Regjeringa må ikkje flytte statlege arbeidsplassar frå Bergen

– Vi ber regjeringa gjere om vedtaket om å flytte arbeidsplassar i Fiskeridirektoratet frå Bergen og dermed splitte fagmiljøet. Det seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke ei fråsegn mot utflytting av statlege arbeidsplassar.

Bygning til Fiskeridirektoratet utvendig med inngangsparti.
NEI TIL UTFLYTTING: Fylkestinget krev at arbeidsplassane i Fiskeridirektoratet framleis skal vere i Bergen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Fylkestinget slutta seg samrøystes til fråsegna, som vart fremja av Silja Ekeland Bjørkly (H). Regjeringa har vedteke å flytte sentrale leiarstillingar i Fiskeridirektoratet i Bergen til Bodø og Tromsø. Det reagerer fylkespolitikarane i Vestland på.

Sterkt uroa

– Vi er sterkt uroa over at regjeringa vil flytte stillingar frå Bergen og at tilsetjingar på eventuelt nye arbeidsområde som regel skal skje utanfor dei store byane. På sikt kan dette vedtaket medføre ei uheldig oppsplitting av fagmiljøa i Bergen. Vi vil peike på at arbeidsplassane i Fiskeridirektoratet alt er utflytta arbeidsplassar. Vi ser difor ingen grunn til at dei skal flyttast til Nord-Norge, seier Askeland.

Det var i førre månad regjeringa endra «Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon». Desse opnar for utflytting av statlege arbeidsplassar frå Bergen, Stavanger og Trondheim.

For stor opphoping

Fylkesordføraren understrekar at utfordringa ikkje er at det er for mange statlege arbeidsplassar i Bergen, men at det er for stor opphoping av direktorat og tilsyn i Osloområdet.

– Vi stillar oss undrande til at regjeringa ikkje viser vilje til å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo, men heller flyttar statlege jobbar frå Bergen, Trondheim og Stavanger til andre byar i Norge. Vi ber difor regjeringa endre retningslinjene, slik at statlege arbeidsplassar ikkje kan flyttast frå dei andre store byane utanom Oslo, og slik at det framleis opnar for nye statlege arbeidsplassar i Bergen, Stavanger og Trondheim, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Havforskingsinstituttet utvending,
Fylkestinget vil samlokalisere Havforskingsinstituttet (biletet) med Fiskeridirektoratet i Bergen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Samlokalisering i Bergen

I tillegg til at fylkestinget ber regjeringa gjere om vedtaket om å splitte fagmiljøet i Fiskeridirektoratet, ber fylkestinget regjeringa stadfeste målet om samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen for å styrke det beste kompetansemiljøet i verda innan fiskeri og havbruk.