1,8 millionar til 12 nasjonale og regionale kulturminne

Kulturminna Singerheimen, Bullahuset, Fjeldberg Prestegard og Museet Gamle Vossebanen er blant dei som får tilskot.

Singerheimen i Olden
KULTURMINNE: Singerheimen i Olden i Stryn kommune får 350 000 kr i driftstilskot frå Vestland fylkeskommune. Det amerikanske ekteparet William og Anna Singer kom til Noreg og Olden på starten av 1900-talet og bygde villaen på Dalheim i 1921. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering fordelte tilskota i møtet 14. februar.

Gode organisasjonar er nøklar til god forvaltning

– Tilskotet understrekar forpliktinga vår til å sikre at kulturarven vår blir godt teken vare på og formidla. Det er inspirerande å sjå driftsorganisasjonar som jobbar hardt for å ta vare på vår felles historie og kulturarv. Det er viktig for auka bevisstheit om og engasjement for å ta vare på dei unike kulturminna våre, seier Jacob Nødseth, hovudutvalsleiar.

For kulturminnevernet utgjer gode driftsorganisasjonar nøklar til god forvaltning, kvalitativt vedlikehald, formidling av kulturverdiar og lokal verdiskaping på kulturarven.

Desse får støtte

  • Stiftinga Hesthamar Skrivargard: 122 217 kr
  • Norsk Jernbaneklubb, Museet Gamle Vossebanen: 290 000 kr
  • Fortidsminneforeningen Hordaland avdeling: 250 000 kr
  • Stiftelsen Lenken: 230 000 kr
  • Stiftelsen Fjeldberg Prestegard: 190 000 kr
  • Kaupanger hovedgård: 40 000 kr
  • Stiftelsen til ivaretagelse av Fridtjof Sundts Kjeglebane og Musikkhall: 40 000 kr
  • Bullahuset (Valestrand): 185 000 kr
  • Stiftinga Ormelid: 25 000 kr
  • Stiftelsen William H Singer Jr's og Anna Brugh Singers Minde: 350 000 kr
  • Nord- og Midthordland Sogelag: 50 000 kr
  • Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane avdeling: 75 000 kr

Tilskotsordninga har som føremål å stimulere til auka frivillig aktivitet for å ta vare på faste kulturminne, kulturmiljø og landskap av regional og nasjonal verdi. Det kom inn 14 søknadar, men to av dei fell utanfor innrettinga og kriteria for ordninga.

Sikre overføring til komande generasjonar

Det er også eit mål å sikre at desse kulturminneressursane vert overførte til komande generasjonar. Tilskotet skal bidra til at kulturmiljøa er i bruk, noko som igjen fører til at kulturarven vår vert halden ved like og er i god stand.

– Med tilskotet vil vi også å stimulere til at alle kan engasjere seg i arbeidet med å ta vare på kulturminne og kulturmiljø, og at ulike grupper og ålmenta får ta del i den felles kulturarven vår, seier Nødseth.