Byggestart for skredsikring av Heilevang i 2024

Fylkestinget har godkjent den nye kostnadsramma for tunell og skredsikring på fv. 609 Heilevang, og byggestart for det prioriterte skredsikringsprosjektet blir i 2024.

Smal vegstrekning med fjellvegg på venstre side og rekkverk på høgre side, fleire tre, buskar, stein og grus har rast ned på vegen. To bilar står i vegbana foran raset, ein bilar står på andre sida av raset. Bak denne er det meir nedfall av tre og stein i vegen, en bil står bak der igjen. Grått ver, regn. Ein mann i oransje arbeidsklede går mot det første raset.
Strekninga på fv. 609 mellom Heilevang i Sunnfjord og Hestvika i Askvoll kommune er svært utsett for ras og steinsprang. No vil fylkeskommunen starte rassikringsarbeidet i første del av 2024. foto: Skule Jacobsen/Vestland fylkeskommune

Det var i møte 15. mars at fylkestinget i Vestland godkjente kvalitetssikra kostnadsramme for prosjektet, etter at det vart vedtatt i budsjett 2023/økonomiplan 2023-2026 for fylket i desember.

Prioritert prosjekt

– Vi er veldig glade for å gjere endeleg vedtak for Heilevang og komme i gang med rassikring. Folk i Askvoll og Sunnfjord lever med stor usikkerheit knytt til ferdselen sin og har kjempa for trygg veg, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Vi skal ha trygge kvardagsvegar i Vestland, både for folk og næringsliv. Med oppstartsvedtaket for rassikring av Heilevang, tek vi eit viktig steg vidare i dette arbeidet, legg han til.

Fv. 609 mellom Heilevang i Sunnfjord og Hestvika i Askvoll kommune er mykje utsett for ras og nedfall av stein, og vart prioritert på topp i Regional transportplan for Vestland i juni 2022. No er finansieringa på plass og godkjent.

Tunell og fjellsikring

Skredsikringa gjeld 3,7 kilometer fylkesveg, med fjellsikring og 2,4 kilometer tunell. Den kvalitetssikra kostnadsramma er 1 077 millionar kroner.

Vestland har mange skredutsette fylkesvegar, og til grunn for prioriteringane i Regional transportplan ligg nasjonal skredfaktor, men også trafikkmengd, rasfrekvens og regionale og lokale samfunnsverknadar av stengt veg. Ved Heilevang gjev omkøyringsvegen opptil ein time ekstra reisetid ved stengt veg.

Fylkeskommunen set no i gang anbodsprosessen for dette store prosjektet, og siktar på byggestart første kvartal i 2024.