Opna 29 000 kvadratmeter skule i Førde

Etter to år med bygging og undervisning i ei rekke midlertidige lokale, er Førde vidaregåande skule no teken i bruk, og nøkkelen er overrekt til rektor.

Mann i bunad og mann i dress held stor nøkkel mellom seg.
NØKKEL: – Vi er digitale, men dette er symbolikk, slo fylkesordførar Jon Askeland fast då han overrekte nøkkelen til skulen til rektor Mats Bryne. Nøkkelen er laga på ein laserskjerar av elevar ved skulen. (Alle foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Det starta for ti år sidan, med ein skulebruksplan i Sogn og Fjordane. Sidan den gong har det gått slag i slag med politiske vedtak, økonomiske løyvingar og mange fasar. Men no er Førde vgs. ein realitet, med sine nesten 29 000 kvadratmeter, rundt 1000 elevar og to skulestadar – på Øyrane i Førde sentrum og på Mo, 11 km lenger aust. Skulen erstattar Mo og Øyrane vgs. og Hafstad vgs. og er ein av dei største i Vestland.

– Gratulerer med denne merkedagen. Dette er eit signalbygg i ordets rette forstand. Det signaliserer at Vestland fylkeskommune meiner alvor i Sunnfjord-regionen, og at vi ønskjer å tilby elevar og tilsette dei beste føresetnadane for læring. Og det signaliserer at Vestland tek opp arven etter Sogn og Fjordane som «utdanningsfylket», sa Jon Askeland.

Oversiktsbilde frå fellesrom på Førde vgs.
Hjarterommet er sjølve hjarta på Førde vgs. Her er kantine og fellesareal, der elevar og tilsette kan møtast på tvers av fag og trinn.

Mykje godt samarbeid

Av dei 29 000 kvadratmeterane er om lag 20 000 nybygg. Resten er gjenbruk av gamal bygningsmasse, og i tillegg til ny skule rommar anlegget på Øyrane også ny offentleg tannklinikk, som skal stå klar litt seinare i haust. Entreprenør har vore Consto Bergen AS, som har hatt totalentreprisen på prosjektet, og Sunnfjord kommune har vore ein viktig samarbeidspart.

Korridor på skule.
Mykje av bygningsmassen frå Mo og Øyrane vgs. er teken vare på og restaurert, som her. Gamal og ny del er samlaust bygd saman.

– Eg vil takke både Consto og kommunen for eit veldig godt samarbeid. Kommunen har utfordra oss og heia på oss, sa konstituert eigedomssjef i Vestland fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund.

Han slo også fast at samarbeidet med Consto har vore både tett og godt i ein byggeprosess der pandemi og krig vart uføresette dimensjonar. Fylkeskommunen og kommunen har samarbeida om blant anna folkeparken, som no tek form ved sidan av skulen. Kommunen tek også over bygningane til Hafstad vgs. og har ein samarbeidsavtale med fylkeskommunen om bruk av det nye idrettsbygget ved Førde vgs.

Idretthall.
Idrettsanlegget på nyeskulen skal brukast både i og utanfor skuletida, av kommunen, idrettslag og andre organisasjonar. I hallen er det også moglegheit for å dra ut tribuner til om lag 1000 personar, noko skulen testa ut under skulevaldebattane no i haust.

Populær kantine

Den symbolske nøkkelen til bygget gjekk først frå eigedomssjefen til fylkesordføraren, som igjen overrekte han til brukarane av bygget, representert ved rektor Mats Bryne. Vel to veker etter skulestart fortel han at dei framleis er i ein innflyttingsprosess.

– Det er jo ekstremsport å opne ein slik skule med både innflytting og skulesamanslåing. Vi har jobba lenge med førebuingar, og det har vi nytte av no. Det som er kjekt er å sjå korleis elevane tek skulen i bruk. Dei bruker kantina mykje, såpass mykje at vi har måtta bestille meir møblar. Vi har mange butikkar rundt oss her, og då er det ekstra kjekt å sjå at elevane faktisk vel kantina, seier Bryne.

Sjølv startar han kvar skuledag med å ønskje elevane god morgon ved kantina, og han legg ikkje skjul på at det er spennande å slå saman skular og fusjonere elevgrupper.

– Elevane har sagt at dei gler seg til å vere ilag. Tidlegare har dei blitt delte på to vidaregåande skular etter ungdomsskulen, men vi ser no at dei opplever verdi i og har glede av å vere ilag på dei to skulestadane våre, seier han.

To menn og ei kvinne held stor nøkkel.
Rektor Mats Bryne saman med leiar og nestleiar for hovudutval for opplæring og kompetanse, Karianne Torvanger og Åsmund Berthelsen.

Nytt, stort og veldig fint

Førde vgs. er ein av dei største vidaregåande skulane i Vestland. Det merkast, ifølgje Malin Laugen frå Naustdal, som går vg2 helsefagarbeidar.

– Det er mykje nytt og stort og litt vanskeleg å finne fram no i starten, men det er veldig fint. Det er flott med alt i same bygg, vi slepp ut og inn av ulike bygg. Og det er kjekt med dei fine fellesareala, i kantina og hjarterommet kan vi møte og vere med folk frå andre linjer, fortel ho.

To kvinner sitjande i trapp.
Elev Malin Laugen saman med miljøkoordinator Renate Hestenes i trappa i hjarterommet på skulen.

Malin tykkjer, som rektor, at det er positivt at alle elevane i kommunen blir samla på ein vidaregåande skule, ikkje på ein studiespesialiserande og ein yrkesfagleg skule.

– Tidlegare var det ein del som valde linjer utifrå kvar vennene deira skulle gå og kanskje ikkje utifrå kva dei sjølve ville. Det slepp vi å tenkje på no, når alle uansett er samla på ein skule, seier ho.

Elevar forsyner seg frå kakebord.
Det vart servert kake, kaffi og saft til alle elevar og tilsette på opningsdagen for Førde vgs.

Ny og fin restaurant

Eric Milde går vg2 kokk og nytta opningsdagen til å laga snittar til dei inviterte gjestene. Han er også nøgd med å ha fått samla alt av undervisning i eit bygg og har funne seg til rette blant dei rundt 1000 medelevane.

– Det er stor skilnad frå kva eg er vant til heime i Våge i Askvoll, der eg gjekk på ein skule med 50 elevar frå 1. til 10. trinn. Men eg stortrivst. Ein ser folk heile tida, og det er alltid nokon å vere med. På kokk har vi fått ein ny og fin restaurant med eige baristaområde, og det er snakk om å få ein barista frå Friele hit for å undervise. Det gler eg meg til, seier han.

Ungdom framfor kantine.
Eric har funne seg godt tilrette som ein av rundt 1000 elevar på Førde vgs.

Rommar framtida

Då det vart servert kaker, kaffi og saft til alle elevar og tilsette i hjarterommet før den offisielle opninga, nytta fylkesordførar Jon Askeland høvet til høyra med elevane sjølve korleis dei har funne seg til rette på Førde vgs.

– Dette skal bli ein attraktiv skule for elevar, framtidige elevar og tilsette. Det blir sagt at ein skule er ein bygning med fire veggar, tak og golv, og med framtida inni seg. Og denne skulen skal forme framtida, avslutta han i talen sin.

Sjokoladekake.
5. september 2023 vart ein merkedag i Førde. Då opna nye Førde vgs., som samla dei vidaregåande skulane i sunnfjordsbyen.