Ein bauta i Bergen feira 10 år
– Amalie Skram videregående skole er blitt ein bauta i Bergen. Vi er kjempestolte, sa fylkesvaraordførar Stian Davies då skulen feira 10 årsjubileum 22. august.

1200 personar deltok på feiringa i gymnastikksalen på skulen. Her var elevar, tilsette, pensjonistar og representantar frå Vestland fylkeskommune, som er skuleeigar. Tidlegare elevar deltok med song og musikk, koret med tilsette song og etterpå var det jubileumskake til alle.
Hausten 2014 opna den nye skulen i Bergen sentrum. Tre skular vart slegne saman: Bergens Handelsgymnasium, Tanks videregående skole og Bjørgvin videregående skole. Under 10 årsfeiringa kom det mange godord om den nye skulen.

Stolte tradisjonar
– Amalie Skram vgs er bygd på stolte tradisjonar, men har skapt eigen kultur og identitet. Det er ein markant skule, ikkje berre i Bergen, men også langt utanfor grensene til byen. Skulen er meir enn berre ein utdanningsinstitusjon. Den er ein open og inkluderande møteplass for heile Bergen, sa fylkesvaraordføraren.
Godt miljø og høg trivsel pregar skulen.
– Amalie Skram tilbyr alt frå kinesisk og japansk til informasjonsteknologi, media og sal, service og reiseliv. Elevane kjem frå 51 ungdomsskular. Den er skulen i Vestland som har høgast innsøking. Dette gjenspeglar seg i veldig gode resultat. Av skulane i Bergen er det Amalie Skram som leverer flest studentar til Universitetet og Handelshøyskolen, sa Davies.

Prakteksempel
Skulen og symjeanlegget er eit felles prosjekt med Bergen kommune og ADO.
– Dette er eit prakteksempel på at vi får meir til saman når vi jobbar saman. Mange av elevane har gjort seg kjent i politikken, kulturlivet og gjennom revyen. I internasjonalt arbeid har også skulen markert seg. Hadde skulen vore bygd då eg gjekk, hadde eg søkt, men kanskje ikkje kome inn. Eg er sikker på at skulen vil få enda fleire suksesshistorier framover, sa fylkesvaraordførar Stian Davies.

Den beste skulen i Noreg
Bjørn Lyngedal var den første rektor på Amalie Skram. Etter suksessen med å omstille Stend jordbruksskule for nye tider, tok han fatt på å etablere den nye prestisjeskulen i Bergen.
– Vi skulle bygge ein skule som var annleis, som skulle få eigen kultur og skulle bli den beste skulen i Noreg. Vi skulle lage noko heilt nytt. Vi drog med oss element frå dei tre skulane som vart slegne saman, men henta og nytt frå andre skular. Det var gøy å få vere med på å etablere ein ny, så flott institusjon, seier Lyngedal.
Amalie Skram vgs er open frå morgon til kveld.
– Det er ikkje berre i klasserommet det skjer. Skulen har mange aktivitetar heile dagen utanom klasserommet. Det er ein open skule, og dette er med på å skape eit godt elevmiljø. Skulen gjev eit komplett tilbod, og det gjer den til noko av den beste skulen vi har i landet. Når elevane kjem frå 51 ungdomsskular, byrjar dei på nytt og får nye venner, seier Lyngedal.

Bytta tusen elevar med ein gjeng politikarar
Lyngedal likar å få nye utfordringar, men har og tenkt på kva jobbskifte inneber.
– Eg har mange gonger angra på at eg bytta rolle. Eg er stolt av Amalie Skram vgs. Skulen ligg mitt hjarte nær. Men eg har ein utruleg spennande jobb i dag. Eg plar seie at eg har bytta ut tusen elevar med ein gjeng politikararar. Det var kanskje ikkje eit godt val, men eg får høve til å utforme ikkje berre denne skulen, men og alle skulane i Vestland. Eg likar å få nye utfordringar, seier direktør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.

På fødselsdagen til Amalie Skram
Rektor Lars Berntsen var utruleg stolt. Tiårsjubileet var nemleg på fødselsdagen til Amalie Skram. Ho ville ha fylt 178 år.
– Det er ein stor ære for meg som rektor å få markere bursdagen til Amalie Skram. Desse ti åra har gått utruleg fort. Amalie Skram videregående skole er blitt ein institusjon i Bergen som alle kjenner til. Når vi er ute og reiser, nikkar folk anerkjennande når vi fortel kvar vi kjem frå. Vi har til og med hatt vårt eiga nummer i Nytt på nytt på NRK.
Berntsen seier det var krevjande å slå saman dei tre skulane.
– Men det har gått utruleg bra. Vi har tatt vare på dei gode tinga og vidareutvikla oss. Vi har greidd å skape vår eigen kultur og identitet. I dag snakkar vi heilt naturleg om Amalie Skram vgs. Vi ser løysingar og ikkje avgrensingar. Vi tør å prøve, og heller feile, enn aldri å tørre. Når så mange gode menneske jobbar saman, greier vi det og kjem styrka ut, seier rektor Lars Berntsen.

Revy og fargespel
Jenny Kvamme er tidlegare elev ved skulen. Ho gjekk ut i 2021 og underheldt med song for dei 1200 gjestene.
– Det er gøy å vere tilbake. I skuletida mi var det mykje revy, og der fann eg vennene mine. Vi hadde det veldig sosialt, seier Kvamme som song på den årlege revyen på skulen i alle tre åra ho gjekk der. No går ho på Handelshøyskolen og tar musikkstudium i tillegg.
Artisten Ward frå Fargespill, er også tidlegare elev ved skulen og song songar frå Midt-Austen og Nordhordland saman med Andreas Haugland på det persiske instrumentet tar, ein langhalsa lutt.
– Det er veldig greitt og kjekt å kome tilbake og sjå lærarane mine, seier Ward.

Viktig og stor forfattar
Lill Vibe Simonsen har vore norsklærar på skulen i mange år.
– Eg vart først overraska over namnevalet på skulen, men ganske kjapt innsåg eg at det var eit godt og klokt val. Amalie Skram er ikkje berre bergensar, men og en av våre viktigaste og største forfattarar og ein pioner innan naturalismen. Ho representerer verdiar som kunnskap, kreativitet og samfunnsengasjement, akkurat som skulen står for, seier Vibe Simonsen.

10 år – framstår som ny
Dag Svendsen jobba i 30 år ved Bergens Handelsgymnasium (BHG) og var invitert til festen.
– Eg slutta på BHG då skulen vart lagt ned og Amalie Skram vgs opna. Då var eg 68 år og fann ut at det var greitt å gje seg. Men eg har vore vikar her på skulen og også undervist på sommarskulen. Eg har fått fram mange elevar i matematikk. Det har vore kjekt å vere vikar her. Eg har ikkje vore vanskeleg å be. Amalie Skram er ein fantastisk skule, seier Dag Svendsen.
Helena Haugland er fersk elev denne hausten.
– Eg går i første klasse på sal, service og reiseliv. Sjølv om skulen er ti år, framstår den som ny. Det er ein veldig fin skule. Eg likar meg her, seier Helena Haugland.

Flinke lærarar – snille elevar
Etter jubileumsfeiringa i gymnastikksalen, vart det servert jubileumskake i kantineområdet.
Malin Svarstad, Lina Nygaard, Marie Bernzen og Maimona Atik går i 1. og 2. klasse på sal, service og reiseliv.
– Det var fin feiring og gode kaker. Amalie Skram vgs er ein veldig god skule. Vi er svært nøgde. Miljøet er fint. Vi har flinke lærarar, og elevane er veldig snille. Det var kjekt å kome inn på skulen. Vi ville gå på sal, service og reiseliv og på ein skule i Bergen. Det er Amalie Skram videregående skole vi vil gå på, seier dei fire elevane.