er sentralt. Difor hadde arkeologane og vegplanleggjarane ei felles synfaring på Nes tidlegare i vår.

– Det gav oss høve til å drøfte ulike rutinar og grensesnitt mellom fagfelta. Vi fekk også prøve oss som feltarkeologar og fekk betre kjennskap til og kunnskap om kvarandre. Vi ser kor viktig det er med dialog når det skal gjerast slike registreringar. For vår del er det viktig å få dette avstemt med kvar vi ventar å gjere inngrep når for å byggje vegen, planlegging av sjølve utføringa, avtale med grunneigar og få alt til å harmonisere med framdriftsplanen i vegprosjektet, fortel Øyvind Hauge Horge, seksjonsleiar planlegging.
Vegen vidare
Kulturminna på Nes er freda etter kulturminnelova. Dersom den planlagde vegutbetringa fører til inngrep i kulturminna, vil det krevje dispensasjon frå lova. Ein slik dispensasjon krev ofte at kulturminna skal gravast ut av Universitetsmuseet i Bergen før vegarbeidet kan ta til.
– Å grave ut funna og undersøkje dei er viktig for å dokumentere å sikre kunnskapen om kulturminna før dei forsvinn. Alternativt kan kulturminna regulerast til bevaring og bli liggjande som ei kjelde til kunnskap for ettertida. Kva som blir løysinga i denne saka kjem vi attende til seinare i planprosessen, seier Silje Foyn, kulturminnefagleg rådgjevar i Vestland fylkeskommune.

Ventar på finansiering
I mellomtida jobbar avdeling for infrastruktur og veg vidare med planlegging av prosjektet. Det er venta endeleg godkjent reguleringsplan i 2025, og når det blir byggestart er avhengig av når finansieringa kjem på plass.
– Når vi først startar reknar vi med ei byggetid på om lag to år, avsluttar Øyvind Horge Horge.