Får meir pengar til trafikktryggleik enn dei har søkt om

Det er ikkje ofte det offentlege gir meir pengar enn det kommunane har bede om.

Oversiktsbilde av Årdal.
FÅR PENGAR: Årdal er éin av fire kommunar som får tilskot til trafikktrygging. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Når politikarar frå ulike parti er einige om å gi meir pengar enn det søkt om, seier det kanskje litt om kor viktig trafikktryggleik er. Eit einstemmig trafikktryggingsutval vedtok å gi pengar til fire kommunar som har søkt om midlar.

Askvoll, Eidfjord, Øygarden og Årdal får pengar til trafikktryggleik.

— Det er ei gladsak at vi tildeler meir enn kommunane søker om. 600 000 kroner er fordelte på fire kommunar, som til saman hadde søkt om 450 000 kroner. Dei resterande 150 000 kroner er fordelte på dei fire kommunane, seier utvalsleiar Arve Helle.

Sånn ser fordelinga ut:

  • Askvoll får 112 500 kroner
  • Eidfjord får 112 500 kroner
  • Øygarden får 187 500 kroner
  • Årdal får 187 500 kroner

Viktig satsingsområde

Trafikktryggingsutvalet er eit rådgjevande organ i saker om trafikkspørsmål, og i saker om koordinering av trafikktryggingsarbeidet i Vestland fylke.

Her kan du lese meir om ulike tilskot til trafikktrygging som kan søkast om

Trafikktryggingsarbeidet er samla om nullvisjonen og ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken. Kommunale trafikktryggingsplanar er eit viktig satsingsområde for Vestland fylkeskommune for å nå måla i trafikktryggingsarbeidet.