Viste fram bedrifter med verdsleiande kompetanse

– Vestland har alltid vore eksportfylke i Noreg, og denne posisjonen vil vi drive vidare fram. Vi er velsigna med eit næringsliv som ikkje ventar, men som viser veg og ser moglegheitene i det grøne skiftet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fire menn inne i ein båt som er under bygging.
VERDSLEIANDE: Dagens første besøk var hos båtbyggeriet Brødrene Aa. Dei har bygd 80 fartøy med karbonfiber og er verdensleiande på denne teknologien. F.v. Tor Øyvind Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa; Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg; fylkesordførar Jon Askeland; Kristine Kopperud Timberlid, leiar for Innovasjon Noreg Vestland; Tor André Ljosland, leiar for hovudutval for næring. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Onsdag vitja han bedriftene Brødrene Aa og Fjord Base, saman med Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg, som del av deira årlege møte. Med seg hadde dei representantar frå Innovasjon Noreg, fylkesadministrasjon og politikk. 
 
– Det er ekstra kjekt å kunne vise fram nokre av våre fremste innovatørar. For næringslivet vårt fortener gode og føreseielege rammevilkår slik at dei kan halde fram med å skape spennande arbeidsplassar og eksportinntektar rundt omkring i heile fylket, seier Askeland. 

Dei siste tala frå Innovasjon Noreg viser at Vestland er best av alle fylka i landet når det gjeld vareeksport. Fylket eksporterte for 138,5 milliardar i 2022.   

Best på grøn vekst 

I Innovasjon Noreg sin ferske oversikt «Status for innovasjon i Norge» skil Vestland seg positivt ut på dei fleste målingane. Fylket kjem best ut på både grøn vekst, verdiskaping og eksport. Bedrifter som har fått finansiering frå Innovasjon Noreg veks årleg i gjennomsnitt 8,6 prosentpoeng meir i verdiskaping enn kontrollgruppa, og bedrifter frå Vestland er blant de som veks mest. 
 
Vestland er i tillegg det fylket i landet som har mottatt flest midlar frå Innovasjon Noreg til hydrogenprosjekt. Av den samla summen på 185,7 millioner i lån og tilskudd til hydrogenprosjekt nasjonalt i 2022, gjekk omtrent halvparten til Vestland. 

Verdsleiande i karbonfiber

Dagens første stopp var på båtbyggeriet Brødrene Aa i Hyen i Gloppen kommune. Dei bygger mellom anna hurtiggåande båtar i karbonfiber til bruk både i Noreg og for eksport. Bedrifta har bygd 80 fartøy med karbonfiber og er verdensleiande på denne teknologien. Deira kompetanse på karbonfiber er bygd opp over 20 år. Fartøya blir både designa og ferdigstilt i Hyen. Bedrifta har eit godt samarbeid med Innovasjon Noreg som har støtta mange av prosjekta deira. 

Dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvind Aa, tok gjestene med på ei omvisning på båtbyggeriet i Hyen og orienterte om vidare planar framover. (Foto: Vestland fylkeskommune)
Dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvind Aa, tok gjestene med på ei omvisning på båtbyggeriet i Hyen og orienterte om vidare planar framover. (Foto: Vestland fylkeskommune)


Reisefølget besøkte også Fjord Base i Florø. Oljebasen har som mål å bli den grønaste oljebasen i verda og har i tillegg spennande satsingar innan nye grøne forretningsmoglegheiter, til dømes havvind og hydrogen.