Skal sikre villreinen si framtid

Det er målet i den det reviderte handlingsprogrammet for den regionale planen for Ottadalsområdet, som no er ute på høyring. Gi dine innspel innan 10. mai!

Flokk med reinsdyr.
LEVEDYKTIG: Føremålet med regional plan for Ottadalsområdet er mellom anna å sikre villreinen i Ottadalsområdet store nok område til at stamma framleis skal kunne vera levedyktig i framtida. Foto: Sveinung Klyve, Vestland fylkeskommune.

Handlingsprogrammet føreslår endringar i oppfølginga av den regionale planen, mellom anna å opprette eit politisk råd som skal følgje opp planen. Føremålet med regional plan for Ottadalsområdet er å sikre villreinen i Ottadalsområdet store nok område til at stamma framleis skal kunne vera levedyktig i framtida, samt å sikre moglegheiter for utveksling til andre villreinområde, i dette tilfellet Vest‐Jotunheimen.

– Noreg er det einaste landet i Europa som framleis har fjellområde med villrein. Dette forpliktar og det er viktig å sikre ein slik naturverdi for framtida. Situasjonen for villreinen er ikkje blitt betre sidan planen vart vedteken, heller tvert imot. Derfor er det viktig å finne gode løysingar fort, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Starta revidering i 2021

Regional plan for Ottadalsområdet vart vedteke i 2016 etter ein lang og brei prosess i tre fylke - Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland fylkeskommunar. I 2021 starta arbeidet med å revitalisere dette samarbeidet. Det er oppretta eit sekretariat, med administrativ deltaking frå alle tre fylka. Forslaga til endringar er grep som vert gjort med erfaringar frå tilsvarande arbeid der Vestland fylkeskommune er involvert i, mellom anna på Hardangervidda og i Nordfjella.

Vil opprette Ottadalsrådet

Blant dei viktigaste endringane er å opprette Ottadalsrådet, eit politisk råd for Ottadalsplanen – i staden for å ha årlege dialogmøte. Ottadalsrådet skal vere ein arena for oppfølging av den regionale planen. Rådet skal ha ein politikar frå kvar av kommunane i planområdet og ein fylkespolitikar frå fylka Vestland, Møre- og Romsdal og Innlandet fylkeskommunar. I tillegg skal det vere ein representant frå kvar statsforvaltar og leiar av villreinnemnda. Høyringsutkastet seier også at det bør vurderast å invitere ein representant frå nasjonalparkstyra for Reinheimen og Breheimen. Politisk leiing i dei tre fylkeskommunane har møte- og talerett i Ottadalsrådet.

For meir informasjon, klikk på lenka og les saksframlegget til sak PS 44/2023.