Tok sølv i kokke-NM – skal i lære på Michelin-restaurant

– Det er OK å få sølv, seier Anne Gramstad, elev på vg2 ved Fitjar vidaregåande skule. Ho tok 2. plass i kokke-NM for skuleelevar og skal gå i lære på ein restaurant i Oslo som har Michelin-stjerne.

Jente og gut lagar mat på kjøkken.
NM-MEDALJE TIL FITJAR: Anne Gramstad, Fitjar vidaregåande skule, vann sølvmedalje i kokke-NM for skuleelevar. Øystein Enlid Kristiansen, Oslo (bak) fekk heiderleg omtale. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

NM for elevar i restaurant- og matfag i vidaregåande skule vart skipa til 12. og 13. april på Sandsli, med Sandsli videregående skole som arrangør. I kokkefaget deltok ni elevar frå like mange fylke i landet.

Mann heng medalje rundt halsen på jente.
Rektor Bengt Håkon Lund ved Sandsli videregående skole heng sølvmedaljen rundt halsen på Anne Gramstad frå Fitjar vidaregåande skule. Alexander Raphael Weigert, Vestfold og Telemark, tok bronse. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Kom som eit sjokk

Anne Gramstad vart først skulemeister på Fitjar og kvalifiserte seg til vestlandsmeisterskapen i kokkefag på Sandsli tidlegare i år. Der gjekk ho også til topps.

– Det var veldig kjekt å bli fylkesmeister og få delta i NM. Det kom som eit sjokk. Eg har også fått læreplass på ein Michelin-restaurant i Oslo. Eg gler meg veldig til å kome til Oslo og jobbe der, seier ho.

Middag på tallerken.
Med denne torskemiddagen tok Anne Gramstad ved Fitjar vidaregåande skule, sølv i kokke-NM. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Første norske verdsmeister

Anne Gramstad skal gå i lære på Statholdergaarden restaurant. Den er driven av den første norske verdsmeisteren i kokkekunst, Bent Stiansen, som vann Bocuse d’Or i 1993. I 1998 fekk restauranten Michelin-stjerne og har hatt den sidan.

– Eg var litt lei av å gå på skule, men elskar å lage mat, så dermed vart det restaurant- og matfag. I august skal eg flytte til Oslo. Eg er veldig glad i kokkefaget. Bur du på Stord og skal bli kokk, då skal du gå på Fitjar vidaregåande skule, seier Anne Gramstad, som laga fiskemiddag av torsk med dessert inspirert av kysten.

Jente ved gryte på kjøkken.
– Det er spennande og kjekt å få vere med i NM, seier Emilia Marta Kudlaczak, på vg1, restaurant- og matfag ved Fitjar vidaregåande skule. Her lagar ho sjokolademussé. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Tre NM-deltakarar frå Fitjar

Fitjar vidaregåande skule markerte seg sterkt i NM på Sandsli med heile tre deltakarar. Nathalie Tufteland Vangsnes fekk diplom og god omtale i bakarfaget, mens Emilia Marta Kudlaczak fekk diplom og god omtale i konditorfaget. Begge vart skulemeistrar og vann fylkesmeisterskapen på Sandsli tidlegare i år.

– Eg vil bli kokk, men ville og prøve meg som konditor. Vi har ikkje konditorfag ved skulen, så eg fekk god hjelp av ein konditor. Etter at eg vann fylkesmeisterskapen, har eg øvd mykje. Det er spennande og kjekt å få vere med i NM. Her treff eg andre som er like engasjerte som meg, seier Emilia Marta Kudlaczak. Ho går på vg1 og likar seg veldig godt på Fitjar vidaregåande skule. I konkurransen laga ho ein kvit sjokolademussé med pasjonsfrukt og med botn av mjølkesjokolade.

Mann gratulerer jente
Emilia Marta Kudlaczak ved Fitjar vidaregåande skule blir gratulert av rektor Bengt Håkon Lund ved Sandsli videregående skole. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Diplom til Voss

Den fjerde deltakaren frå Vestland, kom frå Voss vidaregåande skule. Karolina Wichryk går på vg1 restaurant og matfag. Ho fekk diplom og god omtale

– Planen er å gå vidare på vg2, servitør. Eg har visst sidan 9. klasse at eg ville gå restaurant- og matfag og bli servitør. Eg likar meir å servere og vere i kontakt med gjestene enn å stå på kjøkkenet og lage mat.

Jente serverer mat ved bord med tre personar.
– Eg har følelse av at det er ganske høgt nivå her. Alle er flinke og veldig gode, seier Karolina Wichryk, elev på vg1 ved Voss vidaregåande skule. Her serverer ho inviterte gjester under NM på Sandsli videregående skole. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Alle er veldig gode

Det går 19 elevar i klassen hennar på Voss. Karolina Wichryk er både skulemeister og fylkesmeister i servitørfaget.

– Det var rart å kome til NM, men også kjekt å få ein slik sjanse. Eg har følelse av at det er ganske høgt nivå her. Det er mange flinke med, og alle er veldig gode, seier Karolina Wichryk, som likar seg godt på Voss vidaregåande skule.

Mann gratulerer jente.
Karolina Wichryk ved Voss vidaregåande skule blir gratulert av rektor Bengt Håkon Lund ved Sandsli videregående skole. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Michelin-dommarar

Dommarane i NM på Sandsli var og i stjerneklassen. Fleire av dei er på kokkelandslaget, og to av dei har Michelin-stjerne: Kristian Vangen på Bare restaurant og Christoffer Haatuft, Lysverket restaurant. Dei skrytte av elevane.

– Det var veldig bra. Eg vil seie overraskande bra. Dei er kjempeflinke og har veldig høgt nivå. Vi skulle berre smake på maten og sette karakter, men det var fleire rettar eg kunne ete opp alt saman. Alle laga ordentleg mat utan å tilsette for mykje salt og anna for at det skal smake bra. Det er tydelege at dei har øvd, seier Michelin-dommarane Kristian Vangen og Christoffer Haatuft.

Menn og kvinner i kokkeuniform oppstilt på rekke.
– Elevane er kjempeflinke og har veldig høgt nivå, seier Michelin-dommarane Kristian Vangen og Christoffer Haatuft (nærmast). Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Aldri vore så høgt nivå i NM før

Rektor Bengt Håkon Lund og avdelingsleiar Anne Helene Øpstebø var svært godt nøgde med noregsmeisterskapen.

– Dette er første gong vi har NM. Vi har hatt lokale og fylkesmeisterskap tidlegare, men dette er mykje større og med fleire fag. Vi er strålande nøgde. Det er dei beste elevane som er her. Dei har vist entusiasme og initiativ. Nivået har aldri vore så høgt i NM før. Det var veldig tett mellom kandidatane, og det var vanskeleg å skilje dei frå kvarandre, seier Lund og Øpstebø.

Servitørar på rekke og rad serverer mat til tre personar i kokkeuniform ved bord.
Servitørane på Sandsli videregående skole server middag til smaksdommarane: Kristian Vangen (f.v.), Christine Øvrebø og Christopher Haatuft. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Resultatliste:

Kokkefag ni deltakarar:

Kristian Nicolai Olsen, Viken, gull
Anne Gramstad, Vestland, sølv
Alexander Raphael Weigert, Vestfold og Telemark, bronse

Diplom til Michael Helberg, Møre og Romsdal, Mathias Sletten, Nordland, Stian Aunet, Trøndelag, Thi Myna Nguyen, Innlandet, Vetle Almås Rege, Rogaland og Øystein Enlid Kristiansen, Oslo.

Konditor fem deltakarar:

Amalie Matsson, Viken, gull
Line Lysevoll, Trøndelag, sølv
Mariann Foss, Innlandet, bronse

Diplom til: Emilia Marta Kudlaczak, Vestland og Anete Slisane, Oslo.

Bakarfag fem deltakarar:

Maria Paulsen Almås, Trøndelag, gull
Thea Kristine Toresen-Lund, Innlandet, sølv
Victoria Tilrem Horsman, Viken, sølv

Diplom til Nathalie Tufteland Vangsnes, Vestland og Sahra Saed Omer, Oslo

Servitør sju deltakarar

Amund Glad Østensen, Viken, gull
Philip A. Louka, Oslo, sølv
William Dag Hanssen, Vestfold og Telemark, bronse

Diplom til Karolina Wichryk, Vestland, Hedda Wegner Bjørntvedt, Rogaland, Kamilla Stue Grav, Trøndelag og Klaudia Jedynak, Innlandet

Ferskvarehandel fem deltakarar

Ruben Alexander Ahl Iversen, Innlandet, gull
Martin N. Øvreklev, Rogaland, sølv
Emma Johanne Torpet, Trøndelag, bronse

Diplom til: Benjamin Solbakken, Innlandet og Adrian Breivik Hoseth, Trøndelag