Unni fann flintdolk – no har Per Christian laga kopi til ho

Per Christian Burhol er arkeolog og saksbehandlar i fylkeskommunen. Og så har han lært seg handverket med å lage flintdolkar som dei gjorde i steinalderen.

Mann og kvinne held ein liten flintdolk saman.
FLINTDOLK: Per Christian var på Sandane for å overrekke kopien av flintdolken til Unni denne veka. Ho skjønte ho måtte levere frå seg den ekte dolken, men tykte det var veldig kjekt å få kopien å ha som eit minne. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Unni Lundgren fann flintdolken på Sandane våren 2021 då ho tok ein snarveg heimover på eit sauetråkk. I søla såg ho ein avlang stein, og då ho plukka han opp skjønte ho at det var eit bearbeida flintreiskap.

– Eg fantaserte om at nokon kunne ha vore her på jakt for lenge sida og mista våpenet sitt, for eg hadde jo sett teikningar av verktøy nytta i steinalderen – vi snakka jo om slikt på skulen i «gamle dagar», på 50- og 60-talet då eg lærte historie, fortel Unni.

Leverte dolken til fylkeskommunen

Eit søk i bygdeboka for Gloppen og Breim gav resultat av liknande reiskap, det var ein flintdolk. Ho synte dolken til familien sin, og Unni skjønte at dolken var innleveringspliktig, altså at ein må levere inn gjenstanden til kulturminnemynda, altså fylkeskommunen. Ho kontakta difor lokalavisa og Vestland fylkeskommune for å få dolken innlevert.

Mann og kvinne ute og går i ein skog.
Unni tok Per Christian med ut til plassen der ho fann flintdolken våren 2021. Ho hadde vore på tur og tok ein snarveg heim då dolken dukka opp på eit sauetråkk. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Arkeolog Per Christian Burhol i Vestland fylkeskommune fortel at det er viktig å vite kvar ein gjenstand er funnen, for utan funnstad til ein gjenstand, forsvinn mykje informasjon.

– Kom gjenstanden frå ein plass der det er fleire kulturminne? Kom han frå ei grav? Er det kjent busetnad i området tidlegare? Alt slikt er viktig for oss å få registrert, seier Per Christian.

Over 4000 år gamal

Etter å ha undersøkt dolken frå Sandane nøyare, har han funne fleire svar på spørsmåla.

– Dolken er ein såkalla type I-dolk, som er omtrent 4200 år gamal. Slike dolkar var truleg statussymbol, og det var ikkje alle som var så heldige å ha ein slik gjenstand for 4000 år sidan. Dei vart gjerne lagt ned som gravgåver eller som offerfunn til høgare makter, fortel Per Christian.

Unni fann dolken nede i eit dyretrakk noko som indikerer at han vart stukken inn mellom nokre steinar som ei gåve til høgare makter.

Svært gamalt handverk

Per Christian har brukt fleire år på å lære seg handverket med å lage flintreiskapar slik det vart gjort i steinalderen, og med dei same reiskapane.

– Då eg studerte arkeologi vart eg fascinert av korleis fortidsmenneska hadde fått til å lage steinreiskap. Eg bestemde meg difor for å lære handverket for å kunne kjenne ein nærare tilknyting til steinaldermenneska, seier han.  

to flintdolkar
Den originale steinalderdolken er øvst på bildet, medan kopien Per Christian har laga er nedst. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Det kravde minst 100 kilo flint og både år og tårer, i tillegg til ein del blod, før han klarte å lage reiskap som dei gjorde det i steinalderen. Då dolken på Sandane dukka opp bestemde Per Christian seg for å lage ein kopi og gje til Unni. Han skjønte ho hadde ei spesiell tilknyting til dolken og historia bak han, ei tilknyting han sjølv òg har til steinalderens reiskap.

Som eit omvendt 3D-puslespel

Metoden for å hogge til flintreiskap vert kalla flintknakking og er ein av dei eldste handverka vi kjenner til. Dei eldste steinreiskapane er heile 3,3 millionar år gamle. Flintdolkane er ein slags kulminasjon av flintknakkinga som byrja for så lenge sidan. Dei vart meir og meir forseggjorte, og dei mest avanserte er det nesten ingen som klarer å gjenskape i dag. Reiskapane som blir brukte til flintknakking er runde steinar og/eller hamrar av gevir, og arbeidet er som eit slags omvendt 3D-puslespel, fortel Per Christian.

– Du startar med ein klump stein, og må så slå av flak etter flak til ein sit att med det ønska resultatet, i dette tilfellet ein dolk. Ein må kunne tenkje fram i tid for å få det resultatet ein ønskjer, seier han.

Eit flintemne og ein flintdolk.
Per Christian starta med det store emnet øvst og forma det så for å likna originalen under. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Flinten kopien er laga av er henta i Danmark, noko som truleg også gjeld originalen. Flint finst ikkje naturleg i Noreg. Det kan finnast mindre bitar i morenar eller langs strender som avsetningar etter istidas herjingar, men sjeldan store nok stykke til å lage dolkar av.