«Velkomen heim, alle saman!»

Ordførarane frå kommunane i Vestland møtte opp med kvar sin stein i handa då Vestlandshuset offisielt blei opna 8. mars.

Politikarar står tett i lag med fylkesordførar Jon Askeland i midten. I handa held politikarane eit raudt band. Jon har ein saks i handa og skal til å klippe det raude bandet, for å opne Vestlandshuset offisielt. Bak politikarane står ordførarar i Vestland.
OFFISIELT OPNA: Vestlandshuset vart offisielt opna 8. mars av fylkesordførar Jon Askeland. Foto: Anbjørn Holme

– Vestlandshuset og folket som arbeider her skal gje tenester til den viktigaste staden i livet til vestlendingen, nemleg der me bur alle saman, frå sør til nord, sa fylkesordførar Jon Askeland til gjestane då det nye Vestlandshuset offisielt blei opna.

Fylkesordføraren seier Vestlandshuset skal vere ein medspelar, med dette meiner han eit Vestland som har engasjement, som utfordrar, og som er patriotisk på same tid.

– Vi ynskjer at dette bygget skal vere ei samlande ramme for det regionale demokratiet, for den politikken som skal ta fylket og folket frå notid til framtid. Dette er huset vårt, Vestlandshuset, velkomen heim, alle saman!

Fredens veg

På kvinnedagen dedikerte Askeland opninga av Vestlandshuset til alle, og håpa at menneska i huset vil arbeide for eit Vestland som vel fredens veg i samfunnsutviklinga.

I ein trapp står ordførarar i Vestland. Dei står fire i breidda, oppover i trappa. Foran dei står fylkesordførar Jon Askeland med ordførarkjede og bunad.
OPNING: Fylkesordførar Jon Askeland saman med ordførarane i Vestland på den offisielleopninga av Vestlandshuset. Foto: Anbjørn Holme

– Slik vil det å opna eit folkevald hus på kvinnedagen ikkje vera kamp, men ein delsiger i ein sjølvsagt rettferdskamp, seier Askeland.

Varaordførar Natalia Golis nytta sjansen til å gratulere alle kvinner med dagen, og kunne fortelje at fylkeskommunen har ein kvinneandel på 58 prosent.

Heile fylkesutvalet, 17 i alt, var med på snorklippinga.

Vestlandsvarden

Til offisielle opninga av Vestlandshuset hadde nesten alle ordførarane med seg ein stein i bagasjen. Ein varde bygd av 43 steinar, ein frå kvar kommune, skal symbolisere at huset skal vere ein varde for det lokale og regionale demokratiet. Éin ordførar reiste heimefrå utan, men fekk uventa hjelp. Korleis det gjekk kan du lese om lenger ned i saka.

Under den offisielle opninga blei vestlandsvarden bygd opp inne, men den skal få sin faste plass i den eine takhagen til Vestlandshuset.

Ordførarane sine steinar

Den devoniske sandsteinen som Anne Kristine Førde, ordførar i Bremanger, har med seg, er danna etter den kaledonske fjellkjeda for 420 millionar år sidan. Steinen er godt eigna som tilslag i asfalt i Europa, der bilane køyrer piggfritt.

– Det som skil sandsteinen frå andre er at den er av særs høg kvalitet, og vert eksportert frå Bremanger Quarry til fleire europeiske land, fortel Førde.

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang har også ein stein med ei viktig historie. På Eitrheimsneset, det steinen er henta frå, har det vore sinksmelteverk sidan 1924. Neste år er «Zinken» 100 år. I dag bygger dei eit nytt verk med lågt miljøavtrykk.  

– Smelteverka i Tyssedal og Odda har jo verkeleg gitt brød og melk på bordet til generasjonar. Denne steinen vil ha sterk symbolikk i varden, grunnfjell frå Hardanger, sprengt ut av «mor Noreg» for å gje plass til vasskraftforedla metall, seier han.

Konglomerat frå ei forsteina elv er det Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund, har med.  Også konglomerat er eit spor etter den kaledonske fjellkjeda. Området i Solund er unikt i verdsamanheng og har danna eit karakteristisk landskap.

– Steinen kan vere eit symbol på fellesskapet vårt, som kan speglast i konglomeratet med alle dei ulike elementa, fargane og formene som er smelta saman, seier Åmdal Mongstad.

Steinlaus

Ola Teigen, ordførar i Kinn, tydde til lokalavisa Firdaposten med ei spesiell etterlysning to dagar før vardebygginga. Han reiste til Bergen steinlaus, og var på jakt etter ein vikar-stein.

På ein trappeavsats er det bygd ein varde i stein. Kvar stein kjem frå ein ordførar i Vestland fylke. Ordførar i Kinn, Ola Teigen, sit ved sida av steinvarden og smiler.
VESTLANDSVARDEN: Ola Teigen, ordførar i Kinn, la den siste steinen på varden. Foto: Silje Alvsaker

Fylkesordførar Jon Askeland kunne melde tilbake i avisa at han har hatt møte med seg sjølv og fatta eit steinviktig hastevedtak om at den førebels uoffiselle kinnasteinen vert den øvste i vestlandsvarden.

Situasjonen har løyst seg, og til slutt enda Teigen opp med heile tre steinar. Han valde den beste og den toner øvst i varden.

Her kan du lese Kinn-ordføraren sitt rop om steinhjelp, og her kan du lese det steinviktige svaret til fylkesordføraren.