— Du har kor, eg har dirigentar og musikarar, får vi til noko?

Eit tilfeldig møte på eit dirigentkurs enda med at Kristine Moldskred avbestilte lydmann og pianist til julekonserten. No har læraren fått 100 000 kroner til koret sitt.

Et kor med elevar står på ei scene i ei kyrkje.
HELSEKOR: Under julekonserten i Knarvik kyrkje fekk koret på Knarvik vidaregåande skule 100 000 kroner av Equinor for arbeidet dei gjer. Foto: Nina Holmedal.

— Kven føler dei syng lyst? Dei lyse her! peiker lærar Kristine Moldskred.

Pausen er over, og det er enda mange timar igjen av øvinga. Ungdomane virrar rundt i lokalet.

«Love, love, love»

Lydmannen er avbestilt, det same er pianisten. No er alt elvestyrt, og det er siste øving før den store konserten. Sander Syslak er arrangør, pianist og dirigent. Han går på Langhaugen vidaregåande skule på VG3, og no er det han som styrer øvinga.

Ei dame i raud julegensar står med eit kor rundt seg.
STØTTE: Kristine Moldskred har leia koret på Knarvik vidaregåande skule i tre år. I haust har dei samarbeida med Langhaugen vidaregåande skule. Foto: Silje Alvsaker

«All you need is love» er kanskje ikkje ein typisk julesang, men sidan songen er kjent frå julefilmen «Love actually» så er det heilt innafor å synge på ein juleavslutning. Snart skal dei synge for ei fullsett Knarvik kyrke, to gongar. Til saman 950 i publikum. I tillegg får koret overrekt ein sjekk på 100 000 kroner frå Equinor.

«Love, love, love – pust!»

Tilfeldig samarbeid

Song ligg Kristine sitt hjarte nært. Ho er lærar på Knarvik vidaregåande skule, og dei tre siste åra har ho leia arbeidet med helsekoret. I år er det sju klasser med koret, inkludert ein innføringsklasse.

I haust kom Langhaugen vidaregåande med i koret. Dei har eit fag som handlar om direksjon og leiing av ensemble. Elevane leiar koret og får trening på å arrangere songar og dirigering. Seinare skal Knarvik til Langhaugen for å fortelje om korleis musikk påverkar helse.  

Det er Ingvill Espedal, lærar på Langhaugen, sin elevar frå Langhaugen som styrer.

På eit dirigentkurs i haust kom Kristine og Ingvill i snakk. Dei var der av eigen interesse.

— Begge såg at her kan vi få til noko. Det er mogeleg, spennande og interessant. Ho har kor, eg har dirigering og leiing, kva med å la mine elevar prøve seg? fortel Ingvill.

Ei dame med briller og kvit genser står med eit kor rundt seg.
SAMARBEID: Det er Ingvill Espedal sine elevar frå Langhaugen som tar styringa når koret skal ha konsert. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Fått nye venner

— Det var dritt i begynninga. Å vere gut i eit jentedominert fag og linje, så skal du plutseleg synge…

Marcus Ulriksen går første året på helse og oppvekst, og er ein del av koret.

— Det er veldig kleint, skyter Eli Dahle og Gabrielle Bjørset inn. Dei går andre året på barn og ungdom.

— Men alle er like dårlige, så det blir jo mindre kleint etter kvart, seier Marcus

Dei tre foretrekker likevel kor framfor vanlig fag.

— Vi blir tryggare på kvarandre. Det er same gruppa kvar gang og det blir enklare å komme ut av komfortsona, seier Eli.

— Alle står saman i det, seier Gabrielle

Frå Marcus sin klasse antar han at det kanskje er tre gutar som syng, og andre er berre til stades.

— Gutane på barne- og ungdom har faktisk blitt med i vår gjeng. Koret har bidrege til eit samhald mellom gutane på helsefag. No er vi gode vener og snakkar med dei på fritida, fortel han.

Ein rosa gitar med Hello Kitty på.

Reiseveg

Langhaugen-elevane har eit stykke veg ut til Knarvik, så det har vore mykje organisering for å få til samarbeidet. Men her har rektor på Knarvik funne ein løysing. Han køyrde skulebussen sjølv for å hente Langhaugen-elevane.

— Vi vil at elevane våre skal få eit verktøy. Målet med koret er å gjere elevane våre trygge på å bruke song og musikk som i sine framtidige omsorgsyrke som dei utdannar seg innan

— No er det tredje året vi held på. Dei alle fleste er utruleg negative i starten. Nokre av gutane kalla det for tvangskor i begynninga, men så blir det gøy. Det aller fleste set pris på det, seier Kristine.

For dei ukrainske gutane i innføringsklassen har det vore ein fin arena for å treffe norske ungdomar, og lære norsk gjennom song og musikk.

Støtte

Under julekonserten i Knarvik kyrkje fekk koret overrekt ein sjekk på 100 000 kroner som dei kan bruke vidare i arbeidet sitt.

Tidlegare har dei fått 10 000 kroner av Polyfon og 20 000 kroner frå Alver ungdomsråd.

Kristine håpar at koret kan inspirerer andre for å skape gode og trygge helse- og omsorgsarbeidarar.