Ungdom sjokkert over plastsøppelet i havet
– Skuffande og skremmande! – Sjokkerande! Joachim (13) og Malin (21) reagerer sterkt på all plasten og søppelet dei finn i havet. Dei er med på One Ocean week og fortel om opplevingane sine.

– Det er skremmande at vi finn så mykje plast i sjøen når vi dykkar her på Vestlandet, seier fridykkar og undervassjeger Joachim Tømt Kalberg på Osterøy. Saman med faren Tor Olav Hugdal Kalberg reiser dei rundt på Vestland og dykkar etter mat.
– Vi finn ein del plast i magen på fisken, men heldigvis har vi ikkje funne plast i kjøttet enno. I skjel har vi ikkje funne plast enno, men om forureininga held fram, er vi redde for at skjela vil døy ut. Dei et plankton og algar som kan ta opp mikroplast, seier Joachim som går på Osterøy skule.

Jaktar fisk sjølv
13-åringen handlar aldri fisk og fiskemat på butikken.
– Eg hatar å ete kjøpefisk. All fisk heime har vi dykka og jakta etter sjølv. Ved fridykking kan du halde pusten i 20 sekund og symje opp og puste inn og dykke på nytt. Dette kan du gjere så lenge du vil og vi er ikkje avhengige av medbragt luft. Vi tar fisken med harpun. Det fine er at vi er selektive og tar berre den fisken vi vil ha. Det er ingenting som går til spille.
Kongekrabbe
Joachim og faren fridykkar ned til fem meter.
– Det er i dei øvste fem metrane det er mest lys og mest liv. Det er utruleg mykje mat å få i fjorden. Om vi ikkje oppfører oss trugande, får fisken tillit, blir nysgjerrig og kjem tett inntil deg. Det er og myke mat å få i skjel og kråkebollar. I Japan er prisen 300 euro for eit kilo kråkebollar. I sjøen her er den gratis.
Joachim fortel at det er eit godt miljø blant fridykkarar og undervassjegarar her på Vestlandet og dei har fått mange venner. Dei tenker også å reise til Finnmark og jakte på kongekrabben.
– Den går på grunt vatn, så det går fint å fridykke etter den, seier Joachim.

Gøy og spennande
Malin Haara 21 år frå Bergen har same oppleving som Joachim. Ho reiste to gonger på One Ocean-ekspedisjonen med Statsraad Lehmkuhl, og etterpå med skuleskipet Danmark til Japan.
– Det var så gøy og spennande å reise med Statsraad Lehmkul at eg ville bli med vidare på turen rundt jordkloden. Eg vart inspirert og drog til Danmark for å utdanne meg til lettmatros.
Må rydde havet
Om bord på skuleskipet Danmark gjekk turen til Japan.
– Vi ville undersøke kor mykje plast det var i havet og firte ut eit nett som var ein meter i diameter og halvannan meter langt. I 10 til 20 minutt slepte vi det etter båten og tok det inn. I nettet fekk vi mykje plast, både hard plast og emballasje i mindre bitar som vi kunne plukke opp. Det var sjokkerande. Vi fekk mykje meir plast enn eg ville ha trudd. Og dette var eit lite nett på kort tid. Det var veldig overraskande å oppleve denne plastforsøplinga på så nært hald og så langt frå land.
Malin meiner det må gjerast stor innsats for å rydde havet.
– Vi treng innovasjon og nye løysingar for å få vekk all plasten. Vi er nøydde til å reinse og rydde havet, men eg trur ikkje vi rekker å få vekk alt søppelet. Vi må likevel gjere alt det vi kan, seier Malin.
Lærte sveising og røykdykking
Malin har gått på Bergen Katedralskole og verds- og fredsgymnaset United World college i Fjaler.
– Der hadde vi fokus på berekraft. Det fekk meg til å delta på One Ocean-ekspedisjonen. Eg var først ein tur frå Nord-Spania til Lisboa. Og seinare reiste eg frå Yokohama til Okinawa. Eg fekk også tatt 10 studiepoeng i berekraftleiing om bord. Til 17. mai er eg ferdig utdanna bachelor og lettmatros. For fem år sidan ville eg aldri trudd at eg skulle lære sveising, røykdykking og radiotelefoni, seier Malin Haara som har fått jobb i Bergen næringsråd for å jobbe med maritime spørsmål.
Prosjektoppgåve
Malin og Joachim og mange fleire fortalte om opplevingane sine under One Ocean-arrangementet på Amalia Skram videregående skole. Der deltok mange elevar frå vidaregåande skular i Bergensområdet som har fått prosjektoppgåve om korleis ungdom skal engasjere seg framover. Ungt Entreprenørskap var tilskipar.
One Ocean week vart avslutta fredag 21. april. Les meir om prosjektet.