Sognefjellsvegen opnar fredag
Har du tenkt deg på ski på Sognefjellet? Vegen er snart ferdig brøyta og opnar klokka 12 fredag 28. april.
Sognefjellsvegen mellom Sogn og Gudbrandsdalen opnar til helga, men blir stengt kvar kveld frå kl. 20.00 til klokka 08.00 neste morgon. Nattestenginga gjeld frå fredag 28. april og på ubestemt tid.

Viktig melding til skifolk
– Det er spesielt viktig for skituristar å vite at vegen stenger kl. 20, sånn at dei rekk å komme seg av garde og ned frå fjellet før bommen går ned, seier byggeleiar Even Kvam i Vestland fylkeskommune.
Vegen blir nattestengd mellom Huldehaugen på Sogn-sida og Rustadsæter på Innlandet-sida. Det blir skilta om nattestenging ved Huldehaugen og Turtagrø på Sogn-sida, tillegg har Innlandet same type skilt ved Rustadsæter, Krossbu og Sognefjellshytta.
Sognefjellsvegen er inngangsport til mange fine vårskiturar i Jotunheimen, og Kvam håpar skigåarar får med seg den viktige informasjonen, sånn at dei får planlagt skituren godt.
Nasjonal turistveg
Vegen over Sognefjellet er ein av 18 nasjonale turistvegar og er den høgste fjellovergangen i Noreg. Den nasjonale turistvegen startar i Gaupne i Sogn og går til Lom i nord-Gudbrandsdalen. Det høgste punktet på strekninga er 1434 meter over havet.
Vegen er vinterstengd frå seinhausten og fram til om lag 1. mai kvart år.