Skal lage handlingsplan for sjølvmordsførebygging i Vestland

– Sjølvmordsførebygging er ein del av folkehelsearbeidet i fylkeskommunen, og det er viktig for oss å følgje opp den nasjonale nullvisjonen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Tom stol og skygge mot vegg
FØREBYGGING: Sintef har levert eit kunnskapsgrunnlag som viser potensialet fylkeskommunen har til å implementere sjølvmordsførebygging i dei ulike ansvarsområda og planverka i fylkeskommunen. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Fylkesutvalet vedtok i møtet 28. november korleis fylkeskommunen skal jobbe med sjølvmordsførebygging, og at det skal lagast ein eigen handlingsplan for fylket.

Utgangspunktet for saka til fylkesutvalet er handlingsprogram for folkehelse Vestland 2022–2025, som fylkestinget vedtok i mars 2022. Eit av tiltaka i handlingsprogrammet var å få på plass eit kunnskapsgrunnlag for sjølvmordsførebygging. Kunnskapsgrunnlaget vart levert av Sintef i vår, og viser korleis fylkeskommunen kan arbeide med sjølvmordsførebygging.

Ser til Rogaland og Nordland

I kunnskapsgrunnlaget rår Sintef Vestland fylkeskommune til å sjå til Nordland og Rogaland fylkeskommunar for å lage ein eigen handlingsplan for sjølvmordførebygging.

– Det handlar om å sjå og lære av andre som har gjort eit godt arbeid på dette feltet allereie. Vi veit at både Nordland og Rogaland har jobba godt med dette i mange år og vil gjerne nytte oss av erfaringar og kunnskap derifrå, seier fylkesordføraren.

Kunnskapsgrunnlaget frå Sintef gir eit talmateriale for sjølvmord i Vestland, og viser til tiltak der fylkeskommunen har ansvar og verkemiddel. Det gjeld blant anna folkeopplysningskampanjar, helsetilbod, skulebaserte program, kulturbaserte program, tiltak retta mot eigen arbeidsplass og tiltak innan samferdsle og kollektiv. Førebygging må skje på fleire samfunnsarenaer samstundes, med både indirekte og direkte tiltak.

Krev breitt perspektiv

Sintef peiker på korleis folkehelse og sjølvmordsførebygging heng saman med planane til fylkeskommunen, særskilt innan nærings- og samfunnsutvikling, inkludert tiltak mot arbeidsløyse og utanforskap. Utanforskap er også definert som ei av hovudutfordringane i kunnskapsgrunnlaget til den nye utviklingsplanen til Vestland som skal gjelde frå 2024–2028.  

– Sjølvmordsførebygging som tema i regional planlegging kan verke spesielt, men det handlar om å få eit breitt og endå meir meiningsfullt perspektiv på førebygging og eit inkluderande Vestland. Vi er også opptekne av at Vestland skal vere eit godt fylke for alle. Difor ber fylkesutvalet administrasjonen leggje fram ei sak om korleis fylkeskommunen kan heve kompetansen innan seksualitet og kjønnsidentitet, samt skape trygge møteplassar, seier fylkesordføraren, og legg til at dei høge sjølvsmordstala blant folk over 60 år er underkommuniserte, og noko vi må jobbe meir med.

Kunnskapsgrunnlag og saksframlegg

Dei konkrete tilrådingane for dei ulike sektorane i fylkeskommunen er omtalte i PS 277/2023 Sjølvmordsførebygging i Vestland fylkeskommune. Rapporten «Kunnskapsgrunnlag for forebygging av selvmord i Vestland fylkeskommune» ligg som vedlegg til saka.