Vedtok den første kulturplanen med «bølgje» i Vestlandssalen

– Her kunne vi nesten ha kutta debatten og heller teke bølgja i fellesskap, sa ein av fylkestingsmedlemane då fylkestinget vedtok den nye regionale planen Kultur bygger samfunn 15. mars.

Fylkesting i Vestlandsssalen på Vestlandshuset, pause for politikarar og publikum.
VESTLANDSSALEN: Fylkestinget vedtok den første kulturplanen for fylket på det første fylkestinget i Vestlandssalen i det nye Vestlandsshuset. Salen er open og eit uttrykk for demokratiet. Det er store vindaugsflater, der politikarane ser ut på innbyggjarane dei representerer, og på St. Jakobs kirke – kulturkyrkja for unge i Bergen. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Uttalen vitnar om eit begeistra fylkesting, som var samla til sitt første fylkesting i Vestlandshuset i Bergen. Det er stor semje om at den første kulturplanen i Vestland fylke er ein god plan, som skal vere med å gjere Vestland til ein leiande kulturregion.

– Offensiv plan som utfordrar

– Dette er ein plan som har fått mange heiarop undervegs, og eg sluttar meg til alt. Namnet i seg sjølv understrekar verdien av kulturen. Det er ein offensiv plan. Han utfordrar på vestlandsk vis, som dei andre planane våre, slår fylkesordførar Jon Askeland fast.

Tittelen på planen er det same som visjonen: Kultur bygger samfunn. Hovudmålet er at alle skal kunne delta, oppleve og skape.

Fylkestinget vedtek planen, men det er eit felles ansvar å følgje han opp. Samarbeidslaget er sett saman av fylkeskommunen, staten, kommunane, næringsliv og sivilsamfunnet. Kommunane og det breie kulturlivet har vore essensielle i prosessen med å lage planen, gjennom høyringsrundar, innspelsmøte og anna. Engasjementet har vore så stort og innspela så mange, at behandlinga i fylkestinget vart utsett frå desember til mars.

Ambisjon heller enn konkurranse

Det er fire tematiske satsingsområde i planen:

  • Vestland – ein leiande region
  • Deltaking, demokrati og mangfald
  • Verdiskaping
  • Kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling

I planen blir det streka under at det å vere ein leiande region er ein ambisjon, ikkje ein konkurranse. Det handlar om å få det beste ut av eigne ressursar, og å utvikle løysingar og tiltak som er tilpassa kulturlivet i Vestland.

– Å vere leiande er eit kulturpolitisk val. Det syner at vi har politiske ambisjonar på kulturfeltet. Vestlandskulturen er storbyen Bergen med sitt profesjonelle kulturliv, og det er mindre stadar med eit mangfaldig og breitt kultur- og organisasjonsliv. Summen av topp og breidde avgjer i kva grad Vestland kan vere ein leiande region på kulturfeltet, seier fylkesordføraren.

Utvida kulturomgrep

Kulturplanen nyttar eit utvida kulturomgrep. Det betyr at kultur vert brukt som fellesnemning for kunst, allmenn kultur, kulturformidling, idrett og friluftsliv, frivillig arbeid, kulturmiljø og kulturarv, museum, arkiv og kulturhistorie, den kulturelle grunnmuren, organisasjonslivet, kulturskulane, møteplassar, bibliotek og kulturhus, anlegg for fysisk aktivitet og for kunst og kulturelle verksemder, og kreativ næring.

Den endelege planen vert publisert på nettsida til fylkeskommunen. Fylkestinget gjorde i vedtaket nokre endringar, som skal arbeidast inn i planforslaget før det blir endeleg ferdig og publisert.