19 – 26 åringar må på offentleg tannklinikk for å få rabatt

For å få rabatten på 75 prosent må du vere mellom 19 og 26 år, ha budd minst fem år i Noreg og gå til offentleg tannklinikk.

ung kvinne sitter i tannlegestol og ser på tannlegen som står så vidt synlig til venstre i bildet.
75 PROSENT RABATT: Unge mellom 19 og 26 år slepp å ta heile rekninga etter besøket hos ein av dei fylkeskommunale tannklinikkane. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Alle som er 19 - 26 år, og som har budd meir enn fem år i Noreg, kan ha krav på 75 prosent rabatt på nødvendig behandling. Frå 1. november 2024 må behandlinga gå føre seg på ein offentleg tannklinikk for at dei skal få rabatt.

Den 1. juli i år blei 25- og 26-åringar innlemma i rabattordninga, slik det allereie var for 19-24-åringar, etter lovendring og budsjettvedtak i Stortinget.

Ikkje lenger rabatt hos privat tannlege

Til no har fylkeskommunen refundert 75 prosent av nødvendig tannbehandling for 19-26-åringane, uavhengig av om dei har gått til privat eller offentleg tannlege.

Men frå 1. november er det berre nødvendig tannbehandling hos offentleg tannklinikk som kan gi rabatt.

Det finst nokre unntak. Ved lang ventetid eller geografisk lang avstand til offentleg spesialistar ved kompetansesenteret TkVestland vil det i nokre tilfelle vere aktuelt å tilvise til det private. Når det er den offentlege tannhelsetenesta som har etterspurt behandlinga og pasienten er tilvist direkte frå offentleg tannklinikk etter undersøkingar der, så kan spesialisten/privat behandlar framleis bruke eigne takstar og fakturere fylket. 

19-26-åringar skal uansett ikkje betale meir enn 25 prosent av tannbehandlinga uavhengig om den er utført hos offentleg tannklinikk eller om ein er tilvist til privat spesialist.

Ny tannklinikk for unge i Bergen

19 - 26-åringane må sjølve oppsøke sin nærmaste offentlege tannklinikk for å få tilbodet om rabattert behandling.

1. september overtok Vestland fylkeskommune drifta av Saman tannklinikk frå studentsamskipnaden i Vestland. Klinikken som ligg i Solheimsviken heiter no Viken tannklinikk og er spesielt forbehald studentar. Merk at det kan vere noko ventetid på tannbehandling ved akkurat denne klinikken, og enkelte andre tannklinikkar i Bergen sentrum, då dei ligg i område der det bur mange i aldersgruppa. 

Søk om refusjon innan 31. desember

Dersom du som er 21-26 år ikkje allereie har fått 75 prosent refusjon på tannbehandling, kan du søke om refusjon fram til 31. desember 2024. Dette gjeld tannbehandling utført før 1. november som du sjølv har betalt full pris for hos privat tannklinikk.

Kva gjeld frå 1. januar 2025?

Ordninga med rabattert tannhelsetilbod til 25- og 26-åringar som vart innført etter budsjettvedtak i Stortinget frå 1. juli 2024 er ikkje vidareført i statsbudsjettet for 2025. Det er derfor uklårt kva rettar 25- og 26-åringar har etter nyttår. Vestland tannhelseteneste jobbar opp mot helsemynde for å få avklart dette.