Ber Riksantikvaren frede Sandviksbodene 12–24 i Bergen
Vestland fylkeskommune vil frede tolv sjøbuer og eit område rundt dei.

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtok i møtet 13. mars å sende fredingsforslaget med dokumentasjon over til Riksantikvaren. Det er Riksantikvaren som gjer vedtak om freding.
Godt bevart sjøbruksmiljø
Sjøbuene har opphaveleg vore pakkhus for handelsvarer, som korn og salt, men har òg vore brukte i samband med framstilling av tørrfisk, klippfisk, tran og rogn. Seinare har buene vore nytta som produksjonslokale for sjøretta handverksverksemd, som seglmakarar, bøkkarar og blokkmakarar. Nokre av bygningane har vore nytta som naust, til lagring av båtar og anna utstyr.
– Vi ønskjer å frede Sandviksbodene for å sikre og bevare dei som bygningshistoriske, arkitektoniske og kulturhistoriske viktige døme på sjøbuer. Dei er tett knytte til den sjørelaterte bergenske nærings- og handelsverksemda frå 1600-talet og fram til første halvdel av 1900-talet. Vi meiner det er eit godt bevart sjøbruksmiljø som har nasjonal verdi, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Mellombels freding i 1992
Sandviksbodene 15–24 vart mellombels freda av Hordaland fylkeskommune i 1992. Etter det har det vore gjort eit omfattande og systematisk vedlikehalds- og restaureringsarbeid på bygga. Det gjeld både bygga kommunen eig, og dei som er eigde av private.
Fylkeskommunen har utarbeidd høyringsforslaget, som har vore ute til offentleg høyring. Det har også vore god dialog med dei private eigarane, Bergen kommune, Norges fiskerimuseum, Bergen kystkultursenter og Riksantikvaren. Bergen kommune slutta seg til fredingsforslaget i bystyremøtet 31. januar i år.
Dei tolv sjøbuene blir føreslått freda etter kulturminnelova § 15, medan området rundt blir føreslått freda etter § 19 i same lov.