Fagdag om kunstig intelligens samla 3000 lærarar
For andre år på rad har Vestland fylkeskommune arrangert fagdagar om kunstig intelligens (KI). I år var rekordmange lærarar og skuleleiarar samla i Grieghallen og i Førde for å lære meir om korleis dei skal ta i bruk KI i undervisninga.

Det er ikkje kvar dag at avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, kan ønske 2200 lærarar velkomen til fagdag om kunstig intelligens. Pågangen var så stor at Grieghallen måtte gjere tilpassingar i storsalen for å få plass til alle. Ytterlegare 800 lærarar deltok på den same konferansen i Førde dagen etter. Til saman deltok 3000 lærarar på dei to konferansane om KI 13. og 14. august.

– KI er ein faktor som går inn i heile samfunnet vårt og endrar veldig mykje av det vi held på med. Vi skal utdanne gode samfunnsborgarar og vi må førebu våre elevar på den verda som kjem. Det betyr at lærarane våre må ta innover seg kva dette betyr, og korleis dei kan bruke det, seier Lyngedal om kvifor konferansen er viktig.
Elevane er mykje flinkare enn lærarane i å ta i bruk ny teknologi, og brukar KI på både gode, og kanskje mindre gode måtar.
–Å be ein praterobot, ein chatGPT, om å lage eit ferdig arbeid å levere inn, er ikkje greitt. Men ein kan bruke KI til å hjelpe seg i prosessen med å lære på ein god måte. Det er det vi prøver å få til. Om lærarane og elevane saman kan finne ut av korleis dei skal bruke KI i klasserommet, kan det brukast på ein positiv måte. Det handlar om korleis KI kan styrke læring, utdjupar Lyngedal.

Nyoppretta KI-gruppe
Medan konferansen i fjor markerte startskotet for å jobbe med kunstig intelligens i skulen, vart det på årets inspirasjonsdag vist gode døme på korleis skular i Vestland alt har teke i bruk KI, både i undervisning og planlegging. Sidan sist er det etablert ei KI-gruppe i Vestland fylke med fire KI-pedagogar frå vidaregåande skular.
Desse pedagogane arbeider aktivt for å støtta skulane i arbeidet deira med konstruktiv bruk av KI i undervisning og vurdering. Gjennom NDLA (nasjonal digital læringsarena) er det òg utvikla læringsressursar om KI som er klare til skulestart.

Slik kan KI brukast i klasserommet
Martin Nordrik Hansen og Øyvind Hatleset, begge lærarar ved Slåtthaug vidaregåande skule, viste døme på korleis dei har teke i bruk KI både i klasserommet og under planlegging.
Dei har blant anna nytta copilot til å omsette og forenkle tekstar i samband med særskild språkopplæring og tilrettelagt opplæring.
– Skulle eg gjort det sjølv ville det teke veldig lang tid. KI kan lette på den ekstra arbeidsmengda lærarar kan føle på når dei skal tilpasse innhald, sa Nordrik Hansen.
Bruk av KI har gitt lærarane meir tid til undervisning og meir tid til å prate med elevane.
Hatleset fortalde om korleis bruk av KI har gitt elevane auka motivasjon til å løyse norskoppgåver. Book Creator er eit digitalt verktøy der elevane kan lage si eiga bok. Dette vert brukt saman med KI for å lage illustrasjonar dei kan legge inn i bøkene sine – og prateroboten til NDLA for kreativ hjelp.
– Då får elevane noko visuelt å forhalde seg til, som igjen fører til motivasjon. Vi vurderer ikkje boka, men har ein fagsamtale med elevane etterpå. Uansett kor mykje KI dei har brukt på produktet, hjelper ikkje det dei i å få god karakter på fagsamtalen, understrekar Hatleset.

Kom med tips til lærarar
Oddbjørn fauske, lærar ved Sandsli vidaregåande skule, viste korleis elevar kan bruke KI for å øve på matteforståing, medan skuleelev Lukas A. Sunde fortalde om korleis han brukar KI.
Sunde kom med konkrete råd til kva lærarar kan gjera når KI inntek klasserommet og byr på utfordringar: Han vil blant anna ha tydelege retningslinjer på kva som er lovleg bruk av KI, og at lærarar demonstrerer nyttig bruk. slik at alle elevar har tilgang på same verktøy.

Kjeldekritikk og TikTok
På scena stod blant andre professor Donald Clark frå Wildfire Learning. Clark har over tre tiår med erfaring ved skjæringspunktet mellom teknologi og læring. Han snakka blant anna om kor raskt utviklinga går på området.
– Teknologien utviklar seg for kvar veke som går. Å implementere KI i skulen er viktig. Elevar kjem til å bruke KI på skulen og arbeidsstaden uansett, det nyttar ikkje å lage restriksjonar, sa Clark.
Sølve Kuraas Karlsen, leiar av tenk.faktisk.no snakka om kva lærarar skal gjere i klasserommet når Putin, KI og TikTok bankar på. Kjeldekritikk og kritisk mediebruk var stikkord, og kor viktig det er å ha ein trygg vaksen å snakke med om det ein ser på nett.
– Vi ser at unge saknar å ha ein vaksen å snakke med om kva som skjer på nett. Det betyr ikkje at du må kunne TikTok, det betyr at du kan ha ein samtale med dei om det, sa Kuraas.

Jobben må skje på skulane
Bjørn Lyngedal avslutta inspirasjonsdagen med å seie at KI er noko alle må sette seg inn i og bruke.
– KI-gruppa jobbar tungt med å støtte skulane i arbeidet deira med å få til den utviklinga vi er nøydde å ta del i. Men jobben må skje på skulane, dette må den enkelte lærar og skule jobbe med i sin kvardag. Vi kan hjelpe til med kompetanseutvikling og teknologien som er nødvendig, men vi veit òg at mange skular har folk internt som kan gjere dette, sa Lyngedal.
Han understreka òg at dette er eit arbeid som vil ta tid, og at det må setjast av ressursar.
– Vi har alt hatt ein god del aktivitetar, og kjem til å fortsette heilt til vi føler at alle har den kunnskapen som er nødvendig. No skal vi flytte fokus til å få ting til i klasseromma på den enkelte skule, avslutta Lyngedal.
