Sikkerheit i sentrum då anleggsbransjen tok over undervisinga på Os
Brannsløkking av gravemaskin i full fyr, sikring av løfteoperasjonar, førstehjelp og trafikkdirigering er berre noko av det som stod på timeplanen på Os vidaregåande skule sist veke.

Klasseromma vart bytte ut med reelle arbeidssituasjonar då bygg- og anleggsbransjen rykka inn og overtok undervisninga. Til saman bidrog 55 fagpersonar frå rundt 20 bedrifter, og 79 elevar deltok på sikkerheitsveka.

– Hensikta er å sikre fagleg påfyll til både tilsette ved skulen og elevane, og ikkje minst å førebu dei på kva som møter dei av sikkerheitsrelaterte ting når dei kjem ut i arbeidslivet, seier Øyvind Flø-Kvamsås i opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga (OKAB).
Ei motivasjonsveke
Det var første, men ikkje siste, gong dei arrangerte noko slikt på Os vgs. Elevane vart delte inn i grupper på tvers av dei vanlege klassane og gruppene sine, og også elevar frå Stend vgs. deltok. Det var lagt opp til undervisning på stasjonar, og både tavler og anna utstyr var flytta ut i telt for anledninga. Teorien var tett knytt til praktiske øvingar.

– Vi la det til våren for no har elevane vore utplasserte, og veit kva som går seg ute i bransjen. Dei byrjar også å bli litt leie og treng repetisjon før eksamen, og før dei skal ut i lære. Det var rett og slett ei motivasjonsveke, og no går vi for minst like bra opplegg neste vår, fortel Lasse Svellingen, avdelingsleiar for anleggsteknikk på Os vgs.

Fekk ta pulsen på ein arbeidskvardag
Sikkerheitsveka var eit samarbeid mellom skulen, opplæringskontoret og næringslivet. Det overordna målet er å redusere risikoen når elevane kjem ut i arbeidslivet, å sikre dei både ei sikker læretid og ein sikker arbeidskvardag. Eit anna viktig element er å gje skulen faglege innspel til å utvikle seg vidare som ein viktig leverandør av arbeidskraft til anleggsbransjen.
– Det er sinnsjukt kult at vi har ein fylkeskommune og ein skule som gjer dette. Den raude tråden er få ungdomane til å ta innover seg kva dei skal vere med på når dei kjem ut i arbeidslivet. Når bransjen kjem inn og overtek undervisninga slik som her, får elevane verkeleg teke pulsen på korleis det er. Eg trur også lærarane lærte mykje, og det gjorde òg vi frå opplæringskontoret, seier Geir Boge, som er dagleg leiar for OKAB i Hordaland og Nord-Rogaland.

1200 instruktørtimar
Elevane var innom til saman 17 stasjonar i løpet av sikkerheitsveka, og avdelingsleiaren på Os skryt av bransjen som stilte med både folk og mykje kostnadskrevjande utstyr og materiell.
– Bransjen stilte opp med enorme verdiar, og dei leverte 1200 instruktørtimar, noko som tilsvarer eit millionbeløp. Det seier noko om kva bransjen har stilt opp med her. Det er lagt ned ein enorm innsats for skulen og for elevane, og alle seier dei er med att neste år. All honnør til bransjen, slår Svellingen fast.

Torsdagen i sikkerheitsveka hadde skulen invitert politikarar og andre på besøk, blant anna for å delta i ein panelsamtale om framtida til skulen og anleggsfaget. Fylkesvaraordførar Natalia Golis var ei av dei som deltok, saman med mellom andre stortingsrepresentant Helge-André Njåstad.

Får dokumentasjon på opplæringa
Ein anna element med sikkerheitsveka er at elevane skal få dokumentasjon på det dei har vore gjennom av opplæring, som til dømes graving av grøft og arbeid nær straumførande kablar. Det er krav i anbodsprosessar til slik dokumentasjon, og det er også det første politiet etterspør ved ei ulukke eller uønskt hending.

– Eit fagbrev dokumenterer at du er flink i jobben og gjer arbeidet ditt på ein god måte, men gir deg ikkje lov å jobbe med ulike typar farlege maskiner og utstyr. Då treng du dokumentasjon på opplæring. Det er heile substansen og tyngda i bransjen, seier Svellingen.
Han fortel vidare at dei har hatt evalueringar etter kvar stasjon, og at dei 79 elevane som deltok har svart på til saman 4000 spørsmål. Tilbakemeldingane er gode, med ein skår på 4,5 av 5 moglege og ønske om endå meir praksis. Det tek både skule, opplæringskontor og næringa med seg inn i planlegginga av neste års sikkerheitsveke.