Dårlege fylkesvegar – ny kartlegging syner kritiske behov for forsterkingstiltak

Slaghol, djupe hjulspor, sprekkar og vegkantar som sig ut er kjente syn langs fylkesvegane i Vestland. Ei ny kartlegging frå fylkeskommunen syner at det er kritisk med forsterkingstiltak på om lag 20 prosent av fylkesvegane.

Blå fjord med fjell og veg på høgre side i bildet, muren under vegen har rasa ut i fjorden. vi ser ut fjorden mot fjell i det fjerne, vår med lauvsprett på trea og lettskya blå himmel.
FORSTERKING MÅ TIL: På fv. 55 Gullringen i Luster har skaden allereie skjedd, delar av vegfundamentet har rast ut. Nye undersøkingar viser at 20 % av fylkesvegnettet i Vestland har eit kritisk behov for forsterkingstiltak, dette er om lag 1120 km fylkesveg. Foto: Glenn Flugeim Rømo/Vestland fylkeskommune

Rapporten "Kunnskapsgrunnlag for forsterkningsbehov på fylkesvegnettet" vart lagt fram for fylkestutvalet i Vestland 2. mai. Her er det gjort levetidsanalyse på dekke og bereevnemålingar på 850 km av fylkesvegane i Vestland, om lag 20 prosent av fylkesvegnettet.  

Kvardagsvegane må ikkje bli flaskehalsar

– Den største utfordringa er at vi på langt nær har nok midlar og ressursar til å gjere alle forsterkingstiltaka det er behov for, og tilstanden kan raskt bli kritisk. Fylkesvegane kan ikkje bli utrygge flaskehalsar som blir stengde på grunn av dårleg bereevne, dette må vi kjempe for, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

Om lag 170 km av dei undersøkte vegane har eit kritisk behov for forsterkningstiltak for å få lengre levetid på dekke og betre bereevne. Dei kartlagde vegane blir rekna som representative for resten av fylkesvegnettet i Vestland, og grovt rekna vil det koste om lag fire milliardar kroner å gjere dei mest naudsynte forsterkningstiltaka på dei om lag 5600 kilometrane med fylkesveg. 

– Rapporten byggjer på utprøvingar av fylkesveg i heile fylket vårt, som på Bordalsvegen i Voss der vi allereie har gjort tiltak. Dette er kvardagsvegar som er kritiske for både innbyggarar og næringsliv i bygd og by, legg Askeland til.

«Godt nok» kan sikre fleire fylkesvegar

Dårleg drenering er ofte ei årsak til at vegfundamentet blir dårleg. Skadane kjem då fort, ikkje berre dårleg dekke med farleg djupe hjulspor og sprekkar, men og at vegkantar og beremurar sig ut.

– Det er ikkje berekraftig å klatte ny asfalt på dårlege, nedkøyrde fylkesvegar. Fylkeskommunen ser etter løysingar for å få «gode nok» vegar til lågare økonomiske kostnadar, heller enn å velje den perfekte og dyraste løysinga. Med dette arbeidet får vi meir for pengane, raskare, og det betyr svært mykje for alle frå skulelevar til næringsdrivande.

Målet er å få ei total oversikt over forsterkingsbehovet og prioritere dei strekningane som må forsterkast først for å forlenge levetida til vegen. Å oppgradere drenering er også eit svært viktig tiltak for å tilpasse vegnettet til eit klima i endring med hyppigare flaum og ekstremnedbør.

Lengre levetid og tryggare vegar

Djupstabilisering og berelagsstabilisering må også til for å forsterke vegoverbygninga. Dette er forventa å gi ei rekkje fordelar, som betre trafikktryggleik, tryggare framkome, lengre levetid for vegdekke og vegfundament og auka bereevne.  Ei levetidsanalyse for dekke og bereevnemålingar vert no gjennomført på resten av fylkesvegnettet i løpet av 2024 og 2025.

– Slike tiltak vil også redusere vedlikehaldskostnadane, her skal vi jobbe langsiktig for å betre levetida på fylkesvegane, ha ei berekraftig forvaltning og ruste dei for framtida, seier Askeland.