Vil vere føregangsregion for nullutslepp i luftfart

– Vi vidarefører leiarposisjonen vi har i det grøne skiftet her vest, og mange av flyrutene innad i og inn og ut av Vestland er godt eigna for dei første batterielektriske flya, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Småfly i lufta med fjell i bakgrunnen.
GIR INNSPEL: Fylkesutvalet gir no si høyringsuttale til samferdselsdepartementet som ønskjer innspel på deira vidare arbeid med å framskunde omstillinga mot null- og lågutsleppsluftfart. Illustrasjonsfoto: Rolls Royce, Dario.

Fylkesutvalet gir no si høyringsuttale til samferdselsdepartementet som vil ha innspel på deira vidare arbeid med å framskunde omstillinga mot null- og lågutsleppsluftfart. 

Transportøkonomisk institutt laga i vår, på vegne av fylkeskommunen, ein rapport om samfunnseffektane av ei batterielektrisk flyrute mellom Førde og Bergen, og kva som skal til for å etablere denne ruta. Mange av funna og tilrådingane er overførbar til andre ruter og til andre regionar.

Godt eigna for el-fly

Rapporten viser at små elektriske flya er særskilt godt egna på korte ruter med lavt passasjergrunnlag, som til dømes Førde-Bergen. Det er ei rekke fordelar med elektriske fly framfor andre nullutsleppsteknologiar, mellom anna energieffektivitet, kostnadseffektivitet, betre sikkerheit og enklare sertifiseringsprosess. Flya kan dessutan ta av frå korte rullebanar, slik at det ikkje trengs kostbare utvidingar av eksisterande rullebaner.

Vil ha utviklingskontrakt

Fylkeskommunen rår til at ein lyser ut ei utviklingskontrakt på ruta Førde-Bergen for å gjere aktørane betre rusta til å gje tilbod om nullutsleppsfly ved neste FOT-utlysing. 

– Denne ruta har ikkje eit flytilbod i dag. Ein utviklingskontrakt vil dermed gje ei rekke regionalpolitiske fordelar i tillegg til å legge til rette for omstilling av luftfart, seier Askeland. Han legg til at ruta i tillegg er teknisk særs godt eigna i høve til avstand, klima, passasjergrunnlag og tekniske forhold som tilgang på hangar, kraft og teknisk kompetanse.

Fylkeskommunen rår samferdselsdepartentet til å innføre politiske verkemidlar med klare målsettingar og ei brei incentivpakke. 

– Det er her viktig å jobbe for å oppnå andre regionalpolitiske fordelar i tillegg til klimagassreduksjon og miljøeffektar, seier Askeland. 

Han legg til at Norge må som dei andre nordiske landa sette ambisiøse, klare, talfesta og tidsdefinerte nasjonale mål til utsleppsreduksjon og nullutslepp for luftfart. 

FOT-rutar

I den nasjonale luftfartsstrategien, «Bærekraftig og sikker luftfart», står det blant anna at Norge skal vere føregangsland for elfly, og at dei første elflya skal fasast inn på FOT-rutane med oppstart i 2028-2029. FOT-rutane er statleg finansierte flyrutar og står for «forpliktelser til offentlig tjenesteytelse».

Her er høyringsuttalen fylkesutvalet vedtok i møte 19. september:

1. Vestland fylkeskommune sender over innspel til Samferdselsdepartementet med tilrådingar om det vidare arbeidet med innfasing av låg- og nullutsleppsfly. 

2. I likskap med dei andre nordiske landa Sverige, Danmark og Finland, må det settast ambisiøse klare, talfesta, tidsdefinerte nasjonale mål til utsleppsreduksjon og nullutslepp for luftfart. 

3. For å gjere aktørane betre rusta til å tilby ny teknologi i kommande FOT-utlysing, må det lysast ut ei utviklingskontrakt på sida av FOT-ordninga i god tid før neste utlysing av FOT-ruter. Utviklingskontrakta bør vere på ruta Førde-Bergen, der ein utløyser ei rekke regionalpolitiske fordelar fordi det ikkje er eit tilbod der i dag. I tillegg er denne ruta teknisk særs godt egna i høve til avstand, klima, passasjergrunnlag og tekniske forhold som tilgang på hangar, kraft og teknisk kompetanse. 

4. Kommande FOT-utlysingar må ha skjerpa klima- og miljøkrav og lenger kontraktstid. I tillegg må det stillast krav om konkurransedyktige billettprisar. Vidare er det viktig å mogleggjere bruk av låg og nullutsleppsløysingar gjennom ulike økonomiske verkemidlar, som tilbod om differansekontraktar, restverdigarantiar, stønad til drift, fritak for start- og landingsavgift, MVA, framleis fritak for passasjeravgift og økonomisk stønad til etablering av ladeinfrastruktur. 

5. Forsking og utvikling på området må styrkast med fleire og større prosjekt. Innovasjon Norge, Siva, Forskingsrådet og Enova må styrke kompetansen innanfor luftfart. 

6. I arbeidet med omstillinga mot null- og lågutsleppsluftfart, må ein søke å oppnå tilleggsverdi for samfunnet, næringslivet og innbyggarane, i form av betre tilknyting mellom regionar, auka samarbeid, innovasjon i tenester og produkt og meir effektiv drift av eksisterande verksemder.

Vil du vite meir?

For meir informasjon, følg lenka og les saksframlegget til sak PS 198/2023.