Tek over drifta på fylkesvegane i Nordfjord

Vestland fylkeskommune er vegeigar, men fram til no har Statens vegvesen drifta vegane. Det blir det endring på no.

To menn i gule arbeidsklede på ein veg.
FLAUM PÅ FYLKESVEG: Under ei flaumhending på fylkesveg 5724 ved Kroka i Oldedalen i Stryn kommune 11. september var vegvaktar Olav Arne Vereide i Vestland fylkeskommune og Jardar Gullbrå hjå entreprenøren Kveen AS ute og inspiserte området. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Frå Vassenden i Sunnfjord til ytst på Stadlandet testar fylkeskommunen no ut konseptet byggherrestyrt driftskontrakt. Det er heilt nytt for Vestland fylkeskommune, og inneber at fylkeskommunen sjølv tek ansvar for drift av fylkesvegnettet, framfor ein hovudentreprenør. Det fører til at 28 mindre driftskontraktar blir tildelte fleire entreprenørar. Fylkeskommunen tek ansvar for å skaffe arbeidskraft og følgjer opp arbeidet.

Målet er å få betre oversikt over vegnettet og kontrollere korleis midlane kan nyttast best mogleg. Slik vil fylkeskommunen få eit betre grunnlag for budsjettsøknadar innan tilleggsbehov.

Kart med markering rundt området Nordfjord og ned til Skei.
Markeringa på kartet syner kvar Vestland fylkeskommune no testar ut konseptet byggherrestyrt driftskontrakt.

Styrkjer samarbeid

– No er vi klare til å ta utfordringa i eigne hender. Med dette får vi større fridom til å styre ressursane, noko som gjer at vi kan fordele midlane der det er størst behov for dei, seier Jon Roger Falkevik Nygård, byggjeleiar for den nye nordfjordkontrakten i avdeling infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

I tillegg til betre utnytting av midlane dei har til rådigheit, er også samarbeid eit stikkord.

– Vi ynskjer å styrke samarbeidet med kommunane og å auke deltaking frå små og mellomstore entreprenørar, i tillegg til dei større. Etter kvart håpar vi å finne gode løysingar vi kan nytte i dei framtidige driftskontraktane våre, seier Nygård

Har tilsett eigne vegvaktarar

Det nye konseptet inneber blant anna at fylkeskommunen har tilsett eigne vegvaktarar, som skal inspisere og overvake fylkesvegnettet, i tillegg til å varsle og retta opp avvik. Tidlegare har rolla som vegvaktar vore utført av entreprenør.

Rune Sverre Sande, einingsleiar i avdeling for infrastruktur og veg er både svært positiv og takksam for å ha dei med på laget framover.

– Trass i at vegvaktarrolla er ny for Vestland fylkeskommune, så viser dei nytilsette vegvaktarane våre stort engasjement og høg kvalitet i arbeidet dei utfører på vegnettet, seier Sande

I tillegg skal dyktige entreprenørar hjelpe med drift av kontraktar innan vinter, grønt og reinhald.

Foto av flaum over bru og veg.
Ved ulike hendingar på fylkesvegnettet, som her då det fløymde over på fylkesveg 5724 i Oldedalen no i september september, spelar vegvaktarane ei viktig rolle. Då rykker dei ut for å undersøkje området og sjå kva tiltak fylkeskommunen som vegeigar må setje i verk. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Miljøbevisst framtid

Berekraftsmåla til FN er sentrale i ein byggherrestyrt driftskontrakt og ligg til grunn for alt Vestland fylkeskommune gjer. Det skal innførast miljøbevisste tiltak som vil hjelpe å ta vare på miljøet. Det handlar om å redusere klimagassutslepp gjennom krav til køyretøy, brøytestikker i anna materiale enn plast, redusere saltforbruk og å bruke kortast moglege transportetappar til sand- og saltlager. I tillegg er det ein del av konseptet å vere open for alternative løysingar med omsyn til miljø.

– Dette er berre nokre av tiltaka vi vil introdusere med omsyn til miljøet, og vi jobbar stadig med å finne nye berekraftige løysingar til fordel for ei grønare framtid, avsluttar Jon Roger Falkevik Nygård.

Fem menneske i gule arbeidsklede.
– Vi er spente på å teste ut dette nye konseptet, der noko av målet er å få større fridom til å styre ressursane til fylkeskommunen og fordele midlane der det er størt behov for dei, seier byggjeleiar Jon Roger Falkevik Nygård (i midten). Her er han saman med f.v. Olav Arne Vereide (vegvaktar), Devin Ignesias (prosjektkoordinator), Tarald Nord Kjøs (vegvaktar) og Elisa Orheim Bakkebø (vegvaktar).