Opna verkstad og ridehall til nye Førde vidaregåande skule

Fylkesordførar Jon Askeland opna fredag 26. mai eit nytt verkstadbygg med tilhøyrande administrasjonslokale og ein ny ridehall på skulestaden Mo ved nye Førde vidaregåande skule.

Fylkesordførar Jon Askeland klipper ein snor i dei norske fargane. Til venstre står konstituert eigedomsdirektør, Jan Tore Rosenlund og til høgre står rektor ved Førde vidaregåande skule, Mats Bryne. Bak dei står publikum.
KLIPTE SNORA: Fylkesordførar Jon Askeland klipte snora og opna verkstaden og ridehallen på Mo saman med konstituert eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund (t.v.), og rektor ved Førde vidaregåande skule, Mats Bryne. (Foto: David E. Antonsen, Firda).

På Mo har det vore landbruksundervisning i over 165 år, og desse fantastiske nye lokala er viktige for både elevar og tilsette, og ikkje minst for rekrutteringa til skulestaden Mo, seier Askeland. 

Frå hausten 2023 blir Mo og Øyrane vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule slått saman til ein skule: Førde vidaregåande skule. Skulen blir geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i nybygget i Førde sentrum. No har skulestaden Mo fått nye lokalar for både elevar og tilsette ved skulen. 

Behov for oppgraderingar

Dei gamle verkstadbygga på Mo var små og hadde behov for oppgraderingar. Det nye verkstadbygget har mange nye funksjonar som til dømes vaskehall, mekanisk gardsverkstad, treverkstad og materiallager med meir.  

I tillegg var det behov for eit nytt administrasjonsbygg med kontor til drift, eigedom og lærarar. Det er også bygd tre klasserom med garderobe til både elevar og lærarar. Til saman har dei nye bygga eit samla areal på ca. 2500 kvadratmeter. 

Harald Kapstad har vore totalentreprenør for prosjektet, og dei har hatt med seg Arki Arkitektar AS. Arbeidet med bygga starta hausten 2021 og var ferdig i februar 2023. 

Ny ridehall

Den nye ridehallen har ei ridebane på 20x60 meter med tilhøyrande tribunar for publikum. I tillegg er det eit undervisningsrom, salmakarrom, rom for skoing og hovpleie og garderobar.  

På Mo kan elevar kome tett på hestar gjennom linja vg1 naturbruk hesterett og vg2 heste- og dyrefag