Årdal vgs. gav 100 000 kr til artistar i Den kulturelle skulesekken (DKS)

Dei tre artistane kom til Årdal med dans og dokumentarfilm, og reiste derifrå med ei pengegåve til kunstnarar på flukt.

To menn på scene framfor skjerm med film.
GATO: Gato (t.h.) saman med Nicolai Lopéz. Dei er to av tre dansarar i framsyninga Gato, der publikum blir kjende med Gato og vilkåra hans som dansar i Guatemala. (Foto: Kristian Glomnes Selon, Seanse - senter for kunstproduksjon)

– Dette var heilt fantastisk! Det er alltid kjekt med respons, men det er første gong vi får ei slik tilbakemelding, og vi har vore mykje på vegen, seier Piero Issa, som er ein av tre artistar som står bak framsyninga Gato.

Gjennom dokumentarfilm, føredrag, paneldialog og dans blir publikum kjende med Gato og vilkåra hans som dansar i Guatemala. Ein av verdas farlegaste gjengar truar Gato på livet fordi han er dansar. Gato heiter eigentleg Carlos Quintera og er ein av tre artistar i framsyninga. Med seg har han Nicolai Lopéz og nettopp Piero Issa.

Vil ha elevane med i prosessen

Pengegåva frå Årdal vgs. skal gå til organisasjonen Safemuse, som jobbar for å gje trygge rammer til kunstnarar som er trua rundt om i verda. Issa er oppteken av å involvere elevane når pengane skal brukast.

– I og med at det er elevane som har samla inn pengar og gjort jobben, så skal dei få vere delaktige i prosessen vidare. Vi har snakka med leiaren i Safemuse, som vil vere med og snakke med skulen. Det er viktig for oss at gåva blir forvalta og følgt opp skikkeleg, og at elevane får vere med og sjå kor stor skilnad pengane frå dei kan utgjere. Gato har sjølv vore under Safemuse, og vi veit dei gjer ein fantastisk jobb, seier han.

To menn ved sidan av kvarandre på ei scene, den eine med handa på skuldra til den andre.
Gato saman med Piero Issa. (Foto: Kristian Glomnes Selon, Seanse - senter for kunstproduksjon)

Gjennom hiphopkulturen kom Gato seg ut av gjengmiljøa, men grunna dansen blir han også sett på som ein trussel for rekruttering av barn som «framtidige soldatar». Dette er noko av tematikken i førestillinga, og produksjonen vart nominert til gullsekken for beste DKS-produksjon i 2020.

Historie som rørte elevar og tilsette

Gato har turnert vidaregåande skular i Vestland i vinter, og tidlegare i februar var dei i Årdal. Etter framsyninga overrekte rektor Geir Kjetil Øvstetun ei gåve på 100 000 kr frå skulen til artistane. Han fortel at pengane er samla inn av elevane ved skulen, og det var elevane som ønska å gje nettopp Gato denne gåva.

– Gato fortalde ei historie som rørte både elevane og oss som jobbar her, og vi bestemde oss for å gje denne gåva. Vi har nokre pengar ståande frå eit tidlegare prosjekt i Sør-Afrika, som vi ønskjer skal bidra til ulike former for solidaritetsarbeid, seier Øvstetun.

Leitar etter nye solidaritetsprosjekt

Årdal vgs. hadde tidlegare eit samarbeid med ein skule og barnehage i Eshowe i Sør-Afrika, som dei jobba med i mange år i staden for den tradisjonelle OD-dagen (operasjon dagsverk). I dette prosjektet samla elevane inn pengar gjennom ulike former for dugnad og anna, og det er nokre av desse pengane som no går til Gato/Safemuse.

– Det er viktig at både elevar og tilsette ser og lærer at korleis det er å leve i verda i dag, er veldig avhengig av kvar du veks opp. Det har vi alle godt av å sjå. Vi er privilegerte her vi bur. Skulen er i ein fase no der vi leitar etter nye samarbeidsprosjekt, men ingenting er bestemt, og elevane må vere med og bestemme, fortel rektoren.