Vestland er pådrivar for nullutslepp
– Vi er ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkesutvalet har vedteke å støtte innføring av nasjonale krav for nullutslepp av klimagassar frå ferjer og hurtigbåtar.

Regjeringa føreslår å innføre krav om nullutslepp for ferjer i 2023 og hurtigbåtar i 2025 og har sendt saka ut på høyring.
– Båt og ferjer er viktige delar av transportsystemet langs kysten. Klimagassane frå båt og ferje utgjer 20 prosent av utsleppet i innanriks sjøfart. Her i Vestland har vi samla omfattande erfaring med klimaomstilling. Vi har 22 av 28 ferjer som alt er elektrifisert. I 2022 reduserte vi utsleppa frå ferjene våre med 78 prosent i høve 2016, seier Askeland.
Langt framme
Også for hurtigbåtane er Vestland fylkeskommune langt framme.
– 25 av 80 hurtigbåtar langs norskekysten er i drift for oss. Dei stod for nesten 40 prosent av klimagassutsleppet til norske hurtigbåtar i 2019. Vi har inngått to kontraktar med krav om utsleppskutt. Det inneber at vi i 2024 og 2025 får to fullelektriske hurtiggåande båtar og fem hybridelektriske. Vi har ein pågåande konkurranse om båtrutene mellom Bergen, Sogn og Nordfjord. Der har vi krav om utsleppskutt på 70 prosent, seier Askeland.
Reinare luft
Reduserte utslepp av klimagassar og framtidsretta berekraftig transport langs kysten bidreg til reinare luft, betre folkehelse og betre mobilitet i fylket.
– Vi ønskjer å bidra til at Norge oppfyller Parisavtalen. Skjerpa krav til utsleppskutt er i tråd med våre lokale mål, seier Askeland.
I høyringsdokumentet til regjeringa er det forslag til unntak frå krava om nullutslepp. Mellom anna gjeld dette samband som alt er i drift eller er kunngjort.
Unntak for hybriddrift
– Vi legg til grunn at dieseldrift er tillaten for å oppretthalde beredskap og drift ved avvik. Vi vil også be regjeringa vurdere å utforme unntak for båtar og ferjer på hybriddrift. Vi må også få føreseieleg kompensasjon for kravet om nullutslepp. Den må vere realistisk for dei teknologiske løysingane det blir stilt krav om. Vi føreset at staten meir aktivt finansierer og forenklar utbygginga av straumnettet, og at vi får statleg støtte til innovasjonsprosjekt som til dømes «Framtidas hurtigbåt» som driv teknologiutviklinga vidare, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Samarbeidsprosjekt
«Framtidas hurtigbåt» er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark fylkeskommunar om utviklinga av utsleppsfrie hurtigbåtar.